Hopp til innhald
Vilt og ulendt landskap med høge snødekte fjell og frodige grønne åsar som stuper ned i den grønblåe Hjørundfjorden
Hjørundfjorden
Panorama av Aurlandsfjorden om sommaren. Stegastein utsiktspunkt sett ovanfrå og personar som ser utover den Unesco-verna fjorden
Aurlandsfjorden
Katamaran på den smale UNESCO-verna Nærøyfjorden om sommaren. Grøn fjord med bratt, frodig fjell, fossar og snødekte fjell
Nærøyfjorden
3 smilande personar med ryggsekk kosar seg på soldekket på båten Fjord Cruise Geiranger. Mann tek bilete av fantastisk fjordlandskap
Geirangerfjorden
4 personar som står ute på båtdekk i den Unesco-verna Nærøyfjorden ein kald vinterdag. Sjøen er blank, og lyset er blått
Vinter i Nærøyfjorden
Folk som står på Preikestolplatået i Lysefjorden. Turistbåten Fjord Cruise Lysefjord glir forbi nedanfor på solfylt dag
Preikestolen i Lysefjorden
Isgrøn, roleg Fjærlandsfjord om sommaren. Gammalt naust og brygge i framgrunnen. Dramatiske, høge fjell og isbre i bakgrunnen.
Fjærlandsfjorden
Ungt par sit på kanten av trebrygge i Geirangerfjorden og ser turistferje gli forbi gjennom fjordlandskapet
Geirangerfjorden

Alt du bør vite om norske fjordar

Søk på “vakre fjordar” på Internett, og sjansen er stor for at Norge og Vestlandet dukkar opp øvst på lista. Her er historia deira.

Dei djupe, blå fjordane i Norge, som skjer seg gjennom ville fjell og eit blendande vakkert landskap, er heilt unike i verdssamanheng. Fjordar er sjølvsagt ikkje berre eit norsk fenomen. Andre fjellområde i verda som har hatt istid, har som regel òg fjordar. Men mange av dei isfrie og mest spektakulære fjordane finn du i Norge. Og dei mest kjente ligg på Vestlandet.

Kva er ein fjord?

Fjorden er ei historie om vatn, is og fjell. Fjordar er lange, smale viker med bratte sider eller klipper. Dei har blitt til ved at isbreane har grave seg ned i eksisterande dalar, og vatn og is har gradvis slite ned fjellmassane. 

Isbrear kan, i motsetning til rennande vatn, grave under havoverflata. Under overflata har stein og grus blitt slept med under og inni breen. Slik har isbreen fungert som eit gigantisk sandpapir.

I Norge har vi hatt heile 40 små og store istider. Under kvar istid har is, smeltevatn og grus slite og slipt på fjellet. Resultatet etter kvar istid har blitt djupare og djupare dalar. Til slutt har isbrear, vatn og grus grave seg så djupt ned at havet har byrja å strøyme inn. Fjordane vart skapte.

For 12 000 år siden trekte isen seg vekk frå Norges største fjord, Sognefjorden. Resultatet er det fantastiske fjordlandskapet du ser i dag.

Fjordar og isbrear

Ein fjord kan vere svært djup. Sognefjorden er eksempelvis 1308 meter på det djupaste. Når du plussar på høgda til fjella rundt, kan du få et visst inntrykk av dei enorme kreftene som har laga og forma fjordane vi ser i dag.

Nokre stader ligg framleis isbrear att på land etter den siste istida. Desse isbreane både veks og trekk seg tilbake. Enkelte av isbreane var i vekst fram til 1980-talet, før dei igjen har minka i storleik og omfang. 

Ser du ein isgrøn fjord, tyder det at det ligg ein isbre like ved. Her inneheld saltvatnet mykje smeltevatn frå breane. Partiklane i smeltevatnet bidreg til å gi fjorden ein vakker grøn farge.

Dreg du heilt inst i Fjærlandsfjorden, ein fjordarm som stikk ut frå Sognefjorden, kan du kome heilt innpå Norges største isbre, Jostedalsbreen. Her kan du òg vitje Norsk Bremuseum.

Du finn informasjon om både halv- og heildagsturar på Fjærlandsfjorden og turar til isbreane.

Fjordlandet Norge

Vestlandet er best kjent som "fjordlandet". Landsdelen er berømt for den dramatiske naturen, der fjordane er som hogde inn i fjella rundt. Over millionar av år har is og vatn skore djupt inn i landmassane og skapt ein labyrint av dalar over og under vatn. I dag har det ville og utamde landskapet blitt som ein magnet for turistar frå heile verda.

Norge har over 1700 namngjevne fjordar spreidd rundt på den 57 000 km lange norskekysten. Mange av desse går inn frå vestkysten av Norge. I dette området finn du òg to fjordar som har plass på UNESCOs verdsarvliste: Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Fjordane er to av Norges mest populære turistmål, og det er enkelt å forstå: fjellsider som stupar ned mot den glitrande fjorden, imponerande fossefall som spring rett ned i fjorden, majestetisk og tilnærma urørt natur og pittoreske små landsbyar og gardstun som klamrar seg fast til fjellveggen. Det er eit eventyrleg syn!

Nærøyfjorden er smal og har over 1000 meter høge fjell som omkransar fjorden. Geirangerfjorden har fantastiske utkikkspunkt frå høgda. Frå fjorden kan du kome nær nokre av dei vakre fossane og små gardane langs fjorden som det framleis bur folk på.

Vil du vite meir om dei aller vakraste fjordane i Norge? Her er litt fakta om seks av dei flottaste fjordane i landet.

1. Nærøyfjorden – ein lang og vakker UNESCO-fjord

Nærøyfjorden er vakker uansett årstid. Fjorden har fleire gonger blitt kåra til ein av verdas flottaste stader å besøke. Den amerikanske TV-kanalen CNN plasserte Nærøyfjorden, saman med Geirangerfjorden, på ei topp 10-liste over naturlege underverk.

National Geographic har tidligare kåra Nærøyfjorden til “Verdas beste urørte reisemål”. Så det er ikkje overraskande at fjorden er å finne på UNESCOs verdsarvliste.

Nærøyfjorden og fjella rundt er eit fantastisk syn som kan ta pusten frå deg.

Inst i Nærøyfjorden finn du bygda Gudvangen, der du òg kan vitje vikinglandsbyen Njardarheimr. Herifrå går det fjordcruise til både Sognefjorden og Flåm via Aurlandsfjorden. Reisa byr på både brusande fossar og idylliske småstader der “ingen skulle tru at nokon kunne bu”.

2. Den mektige Lysefjorden

Den over fire mil lange Lysefjorden har brøyta seg veg inn i det store og mektige fjellmassivet. Fjorden er litt av eit syn frå vatnet, men er kanskje endå meir imponerande sett ovanfrå. Dei to mest kjende stadene langs fjorden er fjellplatåa Preikestolen og Kjerag.

Kvart år vitjar meir enn 30 000 personar Preikestolen. Frå fjellplatået går klippeveggene loddrett ned i sjøen – eit dramatisk syn. Preikestolen har toppa reiseguiden Lonely Planet si liste over verdas mest imponerande utkikksstader. I 2017 var fjellplatået på førsteplass på CNNs liste over naturlege underverk.

Preikestolen er òg åstad for halsbrekkande stunt utført av Tom Cruise i den siste “Mission: Impossible”-filmen i 2018 (Fallout).

Den andre kjende fjellformasjon i Lysefjorden, Kjerag, er meir krevjande å nå til fots enn Preikestolen. Få dette fjellplatået går fjellsidene heile 1084 stupbratte meter ned mot Lysefjorden. Kjerag er eit populært mål for basehopparar frå heile verda.

