Hopp til innhald
Utsikt mot Flåmsdalen og eit møtande tog frå eit vindauge på Flåmsbana
Eit elektrisk fartøy seglar utover Aurlandsfjorden i skumring
Sommardag på kaien i Flåm og folk som sit utanfor Flåm Bakeri
Fretheim Hotel sett frå rosehagen med grønt gras og blå himmel
To personar med sykkelhjelm ser mot ein foss i Flåmsdalen
Elektrisk båt på Oslofjorden i solnedgang

10 enkle grep for ein berekraftig ferie

Ein høyrer og les mykje om berekraftig reiseliv og at ein bør reise meir berekraftig. Av og til kan ein nesten gå seg vill i alle velmeinte råd om kva som skal til og kva ein bør og ikkje bør gjere. Vi har derfor sett saman ti enkle grep du som turist kan ta for å stø miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi, og slik gjere ferien din meir berekraftig. Du skal ikkje sjå bort i frå at turen også blir både meir spanande og opplevingsrik dersom du følgjer desse.

Flåmsbana sett frå togvindauget med turistar i kupeen og eit møtande tog i mot ute

1. Bruk offentleg transport

Så kan du la andre køyre og berre lene deg tilbake og nyte utsikta. I staden for å krangle om vegen eller lytte til gps-en. Delar av turen kan til og med bli nokre av høgdepunkta på ferien. Tek du toget til Flåm, er ei av verdas vakraste togreiser, Flåmsbana, ein del av turen.

2. Val av overnattingsstad

Hotell, campingplassar, vandrarheimar og pensjonat er viktige arbeidsgjevarar i både bygder og byar, og dei er avhengige av at vi som turistar bruker dei. Mange av dei er også miljøsertifiserte, sjå etter informasjon om eller logoen til Miljøfyrtårn når du bestiller. Nesten overalt kan du finne overnattingsstader som er litt annleis, som historiske Fretheim Hotel som strekkjer seg attende til tida då engelske lordar kom til Sogn for å fiske laks på 1800-talet. 

To kvinner på sykkel ned svingane frå Vatnahalsen

3. Leig sykkel

Anten du reiser kollektivt eller vel å køyre sjølv, er sykkel ein fin og miljøvenleg måte å utforske destinasjonen på. Leig ein sykkel på reisemålet dersom du ikkje har med din eigen, mange stader tilbyr no også el-syklar. Alternativt har ein del reisemål små elektriske bilar tilgjengelege, som eMobility i Flåm. 

Elektrisk katamaran seglar i skuggen på Nærøyfjorden

4. Vel utsleppsfrie aktivitetar

Har du høve, sjekk kva alternativ som finst, før du bestiller billettar til aktivitetar. Er det nokon som er meir berekraftig enn andre? Ynskjer du eit fjordcruise, sjekk om det er elektriske båtar der du skal. På Nærøyfjorden går Future of The Fjords og Vision of The Fjords startar i rute på Sørfjorden i Hardanger i 2020. Dette er utsleppsfrie sightseeingfartøy som seglar heilt stille gjennom fjordane slik at du kan konsentrere deg om utsikta!

Kaien i Flåm ein sommardag med turistar på benkar og utanfor Flåm Bakeri

5. Kast søppel i søppelspann

Dette burde vere ein no-brainar. Ta med alt av søppel til du finn eit søppelspann, og sorter og resirkuler avfallet der du kan. Visste du at det kan ta heile 2 år før naturen bryt ned appelsin- og bananskal? I populære turområde og rasteplassar kan det vere greitt også å ta dette med seg, det same gjeld toalettpapir. Når alle gjer sin del, blir det så mykje trivelegare for alle.

Konferansegjester forsyner seg av buffet på Fretheim Hotel

6. Et på restaurantar som stør lokale leverandørar

Restaurantar og matstader som bruker lokale råvarer, stør opp om lokale bønder og lokal økonomi. Ein bonus for deg er at du kanskje får lært litt om lokal matkultur i same slengen. I restaurant Arven på Fretheim Hotel er kjøkensjefen oppteken av dyrevelferd og det å ta vare på gamle tradisjonar, og jobbar tett med både lokale grønsaks- og fruktbønder, osteprodusentar og gardsslakteri. I tillegg reduserer lokale produkt utslepp i form av frakt.

To syklistar ser på ein foss i Flåmsdalen

7. Ta med eiga vassflaske

I staden for å kjøpe vassflasker i plast, ta med vassflaske heimanfrå og fyll på undervegs. Har du ikkje ei god flaske, kjøp ei i stål eller anna berekraftig og haldbart materiale. Er du i Flåm, kan du stikke innom Flåm Store, der har dei fleire ulike variantar å velje mellom.

Geiter ved ein støl øvst i Flåmsdalen

8. Respekter dei lokale

For deg er det ferie på eit reisemål, for dei som bur der, er det kvardag heime. Dei som spør fyrst, kjem langt. Er du til dømes usikker på om det er lov å parkere eller gå ein stad, spør. Vis omsyn til privatliv og dyrka mark, og slå gjerne av ein prat med dei du møter. Ingen kjenner destinasjonen som dei som bur der. Kanskje får du tips til ei skjult perle i området?

Båt seglar på Hjørundfjorden sett frå ei blomstereng på Sæbø

9. Les deg opp på allemannsretten

Allemannsretten er eit gode som gjev fridom under ansvar. Han gjev oss høve til å ferdast og campe nesten overalt i Noreg, slik at vi kan få den unike turen vi drøymer om. Berre hugs at du likevel er underlagd friluftslova. Ta med deg sekken og hengekøya i skogen, på stranda eller til fjells minst 150 meter frå hus og hytter, slå camp på draumestaden for inntil to døgn og forlat staden utan spor – slik at det er like fint og urørt til nestemann kjem dit.

Blomsterkrukker utanfor butikken Flåm Store

10. Handle lokalt

Anten det gjeld matvarer, sko, klede eller suvenirar. Stikk innom butikkane der du er, og stø opp om lokal handel. Sannsynet for å finne noko som ikkje alle andre heime har er stor, sjølv om du er på noregsferie. Kor mange av skobutikkane heime sel til dømes den originale penny-loafaren Aurlandsskoen?