Hopp til innhald
Mor med to born ser mot Flåm og Aurlandsfjorden
Ein mann sit på Bakkanosi rett over Nærøyfjorden
To personar går langs sti på Vikafjell med utsikt til
Rimstigen og Bakkanosi sett frå Future of The Fjords på Nærøyfjorden
Ei gruppe turgåarar i fjordkanten ved Postvegen frå Styvi

11 flotte fjellturar med fjordutsikt

Det manglar ikkje på alternativ for flotte fjellturar med fjordutsikt på Vestlandet. Her har vi valt ut 11 favorittar i området mellom Flåm og Myrkdalen. Her finn du noko, anten du vil sanke høgdemeter på topptur, berre vil på ein kveldstur frå Flåm eller ynskjer eit familievenleg alternativ. Til felles har alle turane spektakulær utsikt til anten Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden eller Sognefjorden.

Kvinner og to barn på tur til Prest over Aurlandsfjorden

1. Prest

Frå Prest på 1.478 moh har du panoramautsikt over Aurlandsfjorden. Dette er ein fin topptur for heile familien. Han er ikkje så lang, men delar av stien er bratt og somme stader litt luftig. For å kome til startpunktet køyrer du forbi utsiktspunktet Stegastein over Aurland. Litt etter garden Bjørgo, er det tilrettelagt for parkering. Det er god og markert sti heile vegen. Fyrste del går slakt mot Hovden, før det blir brattare oppover. Ved Røyrgrindgjelet er det luftig, der det går bratt ned mot gardane under Prest.

Den beste utsikta over fjordlandskapet, Aurland og Flåm får du frå varden på 1.363 moh. Sjølve toppunktet ligg vel 100 høgdemeter lenger opp. Dei som ynskjer ein lenger tur, kan gå vidare til Blåskavlen (1.809 moh), som er det høgste fjellet i Aurland kommune. Turen til Prest er omtrent 2,5 kilometer lang, og ein bør berekne vel 3 timar tur / retur.
Turtips: Kjøp med god niste frå Flåm Bakeri til å nyte saman med utsikta på toppen!

Utsikt til Aurlandsfjorden ein fin sommardag

2. Dagsturhytta i Aurland

Alle kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane har fått kvar si dagsturhytte, som er bygd som eit lågterskeltilbod for turgåarar. Hyttene er omtrent 15 kvm og er ein fin plass å ete matpakka og bla i bøker frå turbiblioteket.

I Aurland kommune ligg dagsturhytta Vinjaåsenhytta på stien mellom Aurlandsvangen og Stegastein utsiktspunkt. Bur du på Hotel Aurlandsfjord er det berre å gå ut døra og vende nasen oppover. Hytta ligg omtrent 300 meter over fjorden, og turen dit tek rundt 1,5 time i moderat tempo. Sjølv om delar av stien kan vere glatt når det har regna mykje, og eit parti gjennom ei grov ur kan vere litt utfordrande, er det ein fin tur for heile familien. Meistringskjensla kjem når du ser utsikta frå hytta.

Vil du gå lenger, kan du fortsetje opp til Stegastein utsiktspunkt på 650 moh.

Stølen Hovdungo over Aurlandsfjorden

3. Hovdungo frå Vikesland

Turen til Hovdungo er ein klassikar i Aurland. Få stølar ligg flottare til enn Hovdungo på 780 moh, med fantastisk utsikt ned til Aurlandsvangen og utover Aurlandsfjorden. Stien opp dit er merkt og startar ved Vikesland 460 moh, der det er plass til å parkere langs grusvegen eller i svingen nedanfor den siste garden. Alt her har du ei imponerande utsikt innover fjorden og Flåm.

Turen byrjar på ein relativt slak grusveg, men det blir fort nok bratt. Det siste partiet er slakt igjen, så du har sjansen til å få att pusten før utsikta tek han frå deg att. Herifrå kan du gå vidare 500 meter til utsiktspunktet Berget 808 moh, der du ser innover Vassbygdi mot Aurlandsdalen og får god oversikt over området rundt Prest, Stegastein og Turlifossen. Ynskjer du en lengre tur, er det råd å gå vidare til Liahovden (1.444 moh) eller Blåskavlvarden (1.442 moh).

På veg ned att kan du ta ein avstikkar til den gamle hoppbakken Trolladokki, som vart etablert på 1930-talet og med ein bakkerekord på 52 meter frå 1935. Du kan framleis sjå det flott oppmura overrennet og hoppkanten og tømmerhytta som vart brukt til klubbhus.