Her finn du òg Kjeragbolten, som er ein av dei mest fotograferte attraksjonane i Norge. Kjeragbolten er ein diger stein som er klemd mellom to fjellblokker. Dei mest vågale går ut på sjølve steinen på Kjeragbolten – eit populært fotomotiv for alle som vitjar staden.

Lysefjorden er enkel å nå frå Stavanger. Har du ein dag eller to til overs, kan du òg dra på eit dagscruise i Lysefjorden. Dersom du har endå betre tid, kan du gå opp til Preikestolen eller Kjerag.

Les meir om Lysefjorden og fjordcruise her.

3. Fjærlandsfjorden – vassvegen til isbreane

Den lille Fjærlandsfjorden er ofte farga grøn på grunn av smeltevatn som renn ned i fjorden frå breane rundt. Tek du eit heildagscruise innover den 25 kilometer lange fjordarmen, vil du oppleve ein vakker fjord omkransa av bratte fjell, men òg av mektige isbrear. Når båten legg til kai inst i Fjærlandsfjorden, går turen vidare med skyttelbuss.

På turen kan du lære meir om isbrear på Norsk Bremuseum i Fjærland. Derifrå er det kort veg til det som har skapt fjordane: isbreane. Litt vidare innover i dalen kjem du i kontakt med Norges største isbre: Jostedalsbreen. Med ei lengd på 100 kilometer og 15 kilometer på det breiaste er isbreen faktisk Europas største isbre på land.

Isbreen er sett saman av mange småbrear og brearmar, blant dei Bøyabreen, som du kjem tett på.

4. Geirangerfjorden – eit postkort frå Norge

Har du sett postkort frå Norge med ein vakker fjord i blågrøn farge, omkransa av bratte fjell med fossar som kastar seg ut i fjorden, kan det godt hende det er Geirangerfjorden du har sett. Fjorden blir ofte kalla juvelen av fjordar og er høgt elska av både norske og utanlandske turistar. Dette naturskjønne underet av ein fjord er å finne på verdsarvlista til UNESCO og er i godt selskap med blant anna Nærøyfjorden, Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje i Luster, som ligg nær kysten av Lustrafjorden, ein fjordarm til Sognefjorden.

Med eit fjordcruise på Geirangerfjorden kjem du tett på natur og kultur – alt det som har gjort fjorden til ein del av UNESCOs verdsarv. Ville, brusande fossar strøymer ned frå bratte og høge fjell, og på fjellsidene lenger nede vil du sjå små gardar og hus som klorar seg fast i fjellsida.

Du kan sjå alt dette på nært hald dersom du tek fjellturen opp til garden Skageflå, som du kan nå ved å gå til fots frå Geiranger, eller med båt og opp ein kort og bratt sti frå fjorden.

Dreg du opp i høgda, til Skageflå eller andre utkikkspunkt, kan du sjå den fantastiske UNESCO-fjorden frå si mest spektakulære side. Ovanfrå. Eit anna fint utkikkspunkt er Geiranger Skywalk på Dalsnibba.

Har du litt tid i Geiranger, kan du ta turar innover til nokre av dei flottaste fjella i Norge. Her er det snø året rundt, og sjølv på ein varm sommardag kan du kaste snøball!

Den mest spektakulære vegen i Norge, Trollstigen, ligg rett ved Geiranger. Ein utflukt hit får pulsen til å stige, uansett om du går, syklar eller køyrer bil.

Dersom du treng meir informasjon eller vil dra på fjordcruise i Geiranger, finn du alt du treng her.

5. Hjørundfjorden – ein hemmeleg juvel i Sunnmørsalpane

Som ein liten hemmelegheit ligg Hjørundfjorden og glitrar under dei vakre og ville Sunnmørsalpane. Fjorden har skore seg 33 kilometer inn i fjellmassivet med dei spisse toppane.

Hjørundfjorden er stort sett omkransa av urørt natur og små, sjarmerande bygder. Enkelte stader langs fjorden er båt det einaste transportmiddelet til resten av verda. Båten cruisar mellom den idylliske jugendbyen Ålesund ved kysten og tettstaden Øye inst i Hjørundfjorden.

Den ville og utamde naturen i og rundt Hjørundfjorden er som skapt for aktivitetar og opplevingar. Dette er eit paradis både for turgåarar, kajakkpadlarar og skikøyrarar. Alt du treng å gjere for å oppleve det, er å hoppe av fjordcruiset på Trandal, Urke eller Øye.

Vil du berre senke pulsen og nyte atmosfæren, kan du vitje historiske Hotel Union Øye, eit gammalt og ærverdig hotell som har hatt kongelege, forfattarar og komponistar som gjester sidan hotellet opna i 1891. Det er framleis mange som søkjer hit for å få ro og nyte det gode livet med utsikt mot fjord og fjell.

6. Sognefjorden – Norges lengste fjord

Den mektige Sognefjorden breier seg utover eit stort område av Vestlandet. Sognefjorden er heile 204 kilometer lang og er den lengste fjorden i Norge. Langs fjorden finn du eit rikt kulturliv og fantastisk natur.

Naturen i Sognefjorden er perfekt for rolege fjordcruise, minneverdige fotturar, ski, fiske og breturar. Her er det enkelt å få ro sjela.

Sognefjorden er òg den lengste isfrie fjorden i verda. Fjorden går så langt inn i Norge at han kun er nokre kilometer unna Jotunheimen, eit fjellområde der du finn mesteparten av dei høgaste fjelltoppane i Norge. Sognefjorden er dessutan blant dei djupaste fjordane i Norge, med heile 1300 meter ned til det djupaste punktet.

På vegen innover i det fjellrike Vestlandet forgreinar Sognefjorden seg via 30 fjordarmer. Blant desse finn me Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden, som er på UESCOs verdsarvliste, Fjærlandsfjorden, Lustrafjorden, Sogndalsfjorden og Gaupnefjorden. 

Den største isbreen i Norge

Nokre av dalføra som held fram der fjorden sluttar, har ein isbre i enden. Fjordane som får tilsig av smeltevatn frå isbreane, får ein særmerkt smaragdgrøn farge. Dette blir godt synleg når smeltevatnet frå isbreane fargar fjordane grøne.

Den største isbreen på europeisk fastland er Jostedalsbreen. Isbreen er eit resultat av den lille istida og er truleg ikkje meir enn 2000 år gammal.

Jostedalsbreen har fleire brearmar, og tre av dei strekkjer seg mot Sognefjordens mange fjordarmar. Bøyabreen går ned mot Fjærlandsfjorden, men kjende isbrear som Nigaardsbreen, Tunsbergdalsbreen og Austerdalsbreen ligg òg nær Sognefjorden.

I vikingane sitt land

Ordet “fjord” er opphavleg norrønt og tyder “stad der ein ferdast”. Det er logisk nok, for då folk busette i Norge etter den siste istida, var vassvegen den einaste farbare vegen. Rundt mange av fjordane finst det spor og fortidsminne frå bronsealderen og vikingtida.

Fjordane langs vestkysten var stort sett isfrie på grunn av varmt vatn som vart frakta med Golfstraumen. Dette gjorde det mogleg å ferdast med båt året rundt. Det milde klimaet gjorde det òg mogleg å drive jordbruk. Det var mykje fisk langs kysten og gode moglegheiter til å frakte varer til og frå busetjingane i fjordane og langs norskekysten. Det var dessutan gode føresetnader for jakt på elg og hjort i skogen, og villrein på fjellet.

Det er kanskje ikkje så rart at vikingane likte dei vestlandske fjordane så godt. Og vegen var kort når det var på tide å dra på vikingtokt og oppdagingsferd.

