Hopp til innhald

Bli med på ei unik oppleving i fjordlandskapet som står på UNESCOs verdsarvliste. Med RIB-båtar kjem du tett på fjorden og fjella i det vakre verdsarvområdet.

RIB-båtar

Nyt den storslegne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar når me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og på verdsarvområdet Nærøyfjorden! Med høgst 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med dei kunnskapsrike guidane våre.

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Båt
Guiding
Kultur/ historisk
Landskap
Fotostopp
Frå kr 660,-

FjordSafari – tett på naturen

Kultur

Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, og guiden deler lokale historier og segner frå området. I det vakre fjordlandskapet er det eit yrande dyreliv, og undervegs på kan vi vere heldige og sjå sel, nise og ørn.

Om vinteren

Kombiner vinterfjordsafarien eller trugeturen i Aurlandsfjella med ein vikingmeny på Ægir bryggeripub i Flåm.

Tid

Du må møte opp for innsjekking 20 minutt før avgang, for alle båtturane. Dette er for at vi skal få tid til å kle deg, og registrere deg på passasjerlista. For fotturar og skreddarsydde turar kan du vanlegvis møte opp til oppgitt avgangstid.

Praktisk informasjon

Vi sørgjer for å kle deg opp i alt det nødvendige utstyret du ikkje har sjølv, utan ekstra kostnader.

Du må kle deg etter årstidene. Tenk deg at du køyrer bil i 60 km/t og held handa ut av vindauget i to timar. Sjølv om sommaren kjennest dette kaldt. Me tilrår at du brukar varme klede alle årstider, men spesielt om vinteren.

Alder og storleik

Det er inga aldersgrense på turane våre. Me tilrår likevel at vintergjestane ikkje tek med svært små born, då dei kan bli nedkjølte.

Småborn (0–4 år) reiser gratis på fanget til foreldra, og treng ikkje eigen billett. Me ber likevel om at du legg til ein kommentar i bestillinga dersom du har med småborn (oppgi alder), slik at me kan sørgje for å ha passande klede tilgjengelege for båtturen, eller barnesete til turar på land.

Me har eit stort utval klede, frå babystorleik til XXL.

Tryggleik

Tryggleik er første prioritet på turane våre. Du har på deg ei fullstendig flytedrakt, i tillegg til ein redningsvest. Me informerer om tryggleik før reisa. I dei 15 åra med drift av turane, har ingen falle over bord. Turane våre er svært trygge, og naudutstyr er alltid med på båtturar og på fjellturar med guidar.