Hopp til innhald
Solstråler på dei høge og dramatiske toppane i Hjørundfjordlandskapet som speglar seg i det rolege og krystallklare havet
Hjørundfjorden
Folk som tek bilete og nyt fjorden og fjella om sommaren på soldekket på Fjord Cruise Geirangerfjord
Geirangerfjorden
Kvinne som kosar seg i trehuske på Trandal gard ved Hjørundfjorden. Dramatisk snødekt fjellandskap
Trandal, Hjørundfjord
Vikinglandsbyen i Gudvangen, familiegruppe Viking i tradisjonelle vikingklede og eskimohund utanfor vikinghus
Vikinglandsby, Gudvangen, Aurland
Utsikt frå startplattforma til Flåm zipline. Regnboge over den djupe og bratte Flåmsdalen. Grøn islagd elv som buktar seg nedover dalen
Flåm zipline
Ungt par med utsikt over Aurlandsfjorden frå Stegastein utsiktspunkt i klar vinterluft. Blåleg lys omfamnar landskapet.
Stegastein utsiktspunkt

Fjorden som passar for deg

Med så mange naturperler å velje mellom vil du garantert finne ein norsk fjord som fell i smak. Her er gode tips til deg uansett om du søker ro og fred, aktivitetar og turar, vil reise på dagscruise eller er på jakt etter ekstreme opplevingar.

1. Dei beste fjordane for dagscruise

Eit fjordcruise er både ein avslappande og sosial måte å nyte lydane og den fantastiske naturen i Norge. Dei mest populære fjordane tilbyr dagscruise, der du kan oppleve naturen frå vatnet, med majestetiske fjell som reiser seg høgt over deg.

Nærøyfjorden – eit cruise gjennom UNESCOs verdsarv

På UNESCOs verdsarvliste finn du Nærøyfjorden, der du kan dra på cruise året rundt. Nyt eit kvitt og stille vinterlandskap kledd i frost og snø. Eller opplev fargerike fjellsider om hausten, klar himmel og djupblåe fjordar.

Eit fjordcruise i Nærøyfjorden går frå Flåm eller Gudvangen, men du kan òg bestille ein stopp i Aurland, Dyrdal eller Styvi. Skyttelbussar korresponderer med cruisa i Nærøyfjorden, slik at du kan bli med på fjordsafarien når du berre har nokre få timar til disposisjon.

Her finn du meir informasjon og bestilling av dagscruise på Nærøyfjorden.

Fjærlandsfjorden – cruise og isbrear i vikingane sitt rike

På éin einaste dag kan du nyte eit dagscruise på den naturskjønne Fjærlandsfjorden og oppleve isbrear på kloss hald.

Det startar med eit båtcruise innover Fjærlandsfjorden, med frodige grender og bratte fjell på begge sider. I botnen av fjordane og vidare opp i fjella kan du sjå både Bøyabreen og Europas største isbre på land, Jostedalsbreen. Turen til breane kan du ta med skyttelbuss eller til fots, og du kan òg stikke innom Norsk Bremuseum.

Utløpet til Fjærlandsfjorden ligg i eit område der vikingar busette seg og dreiv med handel. Sjølv om du ikkje får sett ekte vikingar på turen, får du ei kjensle av korleis dei levde i den tida.

Du kan bestille både halvdagscruise og heildagscruise til Fjærlandsfjorden. Les meir her.

Geirangerfjorden – blant dei mest storslåtte naturopplevingane i Norge

Akkurat som Nærøyfjorden er Geirangerfjorden på UNESCOs verdsarvliste, som inneheld mange av verdas underverk.

Fjorden er eit flott syn sett ovanfrå, men dersom du tek eit cruise på Geirangerfjorden, kjem du endå tettare på det som har gjort denne naturperla til eit av verdas underverk.

Fjordcruisa på Geirangerfjorden startar i Geiranger, tettstaden som ligg heilt inst i fjorden. Du passerer den vakre Knivsflåfossen, som òg vert kalla Dei sju søstrer. Namnet har utspring i vatnet som fossar nedover fjellsidene, som langt bølgjande hår. På turen får du òg sjå andre imponerande fossar, for eksempel Friaren og Brudesløret. Om rettar du blikket oppover, vil du få auge på gamle gardar som klamrar seg fast til dei bratte fjellsidene. Tenk at det har budd folk her!

Turen endar på den sjarmerande tettstaden Hellesylt.

2. Fjordar og attraksjonar for kresne turistar

Sjølv om norske fjordar er populære reisemål for tusenvis av turistar kvart år, er det ikkje vanskeleg å finne rolege stader der du kan nyte naturen i fred og ro. Landskapet og fjordane kan nytast på så mange måtar. Her finn du destinasjonar og opplevingar som vil falle i smak hos kresne turistar på jakt etter det ekte norske.

Fjordferie med by, natur og kultur

Har du lyst til å kombinere ein vakker by med fjordcruise, god mat og kanskje til og med ein konsert? Då kan Hjørundfjorden vere midt i blinken.

Start reisa i jugendbyen Ålesund, som ligg på nordvestkysten av Norge. Mange meiner at dette er éin av dei vakraste byane i Norge. Her er det mange godbitar for deg som er interessert i historisk arkitektur. Det manglar heller ikkje på restaurantar som serverer gode fiskerettar. Her blir fersk fisk og sjømat frakta til land kvar einaste dag.

Når du har teke inn alt bylivet har å by på, kan du bestille eit cruise på Hjørundfjorden. Fjorden ligg som ei djup blå rift i dei mektige Sunnmørsalpane. 

På vegen kan du stoppe på den lille staden Trandal. Her finn du Christian Gaard Bygdetun, som består av eit vertshus med pub og konsertscene. Her blir det arrangert bluesmusikkfestival kvart år, som har tiltrekt seg fleire internasjonale artistar.

I Trandal kan du òg nyte god mat og drikke med lokal vri. Det blir brukt lokale råvarer frå bærbuskar, fjord og fjell. Menyen varