Sesongmedarbeidar Flåmsbana 2018

Sesongmedarbeidar Flåmsbana 2018

For sesongen 2018 (april-oktober) har me følgjande ledige stillingar.

FLÅM  UTVIKLING AS er eit reiselivsselskap med ansvar for produktutvikling, sal og marknadsføring av Flåmsbana, ein av Noregs største og mest spektakulære turistattraksjonar.

Flåm Utvikling AS er eit selskap eigd av Aurland Ressursutvikling AS og NSB. Vårt team består av 12 tilsette samt omlag 30 sesongarbeidarar i hovudsesongen mai-september

Kundebehandlarar: Sal av billettar for Flåmsbana og NSB. Booking og kundeservice på Flåm stasjon, på telefon og e-post. Ta imot gjester ved ombordstiging på Flåm Stasjon. Gode kunnskapar i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg, er påkravd. Kjennskap til andre framandspråk sjåast på som ein fordel, men er ikkje påkravd.

Servicevertar: Vertskap på Flåm stasjon, Myrdal stasjon og om bord på toga. Arbeidsoppgåvene består mellom anna av guiding, organisering og assistanse med bagasje. Gode kunnskapar i norsk og engelsk munnleg er påkravd. Kjennskap til andre framandspråk sjåast på som ein fordel.

Sykkelbua: Ansvar for mottak og sending av syklar, bagasje og anna gods til og frå Flåmsbana, samt reinhald av stasjonsområdet og togvogner utvendig. Gode kunnskapar i norsk og engelsk munnleg er ein fordel.

Reinhald: Reinhald av kontor, toalett, venterom, personalbustad og togvogner.

Me søkjer personer som har ein utprega stå på vilje, er serviceinnstilt og som vil trivast i eit hektisk, men godt arbeidsmiljø. Løn og andre vilkår etter avtale.

For nærmare opplysningar kontakt Malin Eskilsson på eller tlf. 989 05 949.

Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden april-oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåm Utvikling kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.

Søknad sendes til

Søknadsfrist  11.feb

Flåm AS er en av Norges ledende reiselivsaktører, og er det største reiselivsmålet i Norge utenom de store byene. Flåm AS og tilknyttede selskaper driver reisemålsutvikling med globalt salg og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafè, restauranter, Flåmsbana og fjordsightseeing, kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjoner.

Samlet omsetning i selskapa er rundt 400 millioner. Det er i dag 62 heltids ansatte i Flåm AS og 200 sesongarbeidere. Organisasjonen har god lønnsomhet og er i stor vekst. Vi vil bygge vårt konkurransefortrinn gjennom å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnere.