Hopp til innhald

Ta ekspressbåten mellom Flåm og Balestrand. Slik får du flotte opplevingar på begge sidene av Sognefjorden. 

Flåm til Balestrand

Med denne båtruta kan morgonfuglane blant gjestane i Flåm oppleve Balestrand og nordsida av Sognefjorden. Avgang kl. 06.00 frå Flåm.

Du kan kombinere denne båtruta med andre båtruter. Du vel om du vil returnere same dag eller overnatte. Dersom du overnattar kan du besøkje Fjærlandsfjorden, breen og Norsk Bremuseum. Me tilrår å bestille billettar til Fjord Cruise Fjærlandsfjord på førehand.

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Båt
Kultur/ historisk
Landskap
Frå kr 290,-

Morgonfugl

Kva kan eg gjere og sjå Flåm

Gjestar frå Balestrand og Leikanger kan ta båten til Flåm for å utforske vakre Flåm og ta del i aktivitetar i nærområda.

Båten frå Balestrand til Flåm har avgang kl. 08.30, og framkomst kl. 10.30. Du kan kombinere turen med ei overnatting og besøkje kjende attraksjonar som Flåmsbana, Stegastein utsiktspunkt, Fjord Cruise Nærøyfjord, Undredal og andre. Me tilrår at du kjøper billett til utfluktene på førehand.

Alternativ

Du kan også ta ekspressbåten til Bergen, med korrespondanse frå Leikanger eller Balestrand om morgonen. Du kan sjølvsagt også reise i motsett retning.