Hopp til innhald
Kvinne midt på bilete vend framover med utsikt over det grøne havet og frodige, bratte fjell om bord Fjord Cruise Nærøyfjord
Nærøyfjorden
Turistbåten Fjord Cruise Lysefjord glir gjennom det dramatiske, steinete landskapet sett frå fugleperspektiv
Lysefjorden
Kvinne med blondt hår om bord Fjord Cruise Geirangerfjord ser på store brusande fossar som går rett ned i fjorden
Geirangerfjorden
Ungt, lukkeleg par tek selfie om bord Fjord Cruise Hjørundfjord. Høge, spisse og ville fjell i bakgrunnen på ein solfylt dag
Hjørundfjorden
Folk på øvste soldekk på den klassiske bilferja Fjord Cruise Sognefjord nyt spektakulær natur på Nærøyfjorden
Nærøyfjorden
Panorama av Fjærlandsfjorden på ein sommardag med bomullskyer og frodige fjell som dykkar ned i den grøne fjorden
Fjærlandsfjorden
Hybridbåten Vision of The Fjords ved sida av eit fyrtårn på ei svært lita øy i Oslofjorden i roleg sjø ved solnedgang
Oslofjorden

7 norske fjordar du bør oppleve!

Dei blå og grøne fjordane i Norge er omkransa av majestetiske fjell, vill natur, imponerande fossefall, snøkledde toppar og urgamle isbrear. Vi har plukka ut sju fjordar som byr på opplevingar du aldri vil gløyme.

I Norge er det meir enn 1700 fjordar. Alle med sitt særpreg. Men kva fjordar er verdt eit besøk, og kva har dei ulike fjordane å by på? Her har vi plukka ut nokre verkelege godbitar til deg: 7 norske fjordar som byr på opplevingar du aldri vil gløyme.

1. Nærøyfjorden – slåande vakker UNESCO-fjord

Nærøyfjorden er litt av eit syn, uansett årstid. I frost og snø om vinteren, med smaragdfarga vatn frå isbreane om våren, med grøne, blomstrande lier om sommaren eller i fargesprakande prakt om hausten.

Nærøyfjorden står på UNESCO si verdsarvliste. I 2004 kåra magasinet National Geographic fjorden til “Verdas beste urørte reisemål”. Då CNN i 2017 kåra 50 naturlege under i verda, skreiv dei dette: “Dersom du berre har tid til å besøke to fjordar i heile ditt liv, bør du velje Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.”

Dei to fjordane delte tiendeplassen i konkurranse med kjende naturperler over heile verda. Andre fantastiske stader på lista var Preikestolen ved Lysefjorden, vulkanen Stromboli, saltsletta Salar de Uyuni i Bolivia og Ngorongoro-krateret i Tanzania.

Den vakre og smale Nærøyfjorden er 17 km lang. Fjorden er ein avstikkar som går ut frå Aurlandsfjorden. Nærøyfjorden endar i den lille tettstaden Gudvangen, som ligg heilt inst i fjordarmen. På turen vil du oppleve brusande fossar, idylliske bygder og mange andre syn som du seint vil gløyme.

Fjordcruisa går to gonger dagleg om vinteren og fem gonger dagleg om sommaren frå Flåm og Gudvangen. Du kan bestille billettar her. Frå Flåm kan du òg dra på guida fjordsafari med RIB-båt og kome tett på naturen og kulturen langs Nærøyfjorden. Ein av dei mest spektakulære togturane i verda går frå Flåm til Myrdal. Les meir om Flåmsbana og bestill billettar her.

LES MEIR: Kva type ferie likar du? Finn fjorden som passar for deg (Fjord og sightseeing)

2. Lysefjorden – brei og majestetisk

På Sørvestlandet, ikkje langt frå oljehovudstaden Stavanger, meislar den majestetiske Lysefjorden seg 42 km inn i landskapet. Tar du eit cruise på fjorden, kan du slappe av og nyte flotte fjellformasjonar som tronar over Lysefjorden. Dei to mest kjende er fjellplatåa Preikestolen og Kjerag.

Preikestolen er ein av dei mest populære attraksjonane i Norge. Hit kjem det rundt 30 000 turistar kvart år. I 2015 toppa det berømte fjellplatået reiseguiden Lonely Planet si liste over verdas mest imponerande utkikkspunkt. Og i 2017 var Preikestolen heilt øvst på CNN si liste over verdas naturlege underverk.

Dersom du har sett filmen Mission: Impossible - Fallout, har du fått med deg dei halsbrekkande stunta med Tom Cruise frå nettopp Preikestolen. Granittveggen Kjerag reiser seg 1084 loddrette meter opp frå landskapet og er godt synleg frå Lysefjorden.

