Trass ein pandemi som har snudd opp ned på mykje, har Odd Nordstoga gjeve ut nytt album og lagt ut på turné. Få eit avbrekk frå kvardagen med konsert på fjorden laurdag 6. mars. Med seg har han Torstein Lofthus på trommer og Tor Egil Kreken på bass, ein bunke nye songar og sjølvsagt nokre gode gamle.

Konsert på Legacy of The Fjords
Å høyre Odd Nordstoga om bord på Legacy of The Fjords ute på fjorden er ei konsertoppleving du ikkje vil lata gå frå deg.
Med eit nytt album i beltet har Odd Nordstoga i haust dratt på ein turne ulikt noko han har gjort før. I eit trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trassast og konsertar leverast. Og Legacy of The Fjords er ein ypparleg arena for ein konsert som dette. Båten seglar lydlaust gjennom fjorden i mørket, og med god plass mellom dei fastmonterte setane er det enkelt å halde avstand.
Bestill no
Laurdag 06.03.2021
Merk! Konserten er utseld
Konsertpakke med overnatting
- 16.30: Ombordstigning
- 17.00: Avreise Flåm
- 17.20: Ombordstigning Aurland
- 18.00: Konsert med Odd Nordstoga
- 19.30: Avstigning Aurland
- 20.00: Ankomst Flåm
- 20.30: Fisk og skalldyr buffet i Restaurant Arven
- Overnatting og frukost
Skalldyrmiddag
Denne dagen tilbyr vi også middag i restauranten kl 18:00 for gjestar som ikkje skal på konsert eller har konsertpakke:
- Vaksen 695,-
- Born 5-12 år halv pris
- Booking@fretheimhotel.no, tlf: 57 63 63 00

Nytt album
Det var ikkje planen at det skulle koma ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje fristande, det skulle koma når det skulle. Låtane som har kome ut i løpet av våren og sommaren har også blitt sjeldent godt motteke og konsertstadene har opna. Kva skal ein artist gjera anna enn å seie - Det er klart det blir turné!

Fatig ferdamann på tur
Vi er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album "Fatig Ferdamann".
Med seg til Flåm har Odd to av dei aller største på Norges musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til Flåm. Då er det ingen grunn til å sitje heime. Velkomen til konsert!
"Provoserende bra" - Dagbladet 5/6

Smittevern om bord
Din tryggleik er viktig for oss. Kapasiteten på båten blir sett etter gjeldande smittevernreglar og det er god plass til alle. Konserten blir innandørs med faste sitjeplassar, vårt mannskap brukar munnbind og oppfordrar alle om å nytte seg av handspritstasjonane.