Oppdag skjulte perler i området rundt Myrkdalen og Flåm
Den enklaste måten å finne unike stader der ein er på ferie, er å snakke med dei som bur på staden. Dei har ofte eigne, mindre kjende stader dei plar å dra til når dei har fri, og som dei viser til vener og familie som er på besøk. Her får du 15 perler i og rundt Flåm og Myrkdalen frå oss.

1. Fjordbygda Dyrdal
Idylliske Dyrdal ligg inne i Nærøyfjorden, og einaste tilkomst er med båt. Tidlegare var det ei livleg fjordbygd med både skule og sjukestove, men i dag er det berre éin mann som bur her fast. Hopp av fjordcruiset frå Gudvangen eller Flåm og nyt ein dag med vandring oppover dalen og bading i verdsarvfjorden. Hugs å ta med mat og drikke. Vil du lenger, kan du bli med på Bike & Hike ved Nærøyfjorden til toppen Breiskrednosi over Dyrdal.

2. Otternes bygdetun
Otternes er eit originalt gamalt bygdetun langs E16 mellom Flåm og Aurland. Dei eldste av dei 26 bygningane er frå 1700-talet, og ein kan ikkje unngå å drøyme seg tilbake i tid medan ein ruslar rundt mellom husa. Nydeleg utsikt over Aurlandsfjorden og inn mot Flåm får du også. Gå dei 4 kilometrane langs fjorden frå Flåm, eller følg skilt frå bilvegen og parker rett utanfor tunet.

3. Brekkefossen
Brekkefossen er ein fin kveldstur om ein overnattar i Flåm. Dei sherpabygde steintrappene opp til utsiktspunktet ved fossen stod ferdig våren 2020 og gjer det enkelt å gå for dei fleste. Frå utsiktspunktet ser du rett bort og ned på fossen, og har samstundes utsikt over Flåm og Aurlandsfjorden. Berekne 1–2 timar på turen dersom du går frå Flåm sentrum.

4. Topptur til Prest
Fjellturen til Prest (1.478 moh) gjev deg panoramautsikt over Aurlandsfjorden. Det er ein relativt enkel topptur som du bør berekne ca. 3 timar på. Køyr mot Stegastein og vidare forbi Bjørgo. Turen startar på ein tilrettelagd parkeringsplass, derifrå er det tydeleg sti. Ta med godt med niste og nyt dagen ute med spektakulær utsikt.

5. Noregs einaste skofabrikk
Visste du at Aurlandskoen er den originale penny-loafaren og at han framleis blir produsert i dag? Bli med på omvising i fabrikken i Aurland, den einaste gjenverande i landet, og hør historia om korleis Nils Tveranger henta inspirasjon frå indianske mokasinar og korleis han vart så populær frå 1930-talet. Samstundes får du sjå korleis skomakarane jobbar i dag. Kanskje reiser du derfrå med eit nytt par sko med livstidsgaranti?

6. Myrkdalen Galleri
Også i Myrkdalen har det vore dyktige handverkarar og kunstnarar i generasjonar. Hjå Myrkdalen Galleri, som både er verkstad og galleri, får du sjå nydelege verk av treskjering og grafikk av Arne Mørkve og Geir Nymark. Galleriet er ope kl. 10–18 måndag–fredag og kl. 11–18 laurdag–sundag. Finn du noko du liker, er det fullt mogleg å kjøpe kunst med seg heim. Myrkdalen Galleri ligg omtrent midt i dalen like ved hovudvegen, sjå etter skilt.

7. Mørkvesstølen og Svortetjødn
Mørkvesstølen er ein idyllisk og typisk vestlandsstøl. Tek du stolheisen opp frå Myrkdalen sentrum er det ein fin og familievenleg tur ned til stølen. Herifrå har du utsikt over Myrkdalsvatnet og fjella rundt. Vil de gå vidare, kan de følgje stien til Svortetjødn eit stykke ovanfor stølen. Tjernet ligg fint og skjerma til, perfekt for eit nedkjølande bad på sommaren. Kanskje ser de nokon adrenalinsugne sauer klatre i den bratte fjellveggen i nordenden?

