Hopp til innhald

eMobility – elektrisk leigebil

Bestill no! Frå kr 1500,–

Leig ein liten men sprek elbil, og opplev området rundt Flåm. Det er lett å kome seg fram med dei grøne bilane – uten at du set spor etter deg. Ingen CO2-utslepp, berre rein moro!

Urban Green tosetar

Ein Renault Twizy tek deg tett på naturen slik at du kan utforske i fred og ro. Bilen har ope førarhus og to sete, og er perfekt for å dele ei flott ferieoppleving med ein ven.

Twizy er heilelektrisk, tek lite plass og er enkel å køyre og parkere. Bilen er utstyrt med trepunkts tryggleiksbelte og kollisjonspute. Han er svært trygg, og du får nødvendig opplæring før du køyrer av garde. Hugs gyldig førarkort. Barn må vere over 15 kg.

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Bil
Guiding
Kultur/ historisk
Landskap
Nasjonal turistveg
Utkikkspunkt
Fotostopp
Frå kr 1500,-

eMobility – mobilitet med eit smil!

Ein forfriskande tur til Stegastein utsiktspunkt

Dersom du likar panoramautsikt frå høgt terreng, er dette turen for deg. Du startar med å køyre i retning den sjarmerande bygda Aurlandsvangen og deretter oppover mot det høge utsiktspunktet på Stegastein. På Stegastein, 650 meter over havet, er det panoramautsikt over fjorden og fjella. Dersom du køyrer litt lenger opp, kan du gå ut av bilen og ta ein kort spasertur i friluft for å oppleve praktisk talt urørt norsk villmark. 

På turen frå Flåm til Stegastein har du panoramautsikt i alle retningar – ein verkeleg spennande tur 

Ein "elektrisk" tur langs elva

Det kan vere hardt å reise mot straumen, men denne turen er barnemat! Køyr i ein elbil til kjelda av fornybar vasskraft, som leverer rein elektrisitet til ein stor del av Noreg. Denne turen med elektrisk historie tek deg med gjennom den sjarmerande bygda Aurlandsvangen før du følgjer elva langs ein frodig dal, og til du må snu i Vassbygdi.

Stopp for ein matbit ved elvebreidda, og nyt den vakre utsikta over det overveldande landskapet.

Lengd

Du leiger elbilen i to timar om gangen, og har to tilpassa turar å velje mellom. Den eine turen er til Stegastein utsiktspunkt, og den andre er til Aurlandsvangen og Vassbygdi.

Førarkort

Hugs å ta med deg gyldig førarkort. Barn må vere over 15 kg.

GPS og audioguide

Du kan leggje bort kart og guidebok og høyre på GPS-audioguiden i bilen som snakkar til deg medan du køyrer gjennom verdsarvlandskapet. Kjem med gode tilrådingar og viser deg dei beste stadene å stoppe! Bilane er utstyrte med audioguiding på norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk.

Tryggleik i høgsetet

Noreg har streng veglovgiving, og brot på lovene kan gi store bøter. 

Du må rekne med at det er mange turistar i vegbana, anten til fots eller på sykkel, og difor må du hugse å køyre etter forholda.