Hopp til innhald
Ein båt seglande på Hjørundfjorden med blomeeng i framgrunnen og 
Sunnmørsalpane bak
Vårdag på Geirangerfjorden med snø på fjella og stor foss
Eit gult og to raude naust langs Fjærlandsfjorden med gråvêrskyer over fjella
Ferje på Sognefjorden med blømande frukttre framfor og snødekte fjelltoppar bak
Flåmsbana køyrer nedover ein grøn dal ved sida av elva
Båt seglar innover Nærøyfjorden forbi ein liten gard
Tre born hoppar på ein stein på fjellet i Myrkdalen
Toppstasjonen på Voss Gondol med ein raud kabin på veg inn
Ein mann sitjande på toppen av Bakkanosi over Nærøyfjorden
Rutebilferja seglar på Lysefjorden

13 bilete som inspirerer til ferie på Vestlandet

Vestlandet er kjent for spektakulær natur med fjordar og bratte fjell. Bli inspirert til å leggje noregsferien hit med desse 13 fantastiske bileta frå regionen.

Mest kjent er kanskje Geirangerfjorden og Sognefjorden, men her er mange fleire kjende og ukjende stader verdt eit besøk. Her får du 13 bilete som viser det beste av kva ein vestlandsferie kan by på, frå Møre og Romsdal i nord til Rogaland i sør.

Ei eng med lilla engkarse ved Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane

1. Hjørundfjord

Omringa av dei majestetiske Sunnmørsalpane. Eit ynda område for turgåarar, fjellklatrarar, skikøyrarar og padlarar, så vel som kongelege. Trivelege små fjordbygder, og kanskje eit av våre mest populære instamotiv – nemleg huska på Trandal. Utforsk Hjørundfjorden i kombinasjon med nokre dagar i jugendbyen Ålesund. 

Tidleg sommardag på Geirangerfjorden med ein stor foss og snø på høge fjelltoppar

2. Geirangerfjord

Ein av dei mest berømte attraksjonane i landet. Geirangerfjorden er ein 15 kilometer lang fjordarm til Storfjorden og ein av fjordane som utgjer UNESCOs verdsarvlista Vestnorsk Fjordlandskap. På ei reise gjennom fjorden frå Hellesylt til Geiranger får du sett nokre av dei mest fotograferte fossane våre, Brudesløret, Sju søstrer og Friaren.

3. Fjærland

Der bre og fjord møtest. Fjærlandsfjorden er ein arm til Sognefjorden, som endar i Fjærland der han møter Jostedalsbreen – Fastlands-Europas største isbre. Frå Balestrand kan ein bli med på ei halvdagsutflukt med fjordcruise gjennom fjorden til Fjærland, besøk på Norsk Bremuseum og ein busstur opp til breen.

Vårdag ved Sognefjorden med blømande frukttre og ei ferje som seglar

4. Sognefjorden

Kongen av fjordane. Heile 205 kilometer strekkjer han seg frå kysten til Skjolden i Luster kommune. Ikkje berre er Sognefjorden den lengste fjorden i landet, han er også den djupaste og går heilt ned til 1300 meter under havoverflata. Visste du at du kan ta hurtigbåt frå Bergen til Flåm gjennom Sognefjorden på sommaren?

Eit tog på Flåmsbana på veg nedover dalen ved den turkise elva

5. Flåmsbana

Ei av dei vakraste togreisene i verda. Folk kjem frå heile verda for å oppleve Flåmsbana. Jernbana som går frå Aurlandsfjorden i Flåm til Myrdal 867 moh. Turen gjennom den bratte og frodige Flåmsdalen tek omtrent 50 minutt inkludert eit fotostopp ved Kjosfossen. Kombiner gjerne togturen med Flåm Zipline – Skandinavias lengste zipline.

To syklistar ved ei elv på Rallarvegen i Flåmsdalen

6. Rallarvegen

Vår mest populære sykkeltur. Frå Haugastøl eller Finse til Flåm syklar du frå høgfjellet og ned til fjorden. Er det ein sykkeltur ein må gjere i løpet av livet, så er det denne. Det er ein relativt snill sykkeltur som alle med litt sykkelerfaring kan gjere. Tek du morgontoget til Finse, er du i Flåm utpå ettermiddagen, mange opplevingar rikare.

