Hopp til innhald

Flåm sykkelutleige

Bestill no! Frå kr 380,–

Flåm er eit ideelt utgangspunkt for ein sykkeltur i vakre omgivnader. Leig sykkel for ein dag og opplev området på eiga hand. Anten du vel å sykle langs Aurlandsfjorden eller vil utforske Flåm gamle sentrum, er terrenget flatt og passar for dei fleste.

Gang- og sykkelveg til Otternes gard

Otternes gard ligg midt mellom Aurland og Flåm, og er eit fint mål for ein sykkeltur. Følg gang- og sykkelvegen frå Flåm. Du syklar i flatt terreng og kjem tett på den storslåtte naturen. Sykkelvegen går langs Aurlandsfjorden, under bratte fjell. Etter ca. 4 km kryssar du hovudvegen og held fram på ein 300 m lang grusveg opp til bygdetunet. Tunet har røter som går heilt tilbake til 1600-talet, og er kransa av eit frodig landskap med ei fantastisk utsikt over Aurlandsfjorden. Ein flott stad å berre nyte stilla og dei vakre omgivnadene

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Sykkel
Tursti
Kultur/ historisk
Landskap
Utkikkspunkt
Fotostopp
Frå kr 380,-

Elsykkel eller vanleg sykkel – valet er ditt!

Flåm kyrkje

Flåm kyrkje er ei stavkyrkje frå 1670, i Flåm gamle sentrum. Med særeigne dekorasjoner på veggane i kyrkjeskipet. Diktaren Per Sivle er fødd på nabogarden, og her kan du sjå bautasteinen som er reist til minne om han.

Brekkefossen

Om du syklar frå Flåm stasjon og held deg på høgre side av elva, kjem du til den vakre Brekkefossen der du kan stoppe ved sidan av vegen. Følg den merka ruta i ca. 15–20 minutt frå Brekkefossen, med utsikt til Flåm hamn og Flåmsdalen.