Hopp til innhald
Kvinne synleg gjennom eit rundt vindauge sitjande på ei seng
Undredal sett frå Aurlandsfjorden ein fin sommardag
Øvste etasje på Fretheim Hotels tårnsuite oppdekt med champagne
Stova i den store suiten på Myrkdalen Hotel sett frå hemsen
Eit moderne rom på Hotel Aurlandsfjord med dobbeltseng og stol
Fem veteransportsbilar står parkert utanfor Stabburet i Flåm

Åtte unike overnattingsstader

Ei overnatting litt utanom det vanlege gjev det vesle ekstra til ein ferie. Anten du skal på ein romantisk miniferie eller på tur med familien, finn du eit alternativ blant desse åtte unike overnattingsstadene i området rundt Flåm og Myrkdalen. For ein variert ferie tilrår vi å kombinere nokre av dei.

Kvinne sit på ei seng ved eit vindauge i Tråfjosen i Myrkdalen

1. Tråfjosen i Myrkdalen

I Myrkdalen har du høve til å overnatte i noko så spesielt som ei gamal løe. Frå gamalt av hadde dei fleste gardane i området tråfjøs i utmark nær garden. Desse små fjøsa vart brukte til mjølking av kyr når dei akkurat var sleppte ut på sommarbeite, før dei reiste vidare til stølane lenger opp i fjellet.

Denne Tråfjosen stod ubrukt i 40 år, men no kan du altså overnatte her. Innvendig kan du framleis sjå restane etter dei gamle båsane til kyrne, delt med store steinheller. I sør-enden er det installert ein sovemodul som passar for 2–3 vaksne eller 2 vaksne og 2 born. Frå vindauget som strekkjer seg ut av rommet, har du flott utsikt over Myrkdalen.

Her er du heilt åleine, omringa av vakker natur.

Øvre etasje av Fretheim Hotels Tårnsuite med champagne og jordbær på bordet og oppreidd seng bak

2. Historisk Tårnsuite på Fretheim Hotel

Ynskjer du ei romantisk setting på ferien, bør du sjekke ut Fretheim Hotels historiske Tårnsuite. Historia til hotellet går heilt tilbake til midten av 1800-talet, då det framleis var ein gard driven av bonden Christen Fretheim. På den tida byrja dei fyrste turistane å kome hit, hovudsakleg engelske lordar som skulle fiske laks. Christen såg sitt snitt til å tene nokre kroner og byrja å leige ut rom i huset sitt.

I 1879 vart den «engelske villaen» bygd, og det er denne villaen i sveitserstil dagens historiske del av hotellet er basert på. I Tårnsuiten bur du på toppen av den historiske fløya og kan verkeleg leve deg inn i korleis lordane hadde det her på slutten av 1800-talet. Suiten går over to plan med møblar i vintage stil, blanda med nokre moderne fasilitetar som boblebad. Den flotte utsikta over Flåm mot Aurlandsfjorden må heller ikkje gløymast!

Tips: Bestill Romantisk pakke, så står champagnen klar når du sjekkar inn. 

Undredal sett frå fjorden med dei bratte fjella bak

3. Ørnareiret

Tenk å vakne opp 1050 meter rett over Aurlandsfjorden! Det er mogleg, men du må gå opp sjølv.
Ørnareiret er ein gapahuk med soveplass til 6 personar i fjellet rett over Undredal, der du får kjensla av å sove under open himmel. Turen dit startar i Undredal og er fyrst skilta mot Stigen, eit stykke over stølen Hovdungo tek du av stien mot Ørnareiret. Det er ein bratt og krevjande tur, så du bør ha litt fjell- og turerfaring før du går.

Gapahuken har fasilitetar for matlaging og madrassar å liggje på. De må sjølv ha med sovepose og mat. Reserver plass på førehand.

Dette er også ein fin dagstur for spreke familiar som ynskjer fjordutsikt.

Syklar og syklistar har pause utanfor Vatnahalsen hotell

4. Vatnahalsen Hotell

Vatnahalsen vart opphavleg bygd som eit sanatorium i 1896, der folk skulle få kvile ut i frisk, norsk fjelluft. Det har det derimot aldri vorte brukt til, i staden vart det eit populært hotell på grunn av lokaliseringa nær Bergensbana som opna i 1909. Her kunne gjester frå heile Europa oppleve ekte norsk fjellheim sommar som vinter. Spesielt etter at Flåmsbana opna i 1940, vart det ein populær vinterdestinasjon.

