Hopp til innhald
Folk som står utanfor ved svingande skjener om bord på Future of the Fjords i den UNESCO-verna Nærøyfjorden om sommaren
3 personar på fottur langs den gamle postruta ved strandlinja i Nærøyfjorden passerer frodige grøne felt, skog og bratte fjell
Eit lykkeleg par i midten av 30-åra på syklar som klatrar seg opp grusvegen i Dyrdal mellom gamle bygningar og fiolette blomstrande tre
Bratte fjell i Nærøyfjorden speglar seg på ein sommardag medan Vision of the Fjords seglar i det fjerne
Panoramavisning av kvinne ståande framme og i midten av Future of the Fjords som seglar gjennom Nærøyfjorden om sommaren
3 veninner tek bilete av naturen i Nærøyfjorden gjennom dei store panoramavindauga om bord på Future of The Fjords
Panoramautsikt over Nærøyfjorden på toppdekket av Future of The Fjords der ei gruppe turistar nyt den dramatiske naturen
Tre veninner om bord på Future of The Fjords om vinteren tek glad selfie medan dei seglar gjennom Aurlandsfjorden
Ein ser Future of the Fjords på avstand segle roleg i lettskya vêr på den berømte UNESCO-lista Nærøyfjorden om hausten
Par i midten av tjueåra nyt utsikta frå panoramavindauge om bord i Vision of The Fjords som seglar i Nærøyfjorden
1 barn per voksen gratis!

Fjord Cruise Nærøyfjord

Bestill no! Frå kr 490,–

Det er ikkje tilfeldig at Nærøyfjorden står på UNESCOs verdsarvliste. Eit fjordcruise gjennom denne smale og vakre fjorden gir deg eit minne for livet!

Future of The Fjords passerer det bratte and spisse landemerket 'Beitelen' i Nærøyfjorden i mystisk tåkehaust

Årstider som fargar landskapet

Eit cruise på Nærøyfjorden vil vere ei uforgløymeleg oppleving uavhengig av sesong. Kvar sesong etterlèt sitt eige unike preg på fjordlandskapet: Frostfargar, kvite fjelltoppar og islagde fossar om vinteren; blomstrande lauvtre og fuglar som kvitrar om våren; grøne tre og lange, lyse netter om sommaren; og eit gyllent terreng med frisk og klar luft om hausten. Kva er favorittsesongen din? Les meir om kva du kan forvente på denne turen.

Opplev det spektakulære fjordlandskapet på UNESCOs verdsarvliste

Ein ser Future of the Fjords på avstand segle roleg i lettskya vêr på den berømte UNESCO-lista Nærøyfjorden om hausten

Vision & Future of the Fjords

Dei to fartøya Vision og Future of the Fjords representerer ein heilt ny standard innanfor design og teknologi. Dei er designa for å maksimere turistopplevinga i all slags vêr, med store vindauge og gangvegar inspirert av svingande stiar i bratt fjellterreng. Passasjerar blir oppmoda om å gå ut på øvste dekk og nyte ei heilt anna oppleving enn ein får på tradisjonelle passasjerskip. Inne finn du nordisk inspirert interiørdesign som gjev høg komfort.

Dette er miljøvenlege fartøy: Vision er eit hybridfartøy og Future er eit heilelektrisk fartøy. Begge fartøya seglar langs dei mest utsette og spektakulære delane av Nærøyfjorden, køyrer berre på batteristraum og held seg til ein fart på mindre enn 10 knop.

Kvinne i vinterklede med varm drikke som sit i vindaugskarmen om bord på Vision of The Fjords nyt UNESCO-fjordlandskapet

Seglar gjennom Nærøyfjorden

Du kan starte fjordcruiset i Flåm eller Gudvangen. Dersom du reiser frå Flåm, startar fartøyet reisa gjennom idylliske Aurlandsfjorden, som også er på UNESCOs verdsarvliste. Fartøyet held fram gjennom den smale Nærøyfjorden før den kjem til Gudvangen, heilt inst i Nærøyfjorden. Turen tek ca. to timar kvar veg.

Rutetider

Fjord Cruise Nærøyfjord 2020

Avg/Ank.: Flåm, Aurland*, Undredal*, Dyrdal*, Styvi* og Gudvangen. *Desse stoppa må bookast 15 minutt før avgong.

Fakta

  • Vikinggraver på Holmo, utanfor garden Bakka
  • I vikingtida budde det meir enn 600 menneske her. I dag bur det mindre enn 100.
  • Gudvangen – gudane sin plass
  • Enorme snøskred har kraft til å blåse ut vindauge og dører på Bakka

Om bord

Få mest mogleg ut av fjordopplevinga,
– last ned NAVIGUIDING-appen. Tilgjengeleg på Nærøyfjord.

Mat og drikke

  • Kafeen om bord serverer varme og kalde drikkevarer
  • Stort utval av bakverk og smørbrød

*Ver merksam på at The Fjords DA reserverer seg retten til å byte på fartøya i flåten med bakgrunn i vêrforhold, kapasitet og vedlikehald. Ver merksam på at slike endringar kan skje på kort varsel. Andre fartøy er kanskje ikkje like tilgjengelege for rullestolbrukarar og andre rørslehemma. Du kan få informasjon om fartøya ved å ringe kundesenteret vårt: +47 57 63 14 00

Bestill no