Hopp til innhald
Glad mann i huske, vakre fjordar og fjell i bakgrunnen med snødekte fjell om sommaren
Hjørundfjorden
Folk på toppen av Preikestolen i Lysefjorden på ein sommardag, turistferje glir på roleg hav hundrevis av meter under
Lysefjorden
Solstråler trenger gjennom tåka på ein solrik haustdag i Nærøyfjorden medan elbåten Future of The Fjords glir på fjorden
Nærøyfjorden
Oransje og raude gamle hus i hamnebassenget i Fjærlandfjorden. Frodige, bratte fjell som går rett ned i den smale grøne fjorden
Fjærlandsfjorden
2 personar i grøn kajakk padlar på den fantastiske Hjørundfjorden i Norge omkransa av bratt alpint landskap og roleg hav
Hjørundfjorden
Folk ved rekkverk om bord Fjord Cruise Geirangerfjord tek bilete på nært hald av den velkjende fossen Brudesløret
Geirangerfjorden
Folk ved rekkverk om bord Fjord Cruise Sognefjord tek bilete av den fantastiske Nærøyfjorden, som er ført opp på UNESCOs verdsarvliste
Nærøyfjorden
Varm solnedgang ein sommardag i Oslofjorden, Fjord Cruise Oslofjord-båten Vision of The Fjords reiser mellom øyene
Oslofjorden

7 ulike dagscruise på verdas vakraste fjordar

På kun få timar kan du oppleve Norges flottaste fjordar på kloss hald. Her er 7 dagscruise du ikkje må gå glipp av.

Eit dagscruise på fjorden er noko alle bør få med seg, enten du kjem med cruisebåt, bil, på sykkel eller til fots. Utvalet er stort og variert, og uansett kva du vel, vil du oppleve ei reise gjennom storlått natur som du seint vil gløyme. Cruisa varer frå ein til to timar, medan andre går over ein hel dag. Vi rår deg til å velje tur basert på kor mye tid du har til disposisjon.

1. Lysefjord – Preikestolen og mektig utsikt

Den mektige Lysefjorden borer seg veg gjennom det norske fjellmassivet. Fjorden stoppar ikkje før han når Lysebotn, 42 kilometer inn i fastlandet.

Lysefjorden ligg i nærleiken av Stavanger, på den norske sørvestkysten. Fjorden er enkel å nå dersom du vil bruke ein dag på å nyte den ville naturen i Norge. Om sommaren kan du dra på fjordcruise i Lysefjorden og sjå dei mektige fjellplatåa Preikestolen og Kjerag frå sjøsida. Synet som møter deg er imponerande, uansett ver.

Preikestolen ragar 604 meter over Lysefjorden og er ein av Norges mest besøkte og fotograferte attraksjonar. Kvart år besøker over 30 000 turistar den 25 x 25 meter store fjellhylla, som er nesten heilt flat på toppen. Og treng du fleire insentiv, er fjellformasjonen bakteppe for halsbrekkande scener i Tom Cruise-filmen “Mission: Impossible - Fallout” frå 2018.

Preikestolen er fleire gonger skildra som ei oppleving du ikkje må gå glipp av. Blant anna har fjellplatået toppa Lonely Planet si liste over verdas mest imponerande utkikkspunkt og CNN si liste over naturlege underverk. Det er ikkje så rart at dei let seg blende av den majestetiske naturen i området.

Fjellplatået Kjerag og formasjonen Kjeragbolten ragar 1100 meter over Lysefjorden. Dei stupbratte fjellsidene har gjort Kjerag til ein populær stad for basehopparar frå heile verda.

Eit fjordcruise i Lysefjorden tek mellom to og fire timar og går to gonger dagleg om sommaren. Du kan hoppe av og på fleire stader: Lauvvik, Forsand, Revså, Songesand, Flørli og Lysebotn. Du finn meir informasjon om fjordcruise i Lysefjorden her.

2. Nærøyfjord – den beste fjorden i Norge?

Tettstaden Flåm er utgangspunkt for ei mengd aktivitetar i og rundt Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, éin av to norske fjordar som er ført opp på UNESCOs verdsarvliste. Nærøyfjorden deler æra med Geirangerfjorden og Bryggen i Bergen.

Om du berre har nokre få timar til overs, rår vi deg til å oppleve eit fjordcruise på Nærøyfjorden, som gjer det mogleg å oppleve denne unike naturskjønne perla på nært hald. Den svært smale UNESCO-verna fjorden er omkransa av ruvande fjell og små bygder. Her og der buldrar fossar ned fjellsidene, noko som gjer stort inntrykk på sjølv den mest reisevande turisten. Nærøyfjorden er kåra til eit naturleg underverk av CNN, og National Geographic har tidlegare gitt Nærøyfjorden tittelen “Verdas beste urørte reisemål”.

