Hopp til innhald

Vintereventyr Vatnahalsen

Bestill no! Frå kr 790,–

Velkomen til ein dag fylt med leik og moro i snøen, som passar for alle. Du kan delta i ein eller fleire vintereventyr aktivitetar; trugetur, mini-ski, aking, god gammal snøballkrig og mykje meir. Nyt ein framifrå lunsj på Vatnahalsen Hotel og opplev samtidig den spektakulære Flåmsbana.

Vintereventyr ditt inkluderer

Ein fjellguide møter deg på Vatnahalsen stasjon og tek deg den korte 2-minuttars spaserturen opp til hotellet. Her har du ei fantastisk panoramautsikt over den storslagne Flåmsdalen mens du tek på deg truger, klar til å erobre den djupe puddersnøen. I løpet av dagen kan du være med på aking med gamle eller nye vener i hotellets eigen skibakke eller utfordre dine medreisande med ein snøballkonkurranse. Guiden serverar gløgg slik at du held varmen mens du utforskar andre morosame snø aktivitetar. For å holde energinivået ditt høgt, er det sjølvklart ein framifrå lunsj inkludert og servert på Vatnehalsen Hotel.

Om du føler for å forlenge trugeturen litt lenger opp i høgda, spør guiden din.

Bestill no

Togbillettar: Ikkje inkludert. Bruk lenkja nedanfor for å bestille di togreise.

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Vandring
Guiding
Servering
Tursti
Landskap
Utkikkspunkt
Frå kr 790,-

Vintereventyr

Naturen på sitt beste - Vatnahalsen

Hotellets gjestebok frå 1930 viser korleis Nordmenn, Tyskarar og Nederlandske skigåarar opplevde Vatnahalsen. På grunn av dei stupbratte fjella og åtkomsten med tog, begynte mange av gjestane å titulere området som Nordens St. Moritz.

Vinter i Aurland

Desember, januar og februar er vintermånadane. I desember feirar vi jul, og det meste av månaden går med til å forberede den store høgtida. Været i desember er vanlegvis ikkje like stabilt som i januar og februar, som regnast som dei verkelege vintermånadane med gnistrande snø og lave temperaturar. Dette er ei vakker tid med blått lys, snøkledde fjell og frosne fossefall. Her er det berre å ta på seg varme klede for å ta ein skitur eller leike i snøen.

Korleis kome seg til Vatnahalsen?

Den spektakulære Flåmsbana er einaste forbindelsen til Vatnahalsen, då den populære Rallarvegen som går forbi er stengt i vinterperioden. Om du planlegg å reise fram og tilbake frå Flåm, bestiller du ein returbillett.

For kombinerte reiser med Flåmsbana og Bergensbana (Oslo), venlegast kjøp billetten på www.vy.no

Bestill no