Hopp til innhald
Elva og Rallarvegen i Flåmsdalen sett frå Flåmsbana
Terrassemøblar ute på ein sommardag med resten av Fretheim Hotel i bakgrunnen
To personar heng i Flåm Zipline på veg ned mot Flåmsdalen
To personar syklar langs elva nedover Flåmsdalen med blå himmel og grønt gras
Ein fin sommardag med folk på kaien utanfor Flåm Bakeri
Ei dame fotograferer Nærøyfjorden frå baugen av Future of The Fjords
Aurlandsfjorden med epletre og sauer i front

Det beste av Flåm på éin dag

Flåm byr på aktivitetar for alle. Av og til er det nesten vanskeleg å velje dersom ein berre har ein dag til rådvelde. Vi har difor sett saman det perfekte dagsprogrammet for deg som ynskjer å oppleve ei av dei flottaste togreisene i verda, Flåmsbana, utfordre deg sjølv med Flåm Zipline og utforske spektakulær natur på nært hald på Rallarvegen og i Nærøyfjorden. Det er sjølvsagt også tid til å smake på og lære om den interessante matkulturen vi har i området.

Fretheim Hotel i Flåm sett frå rosehagen

07.30: Dagen i Flåm startar med frukost

Start dagen med god tid til å nyte frukosten på Fretheim Hotel. Ferskt brød og andre bakevarer frå Flåm Bakeri, sprøsteikt bacon frå Haugen Gardsmat og ferske grønsaker frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og Lærdal sikrar at energinivået held seg utover den aktive føremiddagen.

Frå frukostbordet går ferda vidare til ein av dei næraste naboane til hotellet, Flåmsbana. Kåra til ei av verdas vakraste togreiser av både Lonely Planet og National Geographic.

Hugs å ha på gode sko og klede til å bevege seg i!

Flåmsbana møtest ved Berekvam i Flåmsdalen

08.50: Flåmsbana

Jernbanestrekninga mellom Flåm og Myrdal er også kåra til ei av dei største bragdene innanfor ingeniørkunst. Den vel 20 kilometer lange Flåmsbana tok nær 20 år å fullføre, frå 1923 til 1940. 80 % av strekninga har ein gradient på 5,5 %, og det er heile 20 tunnelar – ein av dei tek til og med ein 180 gradars sving!

Etter omtrent 50 minutt, inkludert eit fotostopp ved Kjosfossen, går du av toget på Vatnahalsen 811 moh, like før endestasjonen Myrdal.

Plutseleg har du heile Flåmsdalen under deg

To jenter står klar til å ta Flåm Zipline

10.00: Skandinavias lengste zipline

Då er tida komen for å få opp pulsen. Frå Vatnahalsen stasjon følgjer du skilta eit par hundre meter til startpunktet for Flåm Zipline. Frå utsiktspunktet har du panoramautsikt over Flåmsdalen og hårnålssvingane ned til stølen Kårdal. Om eit par minutt flyg du nedover dit hengjande i ein vaier!

Ja, det er heilt normalt at hjartet slår litt ekstra fort. Det er trass alt snakk om den lengste ziplinen i Skandinavia på 1.381 meter, med ein maksfart på omtrent 100 km/t.

Visste du forresten at tradisjonen med zipline, også kalla løypestreng, har vore vanleg på gardsbruk langs fjordane lenge før det vart populært som ein adrenalinaktivitet? Tidlegare vart han brukt til å frakte varer, høy, ost og til og med dyr til og frå fjellgardar og stølar.

Geiter i klynge framom Rallarrosa stølsysteri

11.00: Ein velfortent pust i bakken

Vel nede på Kårdal med beina godt planta på bakken, rår vi deg til å slå deg ned ved eit av borda mellom stølshusa ei lita stund. Del opplevingane og senk skuldrene med ei svele med brun geitost frå Rallarrosa Stølsysteri – snart blir du oppteken av nye opplevingar.
Rallarrosa Stølsysteri er i drift frå juni til september kvart år. I kafeen får du kjøpt alt frå sveler og brunost til yoghurt laga av geitemjølk.

To syklistar på Rallarvegen i Flåmsdalen

11.30: Flåmsdalen på nært hald frå sykkelsetet

Når de har avgjort kven som kom opp i høgast fart ned ziplinen, hentar de syklar og sykkelhjelmar bestilt gjennom Flåm Zipline.

Returen til Flåm går langs siste del av Rallarvegen på nettopp sykkel. Turen går for det meste nedover, så her er det berre å nyte utsikta mot den klarblå elva, små fossefall, dei små gardstuna, klargrøne marker langt oppe i fjellsida og sjå opp for geiter langs vegen. Vi ein tanke til dei som busette seg mellom knausane under dei bratte fjella for fleire generasjonar sidan medan du trillar forbi.

Når du nærmar deg fjorden, kjem du fyrst til gamle Flåm sentrum. Stopp og sjekk om Flåm kyrkje frå 1670 er open. Dei naivistiske veggmåleria, som truleg er frå tidleg 1700-tal, er heilt spesielle. Her kan du blant anna sjå dyr som løver og hjort, attåt religiøse bygningar med kuplar som hadde passa betre inn lenger aust.