Elektrisk passasjerbåt seglar forbi ei grøn slette mellom bratte, grøne fjell i Nærøyfjorden

7. Nærøyfjord

Verdsarv på sitt vakraste. Denne fjordarmen til Aurlandsfjorden og Sognefjorden er vår smalaste fjord, omringa av fjell som strekkjer seg over 1000 meter rett opp frå fjorden. Langs Nærøyfjorden ligg idylliske små og urørte fjordbygder utan vegsamband. Saman med Geirangerfjorden utgjer Nærøyfjorden Vestnorsk Fjordlandskap som står på verdsarvlista til UNESCO.

Tre barn held hender på fjelltur i Myrkdalen

8. Myrkdalen

Fjellbygda som er mest kjent for snø. Når snømengdene frå vinteren smeltar, dukkar grøne bøar og koselege stølar fram. Her kan ein ta skiheisen til fjells også på sommaren, utfordre seg på ein 850 meter stor pumptrack eller bli med på guida flugefisketur. Myrkdalen Fjellandsby er ein flott base for aktive familiar.

Mann med grøn jakke ser ned i Nærøyfjorden frå Bakkanosi

9. Topptur med fjordutsikt

Når utsikta gjer at du gløymer strevet opp. Vestlandet har mange flotte toppturar med storslagen utsikt rett ned i fjordane. For dei som vil jakte toppar med fjordutsikt, er Bakkanosi og Breiskrednosi er to av høgdepunkta i Vestland. Her ser ein rett ned i Nærøyfjorden – meir spektakulært blir det ikkje.

Ei kvinne på Stegastein utsiktspunkt over Aurlandsfjorden i solnedgang

10. Stegastein

650 meter rett ned. Stegastein utsiktspunkt stikk 30 meter ut i lufta rett over Aurlandsjorden. Utsiktspunktet som er bygd i stål og kledd med furu har fått mykje merksemd for designet, og ligg langs den Nasjonale turistvegen mellom Aurland og Lærdal kalla «snøvegen». Dei Nasjonale turistvegane er uansett eit heitt tips for noregsferien.

Tre turgåarar står inne i ei jettegryte i Aurlandsdalen

11. Aurlandsdalen

Noregs svar på Grand Canyon. Aurlandsdalen er på mange si bucketliste over fjellturar i Noreg, og det er ikkje utan grunn. Ein kan gå heilt frå Finse til Vassbygdi i Aurland i tre etappar med overnatting undervegs, eller som dagstur frå Østerbø. Det er uansett ei mektig oppleving. Tips: ta avstikkaren innom jettegryta Vetlahelvette, og gå ruta om Bjørnstigen for best utsikt.

Ein gondolkabin på vaieren utan for toppstasjonen på Voss Gondol

12. Voss Gondol

Til fjells i ein fei. Voss Gondol opna sommaren 2019 og vart raskt populær blant alt frå barnefamiliar som vil ta ein enkel fjelltur, mosjonistar som vil gå vidare til Lønahorgi eller innover Stølsheimen til pensjonistar som berre vil nyte ein kopp kaffi til god utsikt. Hangurstoppen restaurant har panoramautsikt over vossefjella. Gondolturen tek under 9 minutt frå Voss stasjon til Hangurstoppen.

Turistbilferja seglar på Lysefjorden ein fin sommardag

13. Lysefjord

Vakker natur og spanande fjellformasjonar. Det er kanskje spesielt Preikestolen som har sett Lysefjorden på kartet for mange, men området er meir enn denne eine fjellformasjonen. Her finn du fleire flotte fjellturar, koselege tettstader og storslått natur. I tillegg til Preikestolen er Kjeragbolten inst i Lysefjorden eit must for turinteresserte. Det er også ein kjend exit for basehopparar, så pass på å sjå opp når du er på fjorden!