Hopp til innhald

Staden for dei storslåtte natur- og kulturopplevingane. Heilt sidan 1896 har Vatnahalsen vore eit ynda reisemål for nordmenn og europearar på jakt etter ein fristad til fjells. Her skal du kunne kome året rundt og finne ei heimekoseleg stemning, ei god seng, eit godt måltid og eit gjestfritt vertskap.

Romma

Vatnahalsen har 40 rom, inkludert 7 enkeltrom, med totalt 75 senger i hovudbygget. Dette er lyse og trivelege rom med utsikt mot naturen rundt hotellet. Dei fleste dobbeltromma har plass til ekstraseng, og i perioda juni–september tilbyr me også ekstra rom på annekset, som ligg ca. 150 meter frå hotellet.

Bestill no

Tog
Sykkel
Vandring
Servering
Overnatting
Tursti
Kultur/ historisk
Landskap
Utkikkspunkt
Fotostopp
Frå kr 1570,-

Ein forfriskande tidskapsel

1896

Vatnahalsen vart opprinneleg bygd som eit sanatorium i 1896, men det vart aldri brukt for det formålet. Istadenfor vart det eit populært Hotel på grunn av Bergensbana. Etter at Bergensbana varte opna i 1909, spesielt etter at Flåmsbana vart tilknytta Bergensbana i 1940, vart Vatnahalsen ein populær vinter destinasjon

Midt på 1980-tallet

Sakte men sikkert frå midten av 1980 åra, vart det veldig populært å sykle på den gamle vegen langs  Bergensbana om sommaren og besøkstalet på hotellet økte drastisk. I dag er Rallarvegen sett på som ein av de finaste sykkelvegane i Noreg.

Adkomst

  • Vatnahalsen Hotel er kun tilgjengeleg med tog, anten frå Flåm eller Myrdal stasjon om vinteren
  • Frå midten av mai – september kan du gå eller sykle via Rallarvegen

Rutetider Flåmsbana

Rutetider Flåmsbana 2018

Fakta

  • Hotellets gjestebok frå 1930 viser korleis Nordmenn, Tyskarar og Nederlandske skigåara opplevde Vatnahalsen. På grunn av dei stupbratte fjella og adkomsten med tog, begynte mange av gjestane å titulere området som Nordens St. Moritz.
  • IKKJE prøv å køyre 'geitestien' til Vatnahalsen. I 2014 køyrde nokre turistar ein heilt ny leigebil opp og ned sykkelråsa. Resultatet endte med massive skadar på bil, stoltheit og ikkje minst lommeboka.