Hopp til innhald
Odd Nordstoga står i ein open skog kledd i blazer, blå gensar og skjorte
Ny konsertdato kjem

Odd Nordstoga på Nærøyfjorden

Bestill no! Frå kr 645,–

Trass ein pandemi som har snudd opp ned på mykje, har Odd Nordstoga gjeve ut nytt album og lagt ut på turné. Få eit avbrekk frå førjulskvardagen med konsert på fjorden laurdag 12. desember. Med seg har han Torstein Lofthus på trommer og Tor Egil Kreken på bass, ein bunke nye songar og sjølvsagt nokre gode gamle.

Future of The Fjords omringa av snøkledde fjell på Aurlandsfjorden

Konsert på Legacy of The Fjords

Å høyre Odd Nordstoga om bord på Legacy of The Fjords ute på fjorden er ei konsertoppleving du ikkje vil lata gå frå deg.

Med eit nytt album i beltet har Odd Nordstoga i haust dratt på ein turne ulikt noko han har gjort før. I eit trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trassast og konsertar leverast. Og Legacy of The Fjords er ein ypparleg arena for ein konsert som dette. Båten seglar lydlaust gjennom fjorden i mørket, og med god plass mellom dei fastmonterte setane er det enkelt å halde avstand.

Gjestar som allereie har bestilt billett vil få beløpet refundert automatisk. Ny konsertdato vil bli satt opp.

Program:

  • 16.30: Ombordstigning 
  • 17.00: Avreise frå Flåm
  • 17.20: Ombordstigning i Aurland
  • 18.00: Konsert med Odd Nordstoga
  • 19.30: Avstigning i Aurland
  • 20.00: Ankomst til Flåm

Pris kr. 645,- per person

Billettar kan kjøpast på Ticketmaster her.

Båt
Event
Kultur/ historisk
Frå kr 645,-
Elektrisk katamaran seglar på Nærøyfjorden ein kald, fin vinterdag

Nytt album

Det var ikkje planen at det skulle koma ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje fristande, det skulle koma når det skulle. Låtane som har kome ut i løpet av våren og sommaren har også blitt sjeldent godt motteke og konsertstadene har opna. Kva skal ein artist gjera anna enn å seie - Det er klart det blir turné!

Pressefoto av Odd Nordstoga

Fatig ferdamann på tur

Vi er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album "Fatig Ferdamann".

Med seg til Flåm har Odd to av dei aller største på Norges musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til Flåm. Då er det ingen grunn til å sitje heime. Velkomen til konsert!

"Provoserende bra" - Dagbladet 5/6

Publikum sit spreidd på fjordkonsert med Frida Ånnevik

Smittevern om bord

Din tryggleik er viktig for oss. Kapasiteten på båten blir sett etter gjeldande smittevernreglar og det er god plass til alle. Konserten blir innandørs med faste sitjeplassar, vårt mannskap brukar munnbind og oppfordrar alle om å nytte seg av handspritstasjonane.