Flåmsbana er skildra som ei av dei mest spektakulære togreisene i verda, og er ein av dei mest populære turistattraksjonane i Noreg. Toget går frå enden av Aurlandsfjorden, ein sidearm av Sognefjorden, og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon. På denne reisa viser den vakre vestlandsnaturen seg frå si beste side.
Billettinformasjon: Rundtur med umiddelbar retur

Flåm–Myrdal–Flåm
Innan ein liten time tek toget deg frå havnivå ved Sognefjorden i Flåm til høgfjellsstasjonen Myrdal på Hardangervidda, 867 meter over havet. Myrdal stasjon er også eit stopp på Bergensbanen, så Flåmsbana korresponderer med dei fleste tog mellom Bergen og Oslo.
Billettar: Rundtur med umiddelbar retur
- {{fact.key}}:
- {{fact.value}}
Opplev ei av dei vakraste togreisene i verda

Utruleg ingeniørkunst
Flåmsbana er ei av dei brattaste toglinjene i verda på normalspor, der nesten 80 % av lengda har ei stiging på 5,5 %. Togturen går gjennom spektakulær natur, forbi Rallarvegen, stupbratte fjellsider, skummande fossefall og gjennom 20 tunnelar, og har så mange utsiktspunkt at det for mange ikkje er nok med berre ein tur.

Over heile verda
National Geographic Traveler Magazine har kåra Flåmsbana til ei av topp 10 togreiser i Europa , medan Lonely Planet Traveler i 2014 gjekk endå lenger og kåra Flåmsbana til den beste togreisa i verda!
Fakta
- Flåmsbana er 20 km lang
- Ho har 20 tunnelar
- Det tok 20 år å byggje ho
- Ho kosta om lag 20 millionar kroner (og blei fullført i 1940)
- Nålitunnelen (cirka 1300 meter) mellom Kårdal og Pinnalia tok det 11 år å byggje
Envegs billettar
For kombinerte reiser med Flåmbana og Bergensbana (Oslo), vennligst kjøp billetten på www.vy.no