Hopp til innhald
Tre personar står på kanten av Bakkanosi med utsikt ned mot Nærøyfjorden
Sida av Flåmsbana sett frå eit togvindauge og to syklistar på Rallarvegen nedanfor
Born og vaksne syklar på pumptrack utanfor Myrkdalen Hotel
Ei kvinne står i baugen på Future of The Fjords og ser innover i Nærøyfjorden
Ei gruppe turgåarar står på ein stein og ser nedover Aurlandsdalen
Tre personar står på ein stein og ser utover Myrkdalen med paraglider flygande over

10 gode grunnar til å reise til Flåm og Myrkdalen i sommar

Reiser du til Flåm og Myrkdalen i sommar, får du oppleve indrefileten av Vestlandet, med fjell- og fjordopplevingar i særklasse. Flåmsbana, Aurlandsdalen og Nærøyfjorden er godt kjende for mange, men ein el-sykkeltur på Vikafjell eller ein familievenleg fjelltur som startar i ein stolheis, er ikkje mindre spektakulært. Sjekk ut våre ti grunnar til at sommarferien bør leggjast til Myrkdalen og Flåm her.

Kombiner Flåm og Myrkdalen på reisa til Vestlandet

Den vesle fjordbygda Flåm inst i Aurlandsfjorden er velkjend for fjordopplevingar, Flåmsbana, historiske Fretheim Hotel og dramatisk natur. Plasseringa langs E16 og med togsamband til Bergensbana gjer det enkelt å kome seg hit frå både aust og vest.

45 minutts køyring frå Flåm ligg Myrkdalen. Myrkdalen Fjellandsby er kanskje mest kjend som den største skidestinasjonen på Vestlandet på vinteren, men den vesle fjellbygda i Voss herad har minst like mykje å tilby på sommaren. Omringa av fjell på alle kantar er det berre å velje og vrake, med eller utan lokal guide. I tillegg har dei eit spanande sykkeltilbod som veks år for år.

Kombinerer du desse to destinasjonane, får du oppleve hjartet av Fjord-Noreg og det beste av fjord og fjell. 

Flåmsbana ved elva i Flåmsdalen ein fin sommardag

1. Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda

Flåmsbana seier seg nesten sjølv. Avstikkaren frå Bergensbana mellom Myrdal og Flåm er kåra til ei av dei vakraste togreisene i verda. Over 20 kilometer og 20 tunnelar tek Flåmsbana deg frå fjorden til 867 meter over havet på Myrdal, eller omvendt, medan du har utsikt mot den vakre dalen, bratte fjell, små gardstun og stølar, mektige fossar og den klarblå elva. 80 % av strekninga har faktisk ein gradient på 5,5 %, som gjer den til ei av dei brattaste jernbanene i verda. Reiser du til eller frå Flåm med tog, er dette er ein del av reisa. Elles kan du ta den tur/retur Flåm eller éin veg for så å sykle eller gå Flåmsdalen tilbake til fjorden.

Turistar ser mot dei høge fjella ved Nærøyfjorden frå dekk og båttaket

2. Fjordopplevingar i Nærøyfjorden verdsarvområde

Det er ikkje utan grunn at Nærøyfjorden er oppført på verdsarvlista til UNESCO saman med Geirangerfjorden som Vestnorsk Fjordlandskap. Den smale fjordarmen som strekkjer seg frå Aurlandsfjorden inn til Gudvangen er nesten heilt urørt i moderne tid, og båt er den einaste måten å reise gjennom fjorden på. Frå eit fjordcruise på eitt av dei elektriske fartøya Future og Vision of The Fjords kan du ta inn stilla på fjorden samstundes som du har panoramautsikt til dei små veglause fjordbygdene og fossefalla. Kanskje får du sjå ein kobbe som solar seg på steinane langs land også?

Har du lyst å gå ein tur frå ei av dei veglause fjordbygdene i Nærøyfjorden, kan båten sleppe deg av undervegs og plukke deg opp att seinare på dagen. Frå Styvi kan du gå den gamle kongelege postvegen 5 km til Bleiklindi og attende. Frå idylliske Dyrdal går det grusveg 5 km oppover i fjellet til stølen Hjølmo. Vil du ha ein skikkeleg flott heildagstur, blir du med på guida padle- og vandretur, som kombinerer fjordcruise, padling og vandring langs den gamle postvegen. 

Turgåarar går forbi nokre gamle hus i Aurlandsdalen

3. Aurlandsdalen – Noregs svar på Grand Canyon

Aurlandsdalen, der aust møter vest, er kanskje det næraste vi kjem Noregs svar på Grand Canyon. Dette er ein fjelltur som bør vere på alle bucketlista til alle friluftsinteresserte! Dalen byr på kontrastfylt vill natur, med alt frå frodige dalar til steinlandskap. Du kan velje å gå heile dalen frå Finse til Vassbygdi i Aurland, eller berre den siste og mest populære delen av ruta. Vel du å gå frå Finse, må du rekne 3 dagar med overnatting undervegs. Den mest populære delen av turen startar på Østerbø og tek deg ned til Vassbygdi i Aurland på ca. 6–7 timar. Overnattar du på Fretheim Hotel, får du med deg nistepakke til turen og after-hike i Lobby bar når du kjem attende frå Vassbygdi.

