Hopp til innhald

Myrkdalen Hotel er eit moderne fjellhotell på Voss og ligg berre to timar frå Bergen. Hotellet ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena.

Hotellrom

Myrkdalen Hotel har mange romtypar, så her kan ein finna noko som passar for familiar, grupper og par. I tillegg til standardrom har me sju elegante suiter, ei rekkje junior-suiter, familierom og 24 handikaprom.

Bestill no

Buss
Bil
Sykkel
Vandring
Guiding
Servering
Overnatting
Event
Tursti
Landskap
Frå kr 1590,-

Snøsikre Myrkdalen

Myrkdalen Hotel har tre restaurantar

På eit moderne fjellhotell skal du ha det godt. Me tilbyr matopplevingar på heile tre restaurantar.

Det er enkelt å reisa til Myrkdalen

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss Kommune, berre to timar unna Bergen, Sogndal og Geilo.

Med tog
Voss Jernbanestasjon er ein av stasjonane langs Bergensbana som går mellom Oslo og Bergen. Frå Bergen tek det 1,5 time og frå Oslo 5 timar. Legg til 30 minutt med bil og du er framme i Myrkdalen Fjellandsby. Du finn togtider på www.nsb.no

Gratis skibuss
Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen.

Med bil
Myrkdalen ligg to små timar unna Bergen, frå Oslo tek det ca 6 timar. Frå Voss sentrum køyrer du på E16/ RV 13 mot Sogn. På Vinje tek du mot Vik/Myrkdalen i rundkøyringa. Myrkdalen Fjellandsby ligg då på venstre side av RV 13 etter 9 km.

Velvære på Myrkdalen Hotel

Kva er vel ikkje betre enn å få ein god massasje etter ein lang dag full av opplevingar? På Myrkdalen Hotel kan du få ulike typar massasje og timane vert sjølvsagt tilpassa dine ynskjer og behov.

Afterski

Myrkdalen er kjend for snø av ypparste kvalitet og i store mengder. Namnet Pudder Afterski heidrar derfor varemerket vårt. Her byr me på fest og moro i helgene i vintersesongen.