Undredal sett frå Aurlandsfjorden ein sommardag

4. Ørnareiret over Undredal

Tusen meter rett over Undredal og Aurlandsfjorden ligg Ørnareiret, ein gapahuk med soveplass til seks personar. Her får du verkeleg teke inn fjordlandskapet i ørneperspektiv!

Turen startar i Undredal sentrum og går bratt oppover fjellsida. På støl nr. 2 med namnet Hovdungo i Aurland kommune, passar det fint med ein pust i bakken. Også her er det flott utsikt over Aurlandsfjorden, så det er ikkje eit must å gå lenger om du ikkje orkar.

Det er mogleg å gå vidare over fjellet og kome ned til Stigen Gard lenger ute i Aurlandsfjorden. Hugs at du må avtale transport med båt dersom du ikkje skal gå same veg tilbake.

Fire personar går på den gamle postvegen i Nærøyfjorden

5. Den Kongelege Postvegen

Dette er kanskje ikkje ein fjelltur, men fjordutsikta er det ingenting å seie på mellom Styvi og Bleiklindi langs Nærøyfjorden. Den 5,5 km lange stien vart bygd på midten av 1600-talet og var ein del av den norske postruta til dampbåtane tok over i 1858. Stien vart brukt når det var is på fjorden på vinteren. Posten kom frå Bergen via Voss og Stalheim til Bakka, der han vart frakta over fjorden til Bleiklindi og vidare på postvegen til garden Styvi. Bøndene på Styvi var postbønder og rodde posten til og frå Lærdalsøyri.

I dag kjem du deg til Styvi med fjordcruise frå Flåm eller Gudvangen. Den gamle postgarden er ikkje lenger i drift, men blir halden i god stand. Herifrå går du på stien som vekslar mellom å gå heilt nede i fjordkanten til meir integrert i terrenget over. Du passerer fossar og bekkar, går på gamle oppbygde murar og har fantastisk utsikt til Nærøyfjorden heile vegen. Ved Bleiklindi passar det med ein nistepause og kanskje eit bad? Namnet Bleiklindi kjem av det gamle, store lindetreet med ekstra lys farge på lauvet. Returner same veg og ta båten attende til anten Gudvangen eller Flåm.

To syklistar på Dyrdal i Nærøyfjorden

6. Dyrdal til Hjølmo

Dette er kanskje turen med minst spektakulær fjordutsikt, men han gjev eit godt innblikk i livet ved fjorden slik det var. Dyrdal er ei idyllisk lita veglaus fjordbygd langs Nærøyfjorden. Her har det vore drive gardsdrift i hundreår, og på det meste har det budd over 100 menneske her med eigen skule og sjukestove. På 1970-talet la den siste bonden ned drifta, og i dag bur det berre éin mann fast på Dyrdal. Sidan området er ein del av det vestnorske fjordlandskapet som står på UNESCOs verdsarvliste, blir både bygg og kulturlandskap haldne i god stand og dyr blir sende på sommarbeite hit med båt frå andre stader langs Sognefjorden.

Frå kaien ved fjorden går det grusveg 5 kilometer oppover dalen til stølen Hjølmo. På veg dit passerer de den staselege garden Drægo, som sannsynlegvis har vore i drift lenger enn sjølve Dyrdal gård. Frå Hjømo kan ein gå endå lenger opp i fjellet, til stølen Vassete eller heilt til Breiskrednosi.

Rimstigen sett frå fjordcruise på Nærøyfjorden

7. Rimstigen

Rimstigen Opp er eit kjent motbakkeløp på 2,7 kilometer og 725 høgdemeter. Dersom ein tek seg tid til å stoppe opp og nyte utsikta mot Nærøyfjorden og Tuftefossen, er det likevel ein tur for dei fleste.

Stien startar mellom Bakka og Tufto ved Nærøyfjorden, hit kjem du deg med bil frå Gudvangen. Stien svingar seg bratt oppover fjellsida under Bakkanosi og Rimstigfjellet. Du får kjapt god utsikt over fjorden på vegen opp. Frå stien er det ein avstikkar du kan gå for å kome heilt nær den flotte Tuftefossen. På vinteren er området svært rasutsett, og du ser mest truleg restar etter gamle ras.

Vel oppe passar det godt med ein rast til ei fantastisk utsikt utover fjorden. Deretter har du fleire val. Du kan snu og gå ned att same veg med det same, eller du kan gå vidare den slake stien innover i Rimbotn. Her finn du eit lite vatn som kanskje kan freiste med eit bad? Ynskjer du ei endå meir spektakulær utsikt, fortset du oppover den gamle ferdselsåra mellom Dyrdal, Jordalen og Bakka og vidare til anten Breiskrednosi eller Bakkanosi. Meir om desse toppane kan du lese under.