To syklistar på veg over ei bru på Rallarvegen

4. Rallarvegen frå høgfjellet til fjorden på sykkel

Har du enno ikkje sykla Rallarvegen, er det på tide å gjere noko med det no. Rallarvegen går frå Ustaoset til Flåm og vart bygd av rallarane som bygde Bergensbana. Her får du ikkje berre nyte fantastisk natur frå sykkelsetet, men også noko av det utrulege ingeniørarbeidet som måtte til for å byggje jernbana over fjellet. Strekninga Finse til Flåm kan gjerast på ein dag, og tek deg frå 1222 moh på Finse til Fagernut 1343 moh og vidare nedover til Flåm ved fjorden via Vatnahalsen. På Fagernut kan du kjøpe deg ein vaffel i den gamle vaktarbustaden, og ved Vatnahalsen kan du byte ut sykkelen med Flåm Zipline ned til Kårdal. 

Tre turgåarar på kanten av Bakkanosi over Nærøyfjorden

5. Fjellturar med fjordutsikt

Verdsarvlandskapet mellom Myrkdalen og Flåm er eit eldorado for turgåaren. Bakkanosi og Breiskrednosi er to av turane med mest spektakulær utsikt med utgangspunkt frå Jordalen, ei lita fjellbygd på grensa mellom Voss og Aurland kommune. Frå desse toppane ser du over 1100 meter rett ned i Nærøyfjorden! Dette er relativt lange turar på ca. 20 km t/r, så om du ikkje er fjellvan, tilrår vi å bestille ein guida tur. Då får du også mykje lokalkunnskap om området og naturen med på kjøpet.

Ynskjer du ein litt kortare tur, kan Hovdungo ved Aurland eller Rimstigen frå Bakka litt forbi Gudvangen vere fine (men bratte) alternativ.

Ein familie får servert pizza i restaurant Tunet i Myrkdalen

6. Lokal mat og drikke

Utan mat og drikke duger helten ikkje, og du skal ikkje gå svolten i korkje Myrkdalen eller Flåm. Familierestaurant Tunet på Myrkdalen Hotel tilbyr a la carte og steinomnsbakt pizza basert på rein mat av lokale og økologiske råvarer, og i tillegg utsikt mot naturen rundt medan du et.

Restaurant Arven på Fretheim Hotel får du tradisjonsrettar med ein moderne vri laga av lokale råvarer, gjerne med eit hint av geit som nærast er eit symbol for bygdene mellom bratt fjordlandskap. Treng du påfyll i løpet av dagen eller noko å ha som niste på tur, stikk innom Flåm Bakeri for heimelaga sandwichar og andre bakevarer bakt på surdeig.

Av drikke tilrår vi sjølvsagt fruktjus frå sognefjordomådet, det passar både som ein oppfriskar på dagen eller som alkoholfritt alternativ til middag. Elles meiner vi at eit besøk til Flåm ikkje er komplett utan å ha prøvd det lokale ølet Ægir.

Ei kvinne går mot ein mann og tre born ved stolheisen på fjellet i Myrkdalen

7. Topptur med stolheis

Myrkdalen er kanskje fyrst og fremst kjend som ein skidestinasjon, og det kan vi nytte godt av også på sommaren. For å gjere det endå enklare å kome seg til fjells kan du ta stolheisen Myrkdalsekspressen direkte frå sentrum til Ondrahaugen i juli og august. Derifrå har du fleire alternativ til tur vidare, blant anna til Finnbunuten 1358 moh. Herifrå har du fantastisk utsikt over Vikafjellet og Stølsheimen, og fjordlandskapa mot både Sogn og Hardanger. Eit anna alternativ er å gå ned til idylliske Mørkvesstølen, langs vegen dit er det mogleg å bade i små kulpar i elva.

Born syklar på pumptrack framfor Myrkdalen Hotel

8. Sykling for store og små

Sykling er både moro og ein fin måte å utforske eit område på, og i Flåm og Myrkdalen kan ein leige syklar til barn og vaksen. Ynskjer du å kome deg eit stykke av garde, er elsykkel eit godt alternativ. Då går til dømes turen frå Myrkdalen opp mot fjellplatået Vikafjell lett, og du kan stoppe der du ynskjer. Kva med å kombinere ein sykkeltur med fjelltur? Myrkdalen tilbyr guida bike & hike-tur på sommaren.

Rundt Myrkdalen Hotel finn du også sykkelløype for born og nybyrjarar med to grøne og ei blå løype, og ein 850 kvm stor pumptrack. Det er også tilbod om nybyrjar- og teknikk-kurs i stisykling for både barn og vaksen kvar dag frå midten av juni til slutten av august.

To personar står klar til å setje utfor Flåm Zipline

9. Skandinavias lengste zipline

Flåm Zipline opna hausten 2018 og er med sine 1381 meter, frå startpunkt ved Vatnahalsen til Kårdal i botnen, den lengste ziplinen i Skandinavia. På stølen Kårdal ligg også Rallarrosa Stølsysteri, som har open kafé gjennom sommaren. Slå deg ned med ei svele med geitost medan du lèt adrenalinet dempe seg etter turen ned. Du kjem deg til Vatnahalsen med Flåmsbana, og ynskjer du ein komplett dag med opplevingar, tilrår vi å leige sykkel og sykle tilbake til Flåm etter zipline-eventyret. Alternativt kan du gå til Blomheller stasjon og hoppe på toget att derifrå.

Tre born på tur i Myrkdalen med vaksne gåande bak

10. Familievenlege fjell- og fisketurar

Vikafjell, fjellplatået 15 minutts køyring frå Myrkdalen i retning Vik i Sogn, har flust av familievenlege turar og fine vatn ein kan fiske og bade i. Ein favoritt for både store og små er Sendedalen, der den barnevenlege og lettkuperte stien går langs fire fjellvatn. Har du ikkje eige fiskeutstyr, kan du bli med på guida familietur dit, der gruppa bestemmer lengda på turen som kan vere frå 2 km til 10 km t/r. For dei som vil gå lenger, kan ein også gå tilbake til Myrkdalen via Mørkvesstølen herifrå.