Hopp til innhald

Flåmsbana er skildra som ei av dei mest spektakulære togreisene i verda, og er ein av dei mest populære turistattraksjonane i Noreg. Toget går frå enden av Aurlandsfjorden, ein sidearm av Sognefjorden, og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon. På denne reisa viser den vakre vestlandsnaturen seg frå si beste side.

Flåm–Myrdal–Flåm

Innan ein liten time tek toget deg frå havnivå ved Sognefjorden i  Flåm  til høgfjellsstasjonen  Myrdal  på Hardangervidda,  867 meter  over havet. Myrdal stasjon er også eit stopp på Bergensbanen, så Flåmsbana korresponderer med dei fleste tog mellom Bergen og Oslo. 

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Tog
Guiding
Kultur/ historisk
Landskap
Utkikkspunkt
Fotostopp
Frå kr 440,-

Opplev ei av dei vakraste togreisene i verda

Utruleg ingeniørkunst

Flåmsbana  er ei av dei brattaste toglinjene i verda på normalspor, der nesten 80 % av lengda har ei stiging på 5,5 %. Togturen går gjennom spektakulær natur, forbi  Rallarvegen, stupbratte fjellsider, skummande fossefall og gjennom 20 tunnelar, og har så mange utsiktspunkt at det for mange ikkje er nok med berre ein tur. 

Over heile verda

National Geographic Traveler Magazine  har kåra Flåmsbana til  ei av topp 10 togreiser i Europa , medan  Lonely Planet Traveler i 2014  gjekk endå lenger og kåra Flåmsbana til  den beste togreisa i verda!

Rutetider og kontakt info

Flåmsbana 2018

E-mail:

Tlf: +47 57 63 21 00

Fakta

  • Flåmsbana er 20 km lang
  • Ho har 20 tunnelar
  • Det tok 20 år å byggje ho
  • Ho kosta om lag 20 millionar kroner (og blei fullført i 1940)
  • Nålitunnelen (cirka 1300 meter) mellom Kårdal og Pinnalia tok det 11 år å byggje

Bergensbana

For kombinerte reiser med Flåmbana og Bergensbana (Oslo), vennligst kjøp billetten på www.nsb.no