Hopp til innhald

Skaldegard ved fjorden

Bestill no! Frå kr 850,–

Besøk Skaldegard i den gamle grenda Skjerdal, som ligg høgt oppe i fjellsida over Aurlandsfjorden (på UNESCOs verdsarvliste). På denne guida turen til dei historiske gardsbygningane i Skjerdal får du kunnskap om jordbruk og levesett, og du får smake på lokalprodusert mat der du sit og ser utover den storslåtte fjorden.

Livet ved fjorden

Skaldegard tek imot små grupper som kan lære om miljøet og naturen langs fjorden, om historia, jordbruket og levesettet, både før i tida og no. Besøket inneheld ein guida tur til dei historiske gardsbygningane i Skjerdal og prøvesmaking av lokal mat, som geitost og salta, tørka kjøt.

Hausten 2010 tok ekteparet Jon Skjerdal og An-Magritt Lindtner over det nedlagde geitebruket Nigarden, i grenda Skjerdal i Aurland kommune. Ønskjet var å ta vare på dei vakre, gamle gardsbygningane som stod som minne frå ei svunnen tid. Dei ville også formidle grenda sin eigenart og kulturhistorie til gjestar og besøkande frå fjern og nær.

Grenda Skjerdal ligg 210 moh., om lag 6,5 km nordover langs fjorden frå Aurland sentrum. Vegen er smal, med krappe hårnålssvingar. Me ber deg om å ikkje kome hit i privatbil, då det er svært liten plass til parkering.

Kun på førespurnad

Gruppestorleik: Min. 2 personar, maks. 8 personar – for større grupper kan du kontakte Flåm kundesenter:

Tel.: +47 57 63 14 00 eller e-post: info@visitflam.com

Sesong: Juni–september, eller etter avtale

Henting og avlevering: Flåm, via Aurland til Skjerdal/Skaldegard

Bil
Vandring
Guiding
Servering
Tursti
Kultur/ historisk
Landskap
Utkikkspunkt
Fotostopp
Frå kr 850,-

Kulturhistoriske opplevingar

Autentisk sightseeing

Inne i den gamle, restaurerte låven kan du smake på heimelaga lefse, som er norsk tradisjonsmat. Me tek deg deretter med på ei reise gjennom norske segner og eventyr, til ei verd der trolla og huldra framleis lever. Velkomen!