Hopp til innhald

Vikinglandsbyen Njardarheimr

Bestill no! Frå kr 195,–

Opplev vikinglandsbyen Njardarheimr i Gudvangen! Her kjem du tett på det autentiske livet til vikingane når dei ikkje var ute på tokt.

Me har som mål å skape ein vikinglandsby som held høg kvalitet – Frode Tufte / dagleg leiar

Ein autentisk vikinglandsby med "ekte" vikingar!

I vikingtida var Gudvangen ein viktig stad for handel. Gudvangen, som ligg ved Nærøyfjorden, er kjent som "gudane sin plass" Nærøyfjorden er vigd til Njord, guden for handel og segling.

Bestill no

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Guiding
Servering
Kultur/ historisk
Fotostopp
Butikk
Frå kr 195,-

"Njardarheimr" – vigd til den norrøne guden Njord

Autentisk

I vikinglandsbyen Njardarheimr opplever du ein autentisk landsby som syner korleis vikingane levde for 1000 år sidan då Gudvangen fekk namnet sitt. Dette er ikkje skodespelarar i kostymer, men "ekte" vikingar i alle aldrar med vikingtida som livsstil. Dei kjenner til historia, og har eineståande kunnskap om livet i vikingtida som dei er veldig glad for å dele med deg!

Maten i landsbyen blir laga etter tradisjonelle oppskrifter, med råvarer som var tilgjengelege i vikingtida. Salsvarene er handlaga og eineståande. 

Kunsthandverk

Vikinglandsbyen er ein stad for minneverdige opplevingar, læring og morosame aktivitetar. Ein stad der du kan samhandle med menneske som levandegjer fortida i samsvar med historiske element. 

Omvising

Delta i vikingopplevinga med omvising i landsbyen. Du kan også delta i øksekast, bogeskyting, snakke med vikingane og prøve handarbeid. Det blir servert ekte vikinglunsj i mathuset. 

Velkomen til vikingtida!

Opningstider og transport:

Sommar:

  • 01 Mai–21 Oktober   Kvar dag: 10.00–18.00 

Vinter:

  • 21 Oktober   Kvar dag: 10.30–13.30
  • Kundesenter og suviner butikk: 10.00-18.00
  • Guida tur: 11.00 og 12.00

Dagleg skyttelbuss mellom Flåm og Gudvangen

Rutetider: Flåm–Gudvangen skyttelbuss 2018

Rutetider: Flåm–Gudvangen skyttelbuss 2019

Særskilde behov

  • Heile landsbyen er rullestolvennleg.
  • Alle showa og dei fleste aktivitetane er tilgjengelege for rullestol.
  • Merk! Dei små husa har ei ekte historisk utforming, med høge dørstokkar. Dei er er ikkje tenlege for folk med rørsleproblem. 
  • Følgjepersonar får gratis tilgang ved å vise bevis.  
  • Du finn toalett tilpassa rullestolbrukarar nær inngangen.

Inne i Njardarheimr

  • Landsbyen har meir enn 1500 m² med bygningar.
  • Over 500 m³ trevirke blei brukt i bygginga av byen.
  • Alle utskjeringane er basert på funn frå vikingtida, men med ein unik design.
  • Husa blei bygde basert på erfaringar frå andre vikingrekonstruksjonar, men tilpassa GUASs behov og lokale materialar.
  • Smedarbeidet til dørhengslene er handlaga av ein svært erfaren smed.  
  • All maling som er brukt i byen, er laga på ein autentisk måte. Blant anna med okseblod.
  • Landsbyen er bygd berre av materialar som finst i fjordlandskapet. Som torva og taksponen som blei brukt på stavkyrkjene.

Mat

I mathuset er det aktivitet heile tida, med mat og drikke laga etter tradisjonelle vikingmetoder 
Matlaginga kan variere frå dag til dag, for eksempel med gropkoking, grillspyd, røyking av mat, eller at noko nettopp er ferdig tørka, spekt eller fermentert.

Fast på menyen er vikingsuppe med brytebrød, grove heimelaga pølser og kålsalat. Nysteikt pannebrød med laks, eller spekepølse og ramsløkrømme. I tillegg har vi fisk og kjøt frå grillen, med mat som høyrer til.