8. Undredal og Stokko
Undredal langs Aurlandsfjorden er ikkje heilt løynd, men det er fort gjort å køyre forbi på veg til eller frå Flåm. I denne sjarmerande fjordbygda med ca. 60 fastbuande og ein masse geiter, finn du blant anna Noregs minste stavkyrkje og eit ysteri som produserer kvit og brun geitost av prisvinnande kvalitet.
Frå Undredal kan ein gå ein fin og familievenleg sti heilt i fjordkanten til Stokko. Stokko var ein gong ein gard, men er no berre ei stor og flott grasflate perfekt for ein rast, leiking og kanskje eit fjordbad? Turen er 2 km éin veg og merkt frå Undredal.

9. Overnatting i ei gamal løe
Kunne du tenkje deg ei overnatting heilt utanom det vanlege? I Myrkdalen er det faktisk mogleg å overnatte i ein gamal tråfjos. Ei løe som tidlegare var brukt tidleg på sommaren når kyrne akkurat var sleppte på beite. I Tråfjosen i dag kan du framleis sjå spor av den gamle strukturen. Gjennom det store vindauget ser du ut over Myrkdalen og Myrkdalsvatnet. Passar for to til tre vaksne eller ein familie på to vaksne og to born, som ynskjer ei spesiell overnatting midt i naturen.

10. Holo og Vetle Grungen
Ein annan fin tur startar før du har kome opp på Vikafjellsplatået, 10 minutts køyring eller 6 km sykling frå Myrkdalen Hotel. Frå stølane i Holo går du oppover den merkte stien i Grungagjelet og langs Vetla Grungavatnet til du kjem til den vesle stølen Vetle Grungen. Hugs god niste og badetøy! Familiar med born over 12 år kan bli med hit på Bike & Hike frå Myrkdalen.

11. Kongevegen frå Styvi
Nærøyfjorden er ei perle i seg sjølv, og ein av dei finaste måtane å kome nær fjorden på er å gå den gamle Kongelege Postvegen mellom Styvi og Bleiklindi (tvers over fjorden frå Bakka). Ta fjordcruise frå Flåm eller Gudvangen og gå av på den gamle, fint bevarte garden Styvi. Gå stien tur/retur til Bleiklindi, som er oppkalla etter det store lindetreet med ein spesiell lysegrøn farge på blada. Totalt er turen 10 kilometer.
Det er og mogleg å bli med på ein guida kajakk- og vandretur i Nærøyfjorden. Turen inkluderar fjordcruise, paddling over fjorden frå Dyrdal og tur på den gamle kongevegen.

12. Stalheimsfossen
Stalheimsfossen ligger øvst i Nærøydalen, ved Stalheimskleiva. Køyrer du frå Flåm til Myrkdalen, skal det godt gjerast å ikkje leggje merke til denne og Sivlefossen like ved. Køyr av ved utkøyrsla til Stalheimskleiva, eller stopp i botnen av kleiva som er einvegskøyrt nedover. Her er det tilrettelagt parkering, og ein godt opparbeidd 900 meter lang sti heilt inn til fossen.

13. Solnedgang frå Stegastein
Utsiktspunktet Stegastein er definitivt inga løynd perle, heller eit must for alle som køyrer forbi. Det ikkje like mange har gjort, er å nyte utsikta over Aurlandsfjorden og verdsarvlandskapet i solnedgang. Få mest mogleg ut av feriedagen og bli med på tur frå Flåm etter middag kvar kveld frå 19. juni til 2. august.

14. Fjordutsikt frå Vikafjell
Vikafjell ved Myrkdalen byr på mange flotte turstiar, anten ein vil gå langt eller kort. Her finn ein blant anna dei enklaste turane med fjordutsikt i området, rett og slett fordi du alt har køyrt opp på fjellplatået. Ein av desse er Ovriseggi, ein lettkupert, merkt sti som gjev utsikt mot Sognefjorden, Vikøyri og det spektakulære fjellpartiet Hurrungane. Køyr opp på Vikafjellet frå Myrkdalen til du har passert tunnelen, sjå etter avkøyring til parkeringsplassen på høgre side. Berekn 2–3 timar på turen.

15. Tårnsuiten på Fretheim Hotel
I det ein kjem inn i den Historiske Tårnsuiten på Fretheim Hotel, byrjar ein å drøyme seg attende i tid til då engelske lordar kom til Flåm for å fiske laks. Her har ein flott utsikt over Flåm sentrum og mot Aurlandsfjorden. Suiten er fordelt over to plan, med boblebad på badet nede og sitjegruppe og dobbeltseng oppe. Passar spesielt godt for deg som ynskjer ein romantisk ferie.