300 meter frå Kjeragplatået ligg Kjeragbolten, ein spesielt utfordrande fjellformasjon for våghalsar, og eit populært fotoobjekt for mange. Frå Stavanger kan du dra på dagscruise i Lysefjorden. Har du meir tid til overs, kan du gå til Preikestolen eller Kjerag. Men hugs å ta med solid fottøy og godt med klede, mat og drikke.

Les meir om Lysefjorden og fjordcruise her.

3. Geirangerfjorden – Norge på sitt vakraste

Geirangerfjorden er, i likskap med Nærøyfjorden, på UNESCO si verdsarvliste. Denne 15 kilometer lange fjorden er eit svært populært fotoobjekt. Geirangerfjorden er faktisk eit av Norges mest kjende og populære reisemål, både norske og utanlandske turistar.

Dreg du på cruise i Geirangerfjorden, kan du på komfortabelt vis kome tett på både fossar og imponerande fjell. På turen får du blant anna oppleve Knivsflåfossane, som òg blir kalla Dei sju søstrer. Namnet på fossefalla har opphav frå vatnet som strøymer ned frå fjella og minner om håret til sju kvinner.

På den andre sida av fjorden finn du fossen Friaren. Namnet er henta frå ei forteljing om ein friar som gong på gong fridde til Dei sju søstrene, men fekk avslag kvar gong.

Noko av det mest fasinerande med Geirangerfjorden er dei små gardane som klorer seg fast i dei bratte liene og fjellsidene. Det bur ikkje folk på gardane lenger, men du kan framleis sjå dei dersom du reiser på fjordcruise. Du kan til og med spasere til ein av gardane, Skageflå, frå Geiranger sentrum.

Om du vil reise på fjordcruise i Geiranger, finn du meir informasjon og kan bestille billettar her.

4. Hjørundfjorden — fjordar og norsk alpar

Dei majestetiske Sunnmørsalpane er delte i to av Hjørundfjorden. Fjorden skjer djupt og langt inn i fjellområdet med dei mange spisse fjelltoppane.

Hjørundfjorden er 33 km lang og omkransa av urørt natur og små bygder på begge sider. Enkelte stader er båt det einaste framkomstmiddelet.

Her, i denne ville og utamde naturen, har både turgåarar og skiløparar funne sitt paradis, men Hjørundfjorden kan òg nytast med kvilepuls på fjordcruise frå den vakre jugendbyen Ålesund til tettstadet Øye. På vegen er det mogleg å hoppe av og på att i vesle Trandal eller Urke.

Med Hjørundfjorden som destinasjon kan du skreddarsy din eigen ferie. Sunnmørsalpane byr på fotturar, klatring og skikøyring for deg som likar å vere aktiv.

Eller du kan senke pulsen i Øye og nyte atmosfæren, romantikken og god mat og drikke på historiske Hotel Union Øye. I jugendbyen Ålesund kan du kombinere natur med kultur og arkitektur. Her er noko for alle. Dette er ein tur du seint vil gløyme.

TIPS! Du kan enkelt kombinere Hjørundfjorden og Geirangerfjorden i éi reise. Les meir her.

5. Sognefjorden – dronninga av dei norske fjordane

Norges lengste fjord går heilt inntil nasjonalparken Jotunheimen, som har heile 24 av Norges 25 høgaste fjelltoppar.

Den mektige Sognefjorden har eit virvar av fjordarmar som breier seg utover i vakre landskap med vill natur og rik kultur. Du er aldri langt unna ein uforgløymeleg fottur, spennande brevandring, aktivitetar som får opp pulsen, ein fisketur eller andre spennande aktivitetar og unike opplevingar for heile familien.

Sognefjorden er heile 204 kilometer lang. På det djupaste er det 1300 meter ned til sjøbotnen, som gjer fjorden til Norges djupaste. Majestetiske fjell på over 1700 meter omkransar den vakre, blå Sognefjorden.

Ut frå Sognefjorden breier det seg ut fjordarmar som Fjærlandsfjorden, Aurlandsfjorden og fjorden som er ført opp på UNESCOs verdsarvliste, Nærøyfjorden.

Det er ikkje mogleg å få med seg heile Sognefjorden på éin ferietur, men du kan dra på fjordcruise på Sognefjorden og oppleve mange av dei vakraste og mest imponerande stadene. Turen går mellom Gudvangen i botnen av Nærøyfjorden til den gamle vikinghandelsstaden Kaupanger, som ligg på andre sida av Sognefjorden.