Turistar kosar seg i sola utanfor Flåm Bakeri

13.00: Lunsj frå Flåm Bakeri

Tilbake i Flåm leverer du frå deg sykkelen og ruslar bort til Flåm Bakeri. Det er tid for lunsj. Kjøp ein sandwich, lokal fruktjus frå Sognefjorden og kanskje noko søtt? Kanelsnurrane der er eit heitt tips! Flåm Bakeri er eit lite handverksbakeri med bakarar som elskar faget sitt, og som lagar det meste på surdeig. Brødet smakte du jo alt til frukost.

Vi tilrår å ta med maten bort til stranda og slå dykk ned der ei lita stund. De har sannsynlegvis nok å prate om. Stikk deretter innom hotellrommet for ein rask dusj og klesskift.

No skal du få nyte endå meir vakker natur. Gå om bord på den elektriske båten som ligg til kai, og finn deg ein plass anten fremst i båten eller ute på dekk. Turen til Gudvangen tek to timar, ein time ut Aurlandsfjorden og ein time inn Nærøyfjorden.

Kvinne står på dekk og tek mobilbilete av Nærøyfjorden

15.00: Fjordcruise i verdsarven

Det er ikkje utan grunn at Nærøyfjorden og området rundt står på verdsarvlista til UNESCO. Urørt, rå og vakker med stupbratte fjellsider, mektige fossefall og små bygdesamfunn og gardstun der det har vore mogleg å dyrke noko. Og det finst ikkje ein meir avslappande måte å oppleve dette på enn på eit fjordcruise om bord på eit av dei prisvinnande fartøya Future og Vision of The Fjords som seglar stille gjennom fjorden på elektrisk kraft. 400 meter rekkverk ute og eit delikat skandinavisk interiør og vindauge frå golv til tak inne, sikrar utsikta same kvar du er på båten.  

Hybridfartøyet Vision of The Fjords sett bakfrå seglande på Nærøyfjorden

Urørte Nærøyfjorden

Litt etter Undredal kan du skimte Stigen gard oppe i fjellsida. Kalla Stigen nettopp fordi ein tidlegare måtte klatre ein stige for å kome opp. Kven var desse folka som slo seg ned her? I dag er det B&B i sommarsesongen, og alle 14 sengeplassar er fullbooka to år fram i tid. Kanskje ein idé til neste besøk!

Vel framme i Gudvangen går du på shuttlebussen som tek deg tilbake til Flåm på 20 minutt.

Tilbake i Flåm har du tid til ein kjapp tur innom rommet før bordet i restauranten står klart. Ynskjer du det, er det sjølvsagt tid til ein aperitiff i Lobby bar før middag. No er det tid for å smake på noko av det dette fantastiske landskapet har produsert.

Ein tallerken vegetarmat pynta med blomar i restaurant Arven på Fretheim Hotel

19.00: Middag i restaurant Arven

Fretheim Hotel og restaurant Arven har sterk tilknyting til regionen og kjærleik til gode råvarer. Hovudfokus for kjøkenet er lokalt og i sesong. Noko som vil seie at same kva du vel på a la carte-menyen, kan du vere sikker på at det er laga av råvarer som er produsert som er i sesong medan du besøkjer oss, og produsert så lokalt som mogleg. Så langt det lèt seg gjere også økologisk. Men kva er vel meir økologisk enn eit lam som har gått ute i fjella her heile livet, sjølv utan økostempel?

Sidan geiter både er og har vore ein viktig ressurs i Aurland, vil du mest sannsynleg finne eit hint av dette i mange av rettane. Det kan vere kvit geitost i salaten til forrett eller geitostkaramell i desserten. Ein ting er sikkert, det er ingen grunn til å vere skeptisk – kokkane her veit kva dei held på med.

Flåm sett frå fjorden ein fin sommardag

21:00: Lokalt brygg på Ægir Bryggeripub

Det er ikkje heilt tid for å ta kveld enno. Tru det eller ei, men Flåm har endå meir å by på, trass berre 350 faste innbyggjarar. Dersom du gjekk til stranda tidlegare, la du sikkert merke til bygget i vikingstil. Og det er her vi tilrår å avslutte kvelden.

Ægir Bryggeripub har eit rikt utval av mikrobryggeriøl, og øvst på menyen står sjølvsagt Ægir sine eigne lokale alternativ. Vel favoritten din eller test eit utval med ein ølplanke.

Fretheim Hotel omringa av høge fjell og tre

23.00: Ta kveld i historiske omgjevnader

Har dagen vore opplevingsrik nok, er du også hjarteleg velkomen til berre å slappe av i trivelege Lobby bar på Fretheim Hotel også. Er det varmt nok, er det fint å nyte den lyse sommarkvelden ute i hagen.

Det er ingen tvil om at det har vore ein innhaldsrik dag. Og i morgon ventar fleire opplevingar på vakre Vestlandet. Kanskje reiser du vidare til fjellbygda Myrkdalen for fjellturar eller meir sykling? 

Det er på tide å ta kveld og nyte stilla på det historiske hotellet. Kanskje har du bestilt eit historisk rom og kan drøyme deg tilbake til tida då hotellet vart bygd for å huse engelske lordar som kom hit for laksefiske? Sov godt og gled deg til ein ny runde rundt frukostbuffeten dagen etter.