Hopp til innhald

Opplev Flåm Zipline, den lengste ziplinen i norden på heile 1381 meter. Kjenn pulsen stige når du set utfor det 305 meter høge stupet ved Vatnahalsen i nærleiken av Bergensbana og Flåmsbana. Ziplinen stoggar i Kårdalen ved "Rallarrosa Stølsysteri" i den øvste delen av Flåmsdalen. Velkomen til ei RÅ oppleving!

Vatnahalsen

Mellom aust og vest, der Skarvheimen møter Sognefjorden og Bergensbanen møter Flåmsbana, liggjer Vatnahalsen (820 moh.). Her befinner du deg midt i det Vestnorske fjordlandskapet – eit av verdas mest spektakulære områder.

Bestill no

Nordens lengste zip line: 1381 meter

Topp hastigheit: Omlag 100 km/t

Høgde forskjel: 305 meter

Ope tider: 10:00 - 17:00

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Frå kr 700,-

Rallarosa Stølsysteri

Adrenalinet pumpar fortsatt når du 'landar' ved Rallarrosa Stølsysteri i enden av ziplinen. Bruk tida her til å dele opplevinga med andre og senk pulsen med velsmakende ost, snacks, eit lett måltid og drikke mens du tek inn dei fantastiske omgjevnadane

Me ystar brun og kvit tradisjonsost av fersk, rå geitemjølk. Geitene på stølen kjem frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og Dalsbotten, en gard omlag 10 km lenger ned i dalen. Me er på stølen i perioda mellom juni og september.

Enveis tog billettar og transport frå Kårdal

  • *Me anbefalar å bestille tog billett før du bestiller Zipline tur, då det i travle perioder kan være noko lavare kapasitet på Flåmsbana.
  • Bruk denne lenkja for å booke enveis billettar på Flåmsbana
  • Notis: Om du ikkje kan gå eller sykle tilbake til Flåm, har vi eit begrensa antall plassar for transport (Max. 8 passasjerar).
  • PARKERING KUN nær stasjonsområdet i Flåm (Gratis Parkering).

Praktisk informasjon

  • Minimumsvekt 25 kg.
  • Maksimalvekt 140 kg.
  • Ikkje tillate å vera rusa.
  • Helse: Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarte-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdommar som kan føra til anfall, bør du sjølv vurdera om det er forsvarleg å ta ziplinen.
  • Ved dårleg vær kan ziplinen av sikkerhetsmessige årsakar stengjast.
  • Syklar og større bagasje kan sendast ned med heisen.

Slik kjem du deg hit

  • Ta Flåmsbana opp til Vatnahalsen stasjon. Frå stasjonen er det berre eit par minuttar å gå bort til topp-punktet for ziplinen.
  • Kjem du med Bergensbana til Myrdal er det 1,5km, eller berre omlag eit kvarter å gå i retning Vatnahalsen stasjon. Eller du kan ta Flåmsbana ein stasjon, til Vatnahalsen, så er du like ved.
  • Kjem du syklande eller gåande frå fjellet på Rallarvegen, går vegen rett forbi. Sykkelen får du med deg ned i eigen heis.
  • I Kårdalen har me eit begrensa tal syklar til utleige, slik at du evt. kan sykla ned til Flåm etter ziplineeventyret.

Zipline-løypestreng-vareheis

Zipline er gammal tradisjon i Flåmsdalen, i ny drakt.

Frå høgdegardar, stølar og utmarksteigar gjekk transport av varer, ved, høy, mjelkespann og anna, ja til og med dyr, på streng.

Nokre strengar var motoriserte, medan andre gjekk på tyngdekraft.

Utallige mål ved er rent ned til botnen av dalen frå utilgjengelege skogteiger.

Det går historier om budeier som sende bukkane ned frå stølen om hausten, når paringa var over og dei berre gjorde ugagn. Det hende folk og tok heisane…

Så, løyp i strengen!