Hopp til innhald

Fjordsafari og vandretur

Bestill no! Frå kr 1490,–

Bli med på ein unik kombinasjonstur med Fjordsafari på Aurlandsfjorden, inkludert ein basis fjordsafaritur og ein guida vandretur til ein gard som lagar geitost.

Turinformasjon

Denne turen gir deg den ultimate fjordopplevinga. Turen er samansett av ein guida RIB-tur på UNESCO-lista Nærøyfjorden, ein vandretur på natursti og lunsj laga av kortreist mat på ein tradisjonell norsk fjellgard. Ekte norske tradisjonar kjem frå den nære kontakten mellom menneske og stad, og denne turen er laga for å syne deg det aller beste frå vårt vesle hjørne av verda.

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Båt
Vandring
Guiding
Servering
Landskap
Utkikkspunkt
Fotostopp
Frå kr 1490,-

Fjordsafari – tett på naturen

Tidspunkt

Du må møte opp for innsjekking 20 minutt før avgang for alle båtturane. Dette er fordi me skal ha tid til å kle deg og registrere deg på passasjerlista. Når det gjeld vandreturar og skreddarsydde turar skal du vanlegvis møte til fastsett tid.

Praktisk informasjon

Vi utrustar deg med naudsynt utstyr du ikkje har med sjølv, utan ekstra kostnader.

Du må kle deg etter årstida. Tenk deg at du køyrer bil i 60 km/t og held handa ut av vindauget. Det varer i to timar. Også om sommaren kan dette vere ei kald oppleving. Me tilrår at du har på varme klede uansett kva årstid det er, men det er spesielt viktig om vinteren.

Alder og storleik

Me har ikkje aldersgrense på turane våre. Me tilrår likevel at vintergjestane ikkje tek med born som er svært små, då dei kan bli nedkjølte.

Småborn (0–4 år) reiser gratis på fanget til foreldra, og treng ikkje eigen billett. Me ber deg likevel legge til ein kommentar i bestillinga dersom du tek med småborn (oppgi alder), slik at me kan ha tilgjengeleg naudsynte klede til båtturen eller eit barnesete til turar på land.

Me har eit stort utval klede, frå babystorleik til XXL.

Tryggleik

Tryggleik har førsteprioritet på turane våre. Du har på deg ei fullstendig flytedrakt i tillegg til ein redningsvest. Me har ein tryggleiksgjennomgang før turen startar. I dei 15 åra me har hatt denne drifta, er det ingen som har falle over bord. Turane våre er svært trygge, og naudutstyr er alltid med på båtturar og guida vandreturar.

Bestill no