Hopp til innhald
Stegastein om vinteren. Fire personar ser ut over Aurlandsfjorden og vinterlandskap
Stegastein utsiktspunkt
Flåmsbana i vinterlandskap.
Flåmsbana
Nærøyfjorden om vinteren med snødekte toppar og stille fjord
Fjord Cruise Nærøyfjord
Tre vikingar i Vikinglandsbyen i Gudvangen. Held sverd og skjold
Vikinglandsbyen
Fire personar på trugetur med utsikt over Aurlandsfjorden og kvitt fjellandskap
Trugetur
Tradisjonelle bygningar på Otternes gard med Aurlandsfjorden i bakgrunnen.
Otternes
Fire personar drikk varm drikke rundt bålpanne framfor Fretheim Hotel.
Bål ved Fretheim Hotel
Fire personar skåler og smiler rundt eit bord på Restaurant Arven
Restaurant Arven
Jenter køyrer ned skibakkane i Myrkdalen Fjellandsby. Utsikt til vinterlandskap.
Myrkdalen Fjellandsby
Bakverk og kaffe frå Flåm Bakeri
Flåm Bakeri
Interiør i Flåm-butikk. Aurlandssko og -vesker, smykke og andre varer.
Butikkar i Flåm
Familie på ski framfor Voss Gondol og Hangur Restaurant.
Voss Gondol

12 grunnar til å besøke Flåm om vinteren

Opplev vinter ved fjorden i Flåm. På grunn av plasseringa kan Flåm tilby det beste av fjordar og fjell, uansett om du berre vil slappe av og nyte den flotte naturen, drive med roleg aktivitet i snøen eller stå på ski heile dagen. Sjekk ut 12 gode grunnar til å besøke Flåm om vinteren.

1. Verdas vakraste togreise

Det er ikkje utan grunn at Lonely Planet har kåra Flåmsbana til ei av verdas vakraste togreiser. Ein tur på den bratte, ikoniske togbana er ei oppleving ein bør unne seg minst éin gong i livet. Og togreisa er minst like spektakulær om vinteren. Snødekte fjellsider og islagde fossefall gjer deg ikkje mindre imponert over ingeniørkunsten bak den 20 kilometer lange jernbana. Bana svingar seg oppover Flåmsdalen gjennom heile 20 tunnelar, med ein høgdeforskjell på 866 meter frå Flåm nede ved fjorden til Myrdal stasjon.

2. Fjordcruise på den UNESCO-verna Nærøyfjorden

Eit fjordcruise på den verdsarvlista Nærøyfjorden er ei annleis oppleving om vinteren. Omkransa av dei stupbratte fjellsidene, eit frostdekt landskap og det blålege lyset er atmosfæren stillare enn resten av året. Om bord på den heilelektriske båten Future of The Fjords er lyden av tynn is som brekk rundt båten, det einaste du hører no og då. Er det for kaldt til å stå ute på dekk, kan du nyte naturen frå innsida gjennom dei store panoramavindauga.

3. Gå tilbake i tid i Vikinglandsbyen

Korleis var livet ved fjordane vinterstid for tusen år sidan? Reis tilbake i tid og høyr historiene om vikingane i Vikinglandsbyen Njardarheimr. Vikinglandsbyen er open kvar dag denne vinteren. “The Viking Experience” er inkludert i inngangsbilletten og viser deg korleis det var å vere viking.

4. Nyt utsikta frå Stegastein utsiktspunkt

Du kan ikkje besøke Flåm om vinteren utan å ta turen til Stegastein. Når du står på Stegastein utsiktspunkt, som ruver 650 meter over Aurlandsfjorden, har du panoramautsikt over Aurlandsfjorden og det fantastiske verdsarvlandskapet. Utsiktspunktet stikk 30 meter ut frå fjellet og gir deg ei kjensle av å stå i lause lufta.

5. Bli med på trugetur

Vinteropplevinga ved fjorden er ikkje fullkomen før du har vore oppe i fjella. Opplev det magiske lyset om morgonen eller ettermiddagen på ein Trugetur i fjellet bak Stegastein utsiktspunkt. Guiden deler kunnskap om området og tek deg med til naturlege utsiktspunkt med fantastisk utsikt over fjorden, Flåm og den lille bygda Undredal.

6. Utforsk farne tider på Otternes

Eit besøk på den gamle Otternes gard er spesielt fint på ein kald og klar vinterdag. Ta ein spasertur langs Aurlandsfjorden til det gamle gardstunet når du er i Flåm, og sjå for deg livet her for 200 år sidan. Otternes er eit eksempel på eit typisk klyngetun, omtrent 4 kilometer langs Aurlandsfjorden frå Flåm. Den eldste bygningen som står i dag, stammar frå 1700-talet, men det er funne bevis på busetjing heilt tilbake til 300-talet.

7. Kveldskos rundt bålpanna

Kva er vel betre enn å samlast rundt bålpanna med noko varmt i koppen etter ein dag fylt med aktivitetar?  Bålpanna i hagen utanfor Fretheim Hotel er tent kvar ettermiddag og kveld heile vinteren. Men har du fått nok av kulda, er peisen i hotellobbyen eit godt alternativ.

8. Spis middag på restaurant Arven

Visste du at sjømat smakar aller best om vinteren? Når du har slappa av ved bålpanna, kan du ta turen inn til Fretheim Hotels Restaurant Arven og smake sjølv. Restauranten serverer tradisjonelle rettar av lokalproduserte råvarer med ein moderne vri. Du kan sjølvsagt òg finne kjøt- og vegetarrettar på dei ulike sesongmenyane.

9. Ta ein dagstur til Myrkdalen Fjellandsby

Det største skianlegget på Vestlandet ligg berre 45 minutt unna. Hopp på Fjord & Fjellbussen frå Flåm til Myrkdalen om morgonen, og nyt ein dag på ski, eller fyll dagen med andre snøaktivitetar. Om ettermiddagen tek du same buss tilbake til Flåm.

10. Smak ein kanelbolle på Flåm Bakeri

Den nydelege kanelbollen frå Flåm bakeri er nesten grunn nok i seg sjølv til å stoppe i Flåm, og er definitivt noko som må smakast når du først er her. Handverksbakarane her lagar alt frå botn av, inkludert surdeigsbrød, kaker og andre norske spesialitetar.  

11. Handle lokale produkt hos Flåm Store

Vil du har eit spesielt minne frå Flåm? Eller treng du varme klede eller ein termokopp som kan halde deg varm? Stikk innom dei to konseptbutikkane våre, Flåm Store Exclusive og Flåm Store Active. Her finn du alt frå den originale aurlandsskoen til skinnvesker, ullprodukt og andre handverksprodukt frå Norge.

12. Den største gondolen i Nord-Europa

Sjå Voss frå fugleperspektiv. Den største og mest moderne gondolen i Nord-Europa tek deg frå Voss sentrum til Hangurstoppen (820 moh) på mindre enn 7 minutt. Ta deg tid til å leike i snøen og spise ein betre lunsj på Hangurstoppen Restaurant når du først er her. Voss Gondol ligg på Voss, 1 times køyring frå Flåm, og kan kombinerast med ein tur med Flåmsbana.