Hopp til innhald
3 turgåarar som står ved vasskanten i ei utandørs hole kalla Vetla Helvete i Aurlandsdalen om hausten
Aurlandsdalen “Vetlahelvete”
4 personar med trugeutstyr går langs ryggen av Aurlandsfjorden ca. 900 meter over havet på ein solrik vinterdag
Trugetur i Aurland
Panoramautsikt over Preikestolen, gruppe med folk som står ved kanten. Lysefjorden strekker seg mot ein uendeleg horisont
Preikestolen i Lysefjorden
3 personar syklar ned grusvegen i Flåmsdalen ved den grøne elva og dei frodige fjellsidene i vakkert sommarver
Sykkeltur i Flåmsdalen
Sterke raude og brune haustfargar på toppen av Flåmsdalen, og grusveg som svingar seg nedover fjella
Flåmsdalen om hausten
Fire randonnée-køyrarar på veg mot raudt gjestehus på Vatnahalsen passerer varselskiltet ved Flåmsbana om vinteren
Vatnahalsen, Flåmsdalen

Fjordar og fjell – turar du ikkje må gå glipp av

Det ville, vakre landskapet som omkransar fjordane i Norge, tilbyr eventyr og opplevingar heilt utanom det vanlege. Uansett årstid. Her er fem turar du aldri vil gløyme.

1. Fottur blant fjordar, fjell og fossar

Du kjem aldri så nær naturen som når du er på fottur. Og du vil garantert oppleve mange Instagram-venlege augneblink. Uansett kva fjord du vel å besøke, vil du finne turar du kan gå til fots. Den Norske Turistforening passar på å merke mange av turstiane i Norge. Spør om gode tips på det lokale hotellet eller hos turistinformasjonen. Enkelte stader tilbyr òg arrangerte fotturpakkar.

Ein av dei vakraste turane finn du rundt den naturskjønne Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, som er på verdsarvlista til UNESCO. Her kjem du så nær fossar og stryk at du kan fylle på vassflaska med friskt og reint vatn undervegs. Til fots kjem du dessutan tett på dyrelivet. Kanskje ser du både sel og ørn? Ja, til og med spekkhoggarar, dersom du har hellet med deg. Her finn du fotturpakkar som inkluderer niste, to netter på historiske Fretheim Hotel, trerettars middag og forfriskingar når du er tilbake frå ein herleg dagstur.

Du kan velje mellom ulike vanskegrader på fotturane. Vel du ein krevjande fottur, bør du vere i god fysisk form og vite at du taklar eit utfordrande terreng. Ein middels fottur har eit enklare terreng, men det er uansett ein fordel å vere i rimeleg god fysisk form også på desse turane. Fotturane varierer frå sju timar gjennom Aurlandsdalen til éin- eller totimars tur til Turlifossen.

Med ein fjordsafari kan du kombinere ein RIB-tur på Nærøyfjorden, UNESCOs verdsarvfjord, med ein fottur opp til ein tradisjonell norsk fjellgard. Her får du servert lunsj laga på tradisjonelt vis av kortreiste råvarer. Les meir om fjordsafari.

2. Preikestolen i Lysefjorden

604 meter opp frå den mektige Lysefjorden finn du fjellplatået Preikestolen. Dette naturlege underverket kan nytast frå sjøen, på eit fjordcruise, eller ved å ta turen opp til fots.

Preikestolen er éin av dei mest kjende attraksjonane i Norge. Fjellplatået vart endå meir kjent etter at det vart brukt i ei spektakulær actionscene i Tom Cruise-filmen "Mission: Impossible - Fallout” i 2018.

Ved sida av Nordkapplatået er Preikestolen det mest kjente fjellplatået i Norge. Fjellhylla er på ca. 25 x 25 meter og gir ei fantastisk utsikt over Lysefjorden og fjellområda rundt.

Frå start til mål er stigninga opp til Preikestolen på rundt 350 meter. Den godt merkte stien blei nyleg oppgradert av nepalske sherpaar, men delar av vegen går framleis i grovt terreng. Turen tek i overkant av fire timar tur-retur for dei som er vande med å gå i terreng. Mindre erfarne turgåarar, personar som ønskjer å gå i eit saktare tempo, eller turgåarar som har med barn, bør rekne med cirka seks timar tur-retur.

Startar du tidleg om morgonen, slepp du unna det største rushet med turistar. Om sommaren løner det seg å ta turen rundt klokka 16 på ettermiddagen. Då har dei fleste gjort unna turen. Dersom du tek med deg badetøy, kan du ta ein dukkert i eit av badevatna langs turløypa.