Dette er eit skikkeleg høgfjellshotell der tog er einaste moglege transportmiddel. På Vatnahalsen har du Rallarvegen og nesten uendelege turalternativ rett utanfor døra, ei heimekoseleg stemning og god mat. Ta Bergensbana til Myrdal og gå 1,5 km ned til hotellet eller ta Flåmsbana eitt stopp, kjem du frå Flåm, tek du Flåmsbana direkte dit.

Myrkdalen Hotels grand suite sett frå hemsen

5. Grand suite på Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Hotel sin største suite er alt du kan tenkje deg når du høyrer ordet suite. To delikate bad, to romslege soverom, stove med sofagruppe og matbord, hems med fleire soveplassar og vestvendt balkong med utsikt mot skiløypene og bygda. Prikken over i-en er den fantastiske takhøgda og dei fine lampene.

I Myrkdalen har du flust av aktivitetstilbod med noko for alle. Kva med å bli med på kurs i flugefiske eller ein guida topptur som inkluderer både båttur, elsykkeltur og fjordutsikt?

Dette er det perfekte valet for deg som ynskjer noko ekstra på kjærastferien, eller ynskjer kjensla av å bu i leilegheit med familie eller vener og samstundes ha fasilitetane til eit hotell.

Restauranten i vinterhagen på Hotel Aurlandsfjord med moderne lysekroner i front

6. Nyrenoverte Hotel Aurlandsfjord

Hotel Aurlandsfjord opnar dørene 19. juni etter ein vinter med full renovering. Dette er eit «boutique style» hotell i Aurland sentrum med totalt 30 rom, der 13 rom er totalrenoverte i 2020 og resten blir ferdige til sommaren 2021. Frå romma har ein utsikt mot Aurlandsfjorden og/eller fjella rundt bygda.

I den nye restauranten med vinterhage og terrasse kan du ta del i den lokale kulturhistoria og nyte reine smakar baserte på norske og lokale råvarer i sesong.

Hotel Aurlandsfjord blir rett og slett ei perle ved fjorden. Kjøper du pakka Fjordperler i Aurland får du oppleve alt det beste bygda har å by på. 

Stigen gard over Aurlandsfjord med tett skog og to fossar rundt

7. Stigen Gard

Stigen er ein liten gard 360 moh rett over Aurlandsfjorden. Sjølv om det ikkje ser ut som det er mogleg å bu her når du kikkar opp på garden frå fjorden, var det gode forhold for dyrking her. Det har vore drive gardsbruk sidan lenge før Svartedauden, og på det meste veit vi at det har budd opp i 20 personar her. Tidlegare måtte både husdyr og menneske ta i bruk stige for å kome seg opp på fjellhylla, derav namnet på garden. No går det ein grei sti opp, om enn litt bratt.

Gardsdrifta vart avslutta på 1960-talet, og i dag er nokre av husa gjorde om til overnattingsstad med rundt 14 sengeplassar. Ein temmeleg populær overnattingsstad trass at ein må ta båt og deretter gå opp stien for å kome seg hit, og i tillegg ha med eige sengetøy og handkle. Bestill tidleg er eit godt tips.

Turtips for dei med kajakk: padle frå Undredal og gå opp til Stigen og vidare mot Beitlanipa bak. 

Veteranbilar parkerte utanfor det gamle stabburet i Flåm

8. Stabburet frå 1928

I Flåm har du høve til å bu i eit restaurert stabbur frå 1928. Det ligg like ved Fretheim Hotel og du har høve til å nyte frukosten på hotellet dersom du ynskjer det. Her er det rustikk stemning, open stove og kjøkenløysing med moderne fasilitetar og originale tømmervegger. Her er sengeplass til seks personar, fordelt på eitt dobbeltrom og fem enkeltrom. Badet er felles, men alle rom har handvask.

Stabburet passar godt for familiar og venegjengar som ynskjer å kunne lage eigen mat og ha ein hyggeleg samlingsplass på kvelden. Kontakt Fretheim Hotel for bestilling.