Fjordcruise på Nærøyfjorden går heile året. Fjordane er eit vakkert syn når som helst på året. Dette er gode nyheiter for deg som vil oppleve desse reisemåla utanom høgsesongen. Om våren kan du sjå buldrande fossar med smeltevatn og lysegrøne fjellsider med blømande frukttre. Om sommaren er fjorden dekt med grøne fjellskråningar medan snøen framleis ligg på fjelltoppane rundt. Hausten kan by på klar og lyseblå himmel som speglar seg i vatnet, og fjellsider i gult og raudt. Landskapet om vinteren er snødekt og så stille at du kan høyre ei knappenål falle. Alle årstider har sin eigen venleik, og desse naturperlene fortener eit besøk uansett tid på året.

Fjordcruise på Nærøyfjorden

For eit cruise med meir action, som tek deg endå nærmare naturen rundt Nærøyfjorden, kan du prøve fjordsafari med RIB-båt på verdsarvfjorden. På turen er det stopp i den idylliske bygda Undredal, der du kan smake på den lokale geitosten.

På vatnet kjem du tett på dyrelivet. Her er det ikkje uvanleg å sjå både ørn og sel, og er du heldig, kan du få auge på ei nise, som er ein liten kval.

Om du heller vil oppleve eit roleg fjordcruise på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, kan du nyte natur, kultur og dyreliv få spesialbygde sightseeingfartøy som glir stille gjennom fjordane. Hybridbåten Vision of the Fjords fraktar turistar mellom Flåm i Aurlandsfjorden og Gudvangen inst i Nærøyfjorden. På denne strekninga blir den elektriske motoren i båten nytta, noko som minimerer både utslepp og lyd.

Du kan òg reise som lokalbefolkninga, med dei lokale båtane og ferjene. Uansett kjem du så nær fjorden som rå utan å bli våt.

Flåmsbana, fotturar og vikingar

På land finst det òg mange aktivitetar du kan bli med på. Ta for eksempel den berømte togturen Flåmsbana, som slyngar seg opp bratte fjellsider, forbi brusande fossar, heilt opp til den pittoreske Myrdal stasjon på fjellplatået.

Dersom du likar fotturar og sykling, har du definitivt kome til rett stad. Lei ein sykkel og prøv den kjende sykkelruta Rallarvegen, eller dra på ein lang eller kort fottur i skog og fjell rundt fjordane. Du kan òg leige elbil og reise rundt i området, blant anna opp til det fantastiske utsiktspunktet Stegastein, der du kan nyte utsikta over snødekte fjelltoppar og Aurlandsfjorden langt der nede.

Er du nyfiken på vikingkulturen, kan du besøke vikinglandsbyen i Gudvangen, smake vikingmat og prøve deg som viking i nokre timar.

3. Fjærlandsfjorden – tett på mektige isbrear

Vi kan takke isbreane for å meisle ut dei vakre fjordane i det norske landskapet. Om du blir med på eit fjordcruise på Fjærlandsfjorden, kan du sjå Europas største isbre på land: Jostedalsbreen.

På cruiset frå kunstnarstaden Balestrand og Hella ved Sognefjorden til Fjærland inst i fjorden passerer du mange nydelege små bygder som ligg i ly under høge fjell. På grunn av smeltevatn frå isbrear er Fjærlandsfjorden skinande grøn. Turen tek deg òg med til Norsk Bremuseum.

Om du har meir tid til overs, kan du òg bli med på ein heildags fjordcruise på Fjærlandsfjorden. På denne turen får du ein herleg tur på fjorden kombinert med ein interessant stopp på Norsk Bremuseum. I tillegg kjem du tett på isbreane.

Ein skyttelbuss fraktar deg oppover Fjærlandsdalen, heilt opp til Bøyabreen og Supphellebreen. Dette er brearmar som går ut frå den mektige Jostedalsbreen. Etterpå kan du ta bussen tilbake til Fjærland og ta ein båttur på Fjærlandsfjorden tilbake til Balestrand og Hella ved Sognefjorden.

Om du har base i for eksempel Underdal, Flåm eller Aurland, kan du ta Flåmekspressen til Leikanger og Balestrand. Turen frå Aurlandsfjorden og over Sognefjorden er flott i seg sjølv. Litt ekstra valuta får du dersom du kombinerer turen med eit halvdags eller heildags fjordcruise på Fjærlandsfjorden. 

4. Hjørundfjorden – frå Ålesund by til dei ville alpane på 1-2-3

Eit cruise på Hjørundfjorden passar både for kresne turistar som vil oppleve det ekte Norge, og dei som likar å vere aktive.

Hopp på båten i kystbyen Ålesund, av mange rekna som Norges vakraste by. Herifrå går fjordcruiset vidare inn i Hjørundfjorden. Fjorden deler Sunnmørsalpane i to og strekker seg heilt inn til den lille tettstaden Øye.

