Hopp til innhald

Fjordsafari i verdsarvområde, med matsmaking

Bestill no! Frå kr 990,–

Inkluderer fjordsafari i verdsarvområde og smaking av lokal geitost i bygda Undredal.

Bestill no

Tid for frammøte / møtestad: 20 minutt før avgang, slik at me har tid til innsjekking og skifte til naudsynte klede. Me er lokalisert i eit stort, kvitt telt lengst inne i Flåm hamn.

Tidspunkt: 16.30–19.30

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Båt
Guiding
Servering
Kultur/ historisk
Landskap
Fotostopp
Frå kr 990,-

Fjordsafari – tett på naturen

Tidspunkt

Du må møte opp for innsjekking 20 minutt før avgang for alle båtturane. Dette er fordi vi skal ha tid til å kle deg og registrere deg på passasjerlista. Når det gjeld vandreturar og skreddarsydde turar skal du vanlegvis møte til fastsett tid

Praktisk informasjon

Vi utrustar deg med naudsynt utstyr du ikkje har med sjølv, utan ekstra kostnader.

Du må kle deg etter årstida. Tenk deg at du køyrer bil i 60 km/t og held handa ut av vindauget. Dette varer i to timar. Også om sommaren kan dette vere ei kald oppleving. Me tilrår at du har på varme klede uansett kva årstid det er, men det er spesielt viktig om vinteren.

Alder og storleik

Me har ikkje aldersgrense på turane våre. Me tilrår likevel at vintergjestane ikkje tek med born som er svært små, då dei kan bli nedkjølte.

Småborn (0–4 år) reiser gratis på fanget til foreldra, og treng ikkje eigen billett. Me ber deg likevel legge til ein kommentar i bestillinga dersom du tek med småborn (oppgi alder), slik at me kan ha tilgjengeleg naudsynte klede til båtturen eller eit barnesete til turar på land.

Me har eit stort utval klede, frå babystorleik til XXL.

Tryggleik

Tryggleik har førsteprioritet på turane våre. Du har på deg ei fullstendig flytedrakt i tillegg til ein redningsvest. Me har ein tryggleiksgjennomgang før turen startar. I dei 15 åra me har hatt denne drifta, er det ingen som har falle over bord. Turane våre er svært trygge, og naudutstyr er alltid med på båtturar og guida fjellturar.

Bestill no