På turen kjem du tett på mange flotte naturopplevingar, så hald kameraet klart. Er du så heldig å reise på ei tid då snøsmeltinga er i gang, kan du oppleve dei mange fossane som buldrar ned i fjorden. Ved Gudvangen kan du for eksempel la deg fascinere av Kjelfossen, som har eit fritt fall på 840 meter.

Ferja passerer òg det imponerande fjellet Bleia på 1775 meter. Når du veit at det same fjellet held fram 1000 meter under havoverflata, ville det vore Norges høgaste fjell dersom fjorden var borte.

På andre sida av Sognefjorden ligg Kaupanger – eit kjent ferjeleie, men òg ein gammal handelsstad. Direkte omsett frå norrønt tyder Kaupang “handelshamn”. Her kan du blant anna sjå Kaupanger stavkyrkje, med historie helt tilbake til 1100-talet, rett etter vikingtida.

Den klassiske bilferja har mange avgangar i turistsesongen og bruker ca 2,5 time på turen éin veg. Det er stor interesse for å reise med turistbilferjene, så bestill gjerne billett på førehand. Billettar til fjordcruise på Sognefjorden kan du bestille her.

6. Fjærlandsfjorden – isbrear, fjell og blågrøne fjordar

Utan isbreane ville me ikkje hatt dei vakre fjordane. Etter tusenvis av år med skuring har isbreane grave ut og forma fjordane slik dei er i dag. I Norge har vi hatt mange istider. Då isen til slutt trekte seg tilbake og inn i dalføra, kom fjordane til syne.

Restane av istida kan du sjå i dalføra som strekkjer seg ut frå enkelte fjordarmar, for eksempel Fjærlandsfjorden. Denne avstikkaren frå Sognefjorden startar ved tettstaden Balestrand og går 25 kilometer inn i eit landskap med høge fjell, mange fossar og sjarmerande bygder.

Frå Fjærlandsfjorden går det eit dalføre som fører til Europas største isbre på fastlandet: Jostedalsbreen og brearmane til denne digre isbreen.

Jostedalsbreen er omtrent 100 kilometer lang og 15 km på det breiaste. Isbreen har mange brearmar, som Bøyabreen og Suphellebreen i Fjærland, Nigardsbreen, Briksdalsbreen og Tunsbergdalsbreen. Sistnemnde er den største bretunga til Jostedalsbreen.

Isbreane både veks og minkar. Jostedalsbreen hadde faktisk ein vekstperiode helt fram til 2000-talet, før han igjen byrja å trekke seg tilbake. Men han er framleis eit mektig syn!

Du kan oppleve både Fjærlandsfjorden og isbreane med eit halv- eller heildags fjordcruise.

Halvdagscruiset på Fjærlandsfjorden gir deg mange ulike opplevingar på få timar. Frå Balestrand går båtturen innover Fjærlandsfjorden. Heilt inst i fjordarmen, i Fjærland, blir du bussa til Bøyabreen og Norsk Bremuseum.

Dersom du vel heildags fjordcruise på Fjærlandsfjorden, får du i tillegg med deg Supphellebreen og Jostedalsbreen før båten returnerer til Balestrand.

7. Idylliske Oslofjorden

Reiser du frå vest til aust i Norge, møter du andre fjordtypar enn vestlandsfjordane, som er omkransa av høge, snødekte fjell og isbrear. Den dramatiske og ville naturen glir over i eit rolegare og flatare landskap, med svaberg og små, sjarmerande viker og øyer.

Oslofjorden er kjend og kjær for ein stor del av Norges befolkning som er busett i småbyar langs kysten. Fjorden er heile 120 km lang og munnar ut i Skagerrak. Inst i fjorden ligg Norges pulserande hovudstad, Oslo.

Reiser du utover i Oslofjorden, passerer du mange små, idylliske øyer og det smale Drøbaksundet, med historiske Oscarsborg på den eine sida og den idylliske småbyen Drøbak på den andre sida. Etter Drøbak breier Oslofjorden seg godt utover før han endar med byen Fredrikstad i aust og Tønsberg i vest.

Vil du sjå og oppleve fjorden, kan du ta eit fjordcruise på Oslofjorden med ein miljøvennleg båt med utsikt frå alle dekk. Båten har store panoramavindauge som gjer at du kan nyte utsikta i alle retningar, uansett ver.

Reisa startar ved Operaen i Bjørvika, ei arkitektonisk perle. Ut gjennom Oslofjorden vil ein guide peike ut og fortelje om både kjende landemerke og historiske stader du passerer i løpet av fjordcruiset.

Fjordcruise på Oslofjorden går kun frå januar til slutten av april. Men i sommarmånadane er det mange andre moglegheiter for båtturar og øyhopping i Oslofjorden. Spør på turistkontoret i Oslo.