På turen kan du hoppe av i Trandal og besøke Christian Gaard Bygdetun, eit sjarmerande vertshus som blant anna serverer mat laga av vilt, fisk, bær og andre lokale råvarer. Det er også mogleg å overnatte her.

Dreg du vidare frå Trandal, kjem du til Urke. Den lille bygda i hjartet av Sunnmørsalpane ligg solvendt til med nydeleg utsikt uansett kor du snur deg. Her er det matservering både inne og ute, og du kan overnatte i små hytter på Urke Camping. Dette er eit fint utgangspunkt for turar i dei vakre Sunnmørsalpane, blant anna til den kjende fjelltoppen Slogen, som ligg 1564 meter over havet.

Siste stopp før retur til Ålesund er Øye. Her finn du eit av dei mest kjende historiske hotella i Norge. Herskapelege Hotel Union Øye opna i 1891 og har husa store eventyrarar og mange kongelege opp gjennom åra. Forfattarar som Karen Blixen, Sir Arthur Conan Doyle og Knut Hamsun har søkt ro og inspirasjon her.

Sunnmøre er eit av verdas beste område for toppturar, og frå Øye kan du nå fleire av dei. Eller kan hende du heller vil leige deg ein kajakk og ta ein tur på vatnet i ro og fred?

5. Geirangerfjorden – på UNESCOs verdsarvliste

Det er ikkje utan grunn at Geirangerfjorden er eit av dei mest populære reisemåla i Norge. Når smeltevatn frå isbreane renn ut i denne ikoniske fjorden, blir den elles så djup blåe Geirangerfjorden farga lys grøn.

Geirangerfjorden er, ved sida av Nærøyfjorden, på UNESCOs verdsarvliste. Dette skuldast ikkje berre sjølve fjorden, men òg den reine og urørte naturen som omkransar fjorden.

Fjellsidene går så høgt som 1400 meter til vers, og fjorden er 500 meter på det djupaste. Vatn frå innsjøar og smeltevatn frå isbrear lagar dei mange fantastiske fossane som stupar ned frå fjella. Dei mest kjende er fossane er Dei sju søstrer, Friaren og Brudesløret, som du får sjå på nært hald dersom du reiser på cruise på Geirangerfjorden.

På båtturen som går frå Geiranger til Hellesylt, er det stor sjanse for å sjå mykje spennande dyreliv. Det kan hende du får med deg både sel og nise, eller til og med ein liten tannkval, som lever mange stader langs Norskekysten. Om du løftar blikket, kan du sjå nokre av dei gamle gardsbruka som klamrar seg til fjellsidene. Ein av gardane, Skageflå, var staden der Dronning Sonja og Kong Harald feira sølvbryllaupet sitt saman med kongelege gjester frå heile Europa.

Vil du sjå Geirangerfjorden frå høgda, finst det fleire fantastiske utkikkspunkt med storslått utsikt. Desse inkluderer Geiranger Skywalk på Dalsnibba og Flydalsjuvet.

6. Sognefjorden – dronninga av dei norske fjordane

Størst av alle fjordane i Norge er Sognefjorden. Med dei mange fjordarmane breier den seg utover eit stort område av Vest-Norge.

Tek du eit fjordcruise frå Gudvangen i Nærøyfjorden via Aurlandsfjorden og til Sognefjorden, reiser du gjennom område som står på UNESCOs verdsarvliste, med urørt natur, nydelege bygder og mektige fjell på alle kantar.

Du kan reise som dei lokale, på dei klassiske små bilferjene. Siste stopp før vendereisa er den gamle handelsstaden Kaupanger. Stadnamnet er norrønt, og her har det vore handel heilt sidan vikingtida. Og truleg lenge før vikingane òg.

Vestlandsfjordar, som Sognefjorden, var populære hos vikingane. Eit mildt klima og god tilgang på mat og trygge hamner som var gode startpunkt for vikingtokt, gjorde at området var ein ynda stad for vikingane. Frå Kaupanger kan du køyre til andre fjordarmar som strekker seg ut frå Sognefjorden.

I sommarsesongen kan du ta Flåmekspressen – ein hurtigbåt som går mellom Flåm og Balestrand, og stoppar ved Aurland, Undredal og Leikanger.

7. Oslofjorden – øyparadiset i hovudstaden

I Oslofjorden finst det mange sommarparadis. Havet, dei mange øyane, bølgande svaberg og strender blir flittig brukt av dei som er så heldige å bu langs kysten.

Om sommaren/vinteren kan du bli med på eit cruise på Oslofjorden, frå brygga ved det spektakulære Operahuset, designa av det norske arkitektfirmaet Snøhetta.

På turen utover fjorden reiser du forbi småøyer, landemerke og historiske stader som for eksempel Oscarsborg i Drøbaksundet.

Båten Legacy of The Fjords, søsterskipet til den prisvinnande heilelektriske båten Future of the Fjords, har store panoramavindauge som gjer det mogleg å nyte eit stille båtcruise innandørs i vinterkulda.