Mann sit på Bakkanosi og ser mot Nærøyfjorden under

8. Bakkanosi

Dette er ein kjendis blant fjellturane i området, sommar som vinter. På vinteren bør ein halde seg litt bak kanten på grunn av store snøskavlar som samlar seg her, men på sommaren kan ein gå heilt fram på kanten og kikke ned på Bakka og Nærøyfjorden 1398 meter under.

For å kome seg hit har ein to val, som begge krev at ein er i god fysisk form og har gått litt i fjellet før. Det fyrste alternativet er å starte med Rimstigen frå Bakka, og halde fram på stien opp til vatnet Skarsvotni. Derfrå går du rundt Skarsnosi og bort til Bakkanosi. Denne ruta er ikkje merkt, og du bør vere fjellvan og førebudd på tur i høgfjellet.

Alternativ nummer to er å gå frå Jordalen. Jordalen er ein sidedal til Nærøydalen, parkering med vippsbetaling ved den gamle skulen. Herfrå følgjer du grusveg til stølen i Slettedalen og held fram innover dalen, opp forbi Busteinen og Slettedalstjørni til du kjem fram til toppunktet. Turen er 10 km ein veg, men er slakare enn det fyrste alternativet.

For den beste turopplevinga, tilrår vi å booke ein guida tur!

Utsikt mot Nærøyfjorden frå Breiskrednosi på sommar
Foto: Svein Ulvund

9. Breiskrednosi

Breidskrednosi er veslebroren til Bakkanosi når det gjeld omdømme, men dette er verkeleg ei løynd perle. Frå toppen får du ei heilt rå utsikt til Nærøyfjorden mot Bakkanosi og Gudvangen.

Også her har ein fleire ruteval. Ein kan gå Rimstigen til vatnet Skarsvotni og følgje stien vidare heilt fram, eller ein kan parkere ved Nosi (vippsbetaling) inst i Jordalen og følgje grusveg eit stykke til ein kjem til Breidalen. Herifrå følgjer du den gamle ferdelsåra til Dyrdal og Bakka heilt fram. Denne stien møter stien frå Rimstigen. Turen er ca. 10 km éin veg. 

Vil du ha mest mogleg ut av turen, tilrår vi å bestille Bike & Hike ved Nærøyfjorden. Då får du med fjordcruise frå Flåm til Dyrdal, sykkeltur på elsykkel til stølen Hjølmo og guida fjelltur opp til toppen derfrå. Same veg tilbake.

To kvinner går på sti over Sognefjorden

10. Ovriseggi på Vikafjellet

Det er ikkje berre i Flåm og Aurland du finn turalternativ med fjordutsikt. Myrkdalen Fjellandsby ligg berre 45 minutts køyring frå Vik ved Sognefjorden, og fjellplatået Vikafjell imellom byr på ei mengd stiar i varierande vanskegrad og lengd. Ovriseggi er familievenleg tur, men fantastisk utsikt over Vikøyri og Sognefjorden og over mot Vangsnes, Hella, Balestrand og den flotte Kvinnafossen på andre sida av fjorden.

Frå Myrkdalen køyrer du mot Vik, og like etter tunnelen går det ein liten grusveg opp til høgre, parker her. Stien langs eggen er merkt og enkel å finne. Dette er ein lettkupert tur, og sannsynlegvis den minst bratte av turane på denne lista, med unntak av postvegen langs Nærøyfjorden, sidan du alt har køyrt opp på platået. Berekn 2–3 timar totalt tur/retur Daurmålshaugen. Ynskjer du ein lengre tur, er det mogleg å gå vidare ned til Store Svingen over Vik eller heilt ned til Vikøyri.

Flåm og Aurlandsfjorden sett frå Brekkefossen

11. Brekkefossen utsiktspunkt

Utsiktspunktet Raokjen ved Brekkefossen er ein fin liten tur frå Fretheim Hotel, og passar til dømes fint som ein kveldstur frå Fretheim Hotel. Fyrste del av turen går på asfaltert veg 1,5 kilometer langs dei koselege gardane ved Flåmselva mot Haugen Gard. Litt før Haugen er det skilta mot Brekkefossen. Herifrå følgjer du grusveg eit lite stykke, før du møter den vakre sherpabygde steintrappa.

500 meter trappegåing seinare opnar utsikta seg framfor deg. Ikkje berre er du rett ved sida av den store fossen, du har også panoramautsikt over Flåm og den inste delen av Aurlandsfjorden. Set deg ned og nyt, før du returnerer same veg.

Ynskjer du ein lengre tur, kan du anten halde fram på stien oppover i fjellet mot Grindaflethytta og Stalheim eller gå over Fretheimshaugane tilbake til fjorden.