Hopp til innhald
Voss Gondol sett frå Hangurstoppen. 2 kabiner på vei med Voss i bagrunnen fin sommersdag
Nedste stasjon for Voss Gondol, sett frå utkanten av Voss. Ein kan sjå gondolane på veg opp mot fjellet.
Øvste stasjon for Voss gondolbane på sommarstid, sett frå Hangurstoppen (820 moh.), med utsikt over Voss.
Folk nyt sola på utandørsrestauranten ved øvste stasjon for Voss gondolbane på vinterstid, sett frå Hangurstoppen.
Folk nyt den spektakulære utsikta og den nordiske designen i restauranten ved øvste stasjon på Voss gondolbane.
Fotturistar som nyt den fantastiske utsikta frå Hangurstoppen over Voss på sommarstid.
Skiløparar over øvste stasjon på Voss gondolbane, ser utover vinterlandskapet i skibakkane på Voss Resort.
Utsikt over skibakkane til Voss Resort nær øvste stasjon på Voss gondolbane, i ein snødekt vinterskog.
Ein av dei ni gondolkabinane med en kapasitet på 34 personar. Kabinane har store vindauge og komfortable sete.
50% rabatt ut november

Voss Gondol

Bestill no! Frå kr 410,–

Voss Gondol er den største og mest moderne gondolbana i Nord-Europa. Bana startar ved Voss Stasjon og når endestasjonen ved den spektakulære Hangurstoppen på mindre enn 7 minutt. Voss gondolbane er eit flott knutepunkt og ein av dei beste stadene å besøka i Noreg om du ønskjer å nyta ulike sommar- og vinteraktivitetar.

Interiør Hangurstoppen restaurant på toppen av Voss Gondol

Hangurstoppen Restaurant

Hangurstoppen restaurant med plass til 450 personar over to etasjar er den største restauranten og afterski-puben på Voss. Ein kan bestilla bord i restauranten til spesielle høve, møte og konferansar. Her får ein servert heimelaga måltid, tillaga med lokale råvarer frå fleire gardar i og rundt Voss.  Med det romslige sitjeområdet utandørs og dei store vindauga har du panoramautsikt og nær kontakt med naturen, og kan gå rett ut i dei mange turstiane rundt restauranten.

Bestill no

Opetider og datoar:

1 November - 30 November*

50% rabatt: Ut november

50% rabatt på tur/retur og singel billettar vaksne og born. Familiebillettar normal pris. 

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Gondol
Sykkel
Vandring
Servering
Landskap
Utkikkspunkt
Fotostopp
Frå kr 410,-

Den største og mest moderne gondolbana i Nord-Europa

Fok står på ski i solskinet på Hangurstoppen på toppen av Voss Gondol

Skisport og andre aktivitetar

På den øvste stasjonen ved Hangurstoppen (820 moh.), finn ein område for rekreasjon og sportsaktivitetar. Om sommaren kan du gå fotturar (både korte og lange turar), sykla og driva med paragliding. Om vinteren kan du gå rett ut i skianlegget frå den øvste stasjonen. Det kjem òg skiskule og skiutleige ved den øvste stasjonen. Skianlegget er eit av dei største i Vest-Noreg.

Familie på 4 syklar på off-road stien på toppen av Voss Gondol

*Opedatoar og tider

1 November - 15 November 2020

  Gondola Hangurstoppen Restaurant
Onsdag - Fredag 11:00 - 18:00 (siste retur) 11:00 - 17:00
Laurdag - Søndag 11:00 - 18:00 (siste retur) 11:00 - 17:00

20 November - Start skisesong

  Gondola Hangurstoppen Restaurant
Fredag - Søndag 11:00 - 17:00 (siste retur) 11:00 - 16:30

* 11.  – 13. november, samt 20 . november til start skisesong:
Restauranten er stengt, men baren er open. Her kan ein kjøpe kioskvarer, varm og kald drikke og dagens suppe. 

Start skisesong - 1 May

  Gondola Hangurstoppen Restaurant
Opningstider kjem snart    
Eit par med hund står på ein fjelltopp og ser utover landskapet rundt toppen av Voss Gondol

Turaktivitetar

Det er merkte turstiar for alle nivå kring den spektakulære Hangurstoppen og Voss Gondol. Anten du er ute etter korte eller lange fotturar, er Hangurstoppen det perfekte utgangspunktet for fotturar i fjellet.

Oversikt over Voss gondolbane ved det nye trafikknutepunktet i sentrum av Voss

Ligg ved trafikknutepunktet

Den nedste stasjonen på den nye gondolbana ligg i det nye trafikknutepunktet ved Voss jernbanestasjon (Voss Stasjon, 56 moh.). Endestasjonen ligg ved Hangurstoppen (820 moh.), ved sidan av toppen av ekspressheisen.

Den unike plasseringa ved trafikknutepunktet gjer det enkelt for tilreisande å koma seg til fjells på ein miljøvennleg måte.

Du kan enkelt koma deg til Voss med tog frå både Oslo og Bergen, dei to største byane i Noreg.

Viss du reiser frå Bergen Stasjon, tek det deg 1,5 timar frå du går ombord i toget frå Bergen til du er framme på Hangurstoppen, klar for spennande opplevingar, sommar som vinter.

Den største og mest moderne fjellgondolen

Den nye gondolbana er ei såkalla 3S-kabelbane, det vil seia at ho går på to kablar og eit trekktau. Det gjer henne svært stabil, samanlikna med gondolar som vanlegvis heng på éin kabel.

Bana har eit fritt spenn på 900 meter frå nedste stasjon til den første masta. Det er berre to typar heis som kan ha slike lange spenn. Den eine er ei gondolbane med mange kabinar på den same kabelen, slik som den nye gondolbana på Voss, og den andre er ei hengeskinnebane, som er ei gondolbane der den eine vogna går opp mens den andre går ned, slik som Ulriksbanen i Bergen.

Fakta om Voss Gondol

  • Type: Leitner Ropeways 3S
  • Start: 56 moh.
  • Slutt: 820 moh.
  • Lengd: 2000 meter
  • Kapasitet: 1069 passasjerar per time
  • Talet på kabinar: 9 (maks. 13)
  • Kapasitet per kabin: 34 passasjerar
  • Tid: 6 minutt og 48 sekund eller Litt under 7 minutt
  • Restaurantkapasitet: 450 gjester

Bestill no