Hopp til innhald

Fjord Cruise Lysefjord

Bestill no! Frå kr 340,–

Når du blir med på fjordcruise på Lysefjorden med turistferje, kan du sjå eineståande Preikestolen, Kjerag, vill og vakker natur og spennande fjellformasjonar. På den 42 kilometer lange turen innover fjorden får du sjå den fantastiske geologien og naturen som isbreane har skapt. 

Preikestolen

Lysefjorden, som ligg i Forsand kommune, er 42 kilometer lang og 422 meter djup. Når du seglar langs fjorden med turistferja kan du oppleve det fantastiske fjellplatået Preikestolen, som ragar 604 meter over Lysefjorden og er rangert som eit av dei fremste naturbaserte reisemåla i Noreg

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Båt
Servering
Kultur/ historisk
Landskap
Fotostopp
Frå kr 340,-

Opplev vakker natur – Preikestolen og Kjerag

Kjerag

Du kan også sjå Kjerag på sørsida av Lysefjorden, dette er eit anna fjellplatå som ragar 1100 meter over havet. Er du heldig kan du høyre eit smell som liknar eit skot frå fjellplatået, kjent som Kjeragsmellet, og du kan besøkje Kjeragbolten.

Natur

Fjorden er fylt med fossefall, dyreliv, dramatisk geologi og vill natur.

Fakta

I november 2017 filma dei Tom Cruise hengande frå Preikestolen i ei scene til filmen Mission Impossible: Fallout.

Praktisk informasjon

På turistbilferja kan du ta med både bil og buss, men det er avgrensa kapasitet og difor best å bestille på førehand for å sikre seg plass.