Det er gratis tilgang til løypene, men du må betale for å parkere. Pengane går til vedlikehald av blant anna turstien. Overnattingsgjester ved Preikestolen Fjellstue parkerer gratis.

3. Flåmsbana – ei togreise du seint vil gløyme

Flåmsbana er kåra til verdas vakraste togreise av Lonely Planet Traveller, og National Geographic Traveller Magazine har Flåmsbana som éi av topp 10 togreiser i Europa. Det er ikkje utan grunn! Den vesle strekninga går frå Flåm, den lille tettstadet i enden av Aurlandsfjorden, og endar på Myrdal stasjon, 867 meter over havet.

Toget snirklar seg oppover toglina, som for det meste har ei stigning på 5,5 prosent. Naturen er spektakulær, og ein kan knapt nok førestille seg kor dramatisk det må ha vore då jernbanearbeidarar sette liva på spel for å ferdigstille bana. Undervegs bør du halde kameraet klart, for her er det brusande fossar, stup og spektakulære utkikkspunkt langs heile bana.

På turen blir det lagt inn stopp ved eit av utkikkspunkta. Det er òg mogleg å gå eller sykle opp og/eller ned Flåmsdalen. Her kan du bestille ei pakke med einvegsbillett, som inkluderer av sykkelfrakt. Turen er også fin til fots. Løypa er open om sommaren og hausten, og du kan stoppe ved fire vakre fossar på turen. På endestasjonen Myrdal kan du ta Bergensbana vestover til Bergen eller austover til Oslo.

4. Sykkeltur frå fjellvidde til fjord

På sykkel kjem du tett på naturen, og du kan sjølv bestemme når og kor du vil stoppe. Frå sykkelsetet kan du tråkke frå høgfjellet på Hardangervidda til fjordbotnen i Flåm. Ein fottur langs den kjende Rallarvegen tek deg gjennom eit barskt fjellandskap, med utsikt over vidder som aldri tek slutt, og frodige dalar og fjordar som bryt opp fjellandskapet.

Du kan for eksempel starte på Norges høgastliggande togstasjon på Finse. Herifrå går turen langs den bilfrie Rallarvegen og fram til Myrdal stasjon. Deretter styrer du sykkelen ned bratte bakkar ned mot Flåm, eller du kan ta Flåm zipline som ein del av nedturen. Ta ein stopp på idylliske Rallarosa Stølsysteri, og smak på geitosten som er laga på mjølk frå geitene som beitar rundt stølen. Herifrå får du ein behageleg tur nedover, og du kan nyte synet av fleire imponerande fossar og stryk.

Har du lyst på ein ferdig pakketur på Rallarvegen, inkludert overnatting på historiske Fretheim Hotel i Flåm ved Aurlandsfjorden, finn du meir informasjon her.

5. Vintereventyr med ski og truger

Det er ikkje utan grunn at Walt Disney henta inspirasjon til kulissar og omgjevnadar til animasjonsfilmen “Frost” frå vinterlandskapet på Vestlandet. Her kan du oppleve eit vedunderleg eventyrland i frost og snø både vinter og tidleg vår. I kombinasjon med isfrie fjordar får du eit syn du seint vil gløyme.

Vil du ha ski på føtene, finst det mange moglegheiter for det òg, både i alpinbakkane, på spennande toppturar eller på langrennsski, for dei som likar å nyte naturen i eit rolegare tempo. Det mest dramatiske terrenget finn du i Sunnmørsalpane, som omkransar Hjørundfjorden. Her er det mange alternativ for dei som vil dra på topptur.

Med utgangspunkt i Flåm kan du prøve konseptet “Ski og fjord”. Denne pakka inneheld skikort for to dagar til alpinbakkane i Myrkdalen skisenter. Løypene har alle vanskegrader og omfattar løyper for offpiste-køyring, familieløyper, terrengparkar og skicrossløyper. Pakka inneheld òg to overnattingar på historiske Fretheim Hotel.

Flett inn oppsalg Fjords & Mountain Bus

Dersom du ikkje føler deg trygg med ski på føtene, kan ein trugetur på snøen vere eit godt alternativ. Truger har vore i bruk i Norge i over 1000 år og er ein del av den norske kulturen. Akkurat som ski.

Med truer på føtene i eit stille, kvitt landskap kjem du tett på dyrelivet. Prøv deg på ein trugetur i fjella rundt Aurlandsfjorden. Ein kunnskapsrik guide tek deg med til flotte utkikkspunkt mot fjorden og lille Underdal. Trugeturen passar for alle med normalt god form, inkludert dei som aldri har prøvd truger før.