Hopp til innhald

Fjord Cruise Hjørundfjord

Bestill no! Frå kr 350,–

Oppdag dei majestetiske Sunnmørsalpane frå den storslegne og 35 km lange Hjørundfjorden i Møre og Romsdal, mellom Ålesund og Øye. Her reiser du gjennom vill natur i eit dramatisk, barskt, variert og historisk rikt fjordlandskap.

Hjørundfjorden

Hjørundfjorden er kransa av bratte fjell som stig vertikalt opp frå fjorden med toppar som strekkjer seg 1700 meter over havet. Fjorden deler Sunnmørsalpane i to. Det ligg små bygder på begge sidene av fjorden, nokre utan vegsamband. Nokre av desse bygdene er uendra og ekte, for i hundrevis av år var båten det einaste framkomstmiddelet for menneska som budde her.

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Båt
Kultur/ historisk
Landskap
Frå kr 350,-

Opplev dei majestetiske Sunnmørsalpane

Trandal

Fjordcruiset er ei vakker reise gjennom Sunnmørsalpane, mellom Ålesund og Øye, der du kan gå om bord eller gå i land i Trandal. Dei seinare åra har Christian Gaard Bygdetun i Trandal husa ein av dei mest iaugefallande og besøkte musikkfestivalane på Vestlandet. Kjende nasjonale og internasjonale artistar som The Blues Brothers og Adam Douglas har blitt begeistra for det mektige landskapet og atmosfæren i Trandal, og kjem attende, år etter år.

Øye

Fjordcruise Hjørundfjorden er eit perfekt knutepunkt for å utforske regionen, anten du reiser til eller frå Geiranger, utforskar den vakre jugendbyen Ålesund eller sjekkar inn for nokre dagar på det historiske og legendariske Hotel Union Øye. I området rundt Øye kan du om sommaren utforske ruinar av gardar under vatnet i Norangsdalen, eller bu nokre dagar ved fjorden med fiskestong.

Fakta

Sunnmørsalpane er eit paradis for livsnytarar og andre som driv med offpiste, fjellklatring og trening. Her finn du storslegen natur og kulturopplevingar både sommar og vinter, anten det er på stranda, i byen eller inst i fjorden.

Stoggar på anten Trandal eller Urke

  • For stogg ved Trandal eller Urke, gi beskjed til mannskapet når du går om bord.
  • For ombordstigning, ta kontakt med verten ved Trandal eller Urke for å hjelpe deg med å kontakte båten.
  • Merk: Billettprisen er den same som Øye / Ålesund, kan kjøpas om bord.