Spor av vikingar

Vikingtida varte frå ca. 800 til 1066. På den relativt korte tida klarte vikingane å setje sitt preg på norsk kultur, men dei markerte seg òg i Europa. Dei er truleg mest kjende for krigføring og plyndring, slik du kan sjå i TV-serien "Vikingane", men vikingane drei like mykje med handel.

Med dei svært effektive båtane og ein stor porsjon mot, og ikkje minst eventyrlyst, nådde vikingane faktisk så langt som til Bysants (dagens Istanbul i Tyrkia), og dei dreiv òg handel med Bagdad-kalifatet.

Mange busette seg òg i Frankrike, Skottland og Irland. Andre utvandra til Island, og Leiv Eiriksson etablerte ei busetjing på eit heilt nytt kontinent då han oppdaga Amerika rundt år 1000.

I tillegg til kristendommen tok vikingane med seg både rikdommar og trælar tilbake til Norge. Etter kristninga av Norge, som starta rundt år 1000, vart det bygd mange vakre og forseggjorde stavkyrkjer i tre. Ein del av kyrkjene står framleis, og tre av dei finn du langs Sognefjorden: Urnes, Kaupanger og Hopperstad.

Den mest kjende er Urnes stavkyrkje, som står på garden Ornes ved Lustrafjorden.

Dra tilbake til vikingtida

Langs fjordane finst det spor etter handel og busetjingar. Stadnamna med opphav frå norrønt språk, som Kaupanger, Solvorn og Gudvangen, røper at vikingane hadde røter her.

Har du lyst å vere viking i nokre timar, ein heil dag eller kanskje endå lenger, er det no du har sjansen. Vikingfestivalar, vikingdagar og vikingmarknadar blir arrangerte mange stader i Norge.

I Njardarheimr i Gudvangen, inst i Nærøyfjorden, er det etablert ein vikinglandsby der du kan ta del i vikinglivet.

Her kan du lese meir om vikinglandsbyen i Gudvangen og korleis du kjem deg dit.

Vikingskip og Oslofjorden

Vikingane bygde òg opp samfunn langs aust- og sørkysten av Norge.

Aust i Norge finn du òg fjordar, men her finst det ikkje ruvande fjell langs fjordsidene, slik som på vestkysten. Her er “fjella” rundt fjordane slipte ned til svaberg – eit nokså flatt og bølgjande landskap av stein.

Også her var det isfrie hamner vinterstid og eit mildt klima som gjorde det mogleg å drive med jordbruk. I dette området er det funne mange spor etter vikingane, både gravhaugar og vikingskip.

Tre av vikingskipa som er funne i gravhaugar til rike og prominente vikingar, kan du sjå på Vikingskiphuset på Bygdøy i Oslo.

Er du i Oslo, kan du dra på fjordcruise mellom små frodige øyer, viker, strender og svaberg, som er populære rekreasjonsstader for innbyggjarane i hovudstaden om sommaren.

Reiser du sørover på fjorden, vil du blant anna passere det smale Drøbaksundet, med historiske Oscarsborg på den eine sida og den koselege småbyen Drøbak på den andre sida.

PS! Dersom du har lyst til å møte den ekte julenissen, så finn du han i Drøbak. Her er det juleførebuingar året rundt.

Fjordar i Hollywood

Har du ikkje sett dei norske fjordane i verkelegheita, har du kanskje sett dei på film utan å vite om det. Norske fjordar har vore kulisser i store filmproduksjonar.

I 2013 vart Nærøyfjorden brukt som inspirasjon til Walt Disneys “Frost”. Både folkedrakter, bygningar, overtru, troll, fjell og fjordar er lett å kjenne att.

Fjordane er nesten som skapte til action. Nokre av dei heftigaste actionscenane i “Mission: Impossible - Fallout” er filma i Lysefjorden og på Preikestolen i 2018. Her kjempar Tom Cruise for livet i mektige kulisser.

Amerikanske filmproduksjonsselskap har besøkt norske fjordar med sikte på å filme sekvensar i produksjonar som The Avengers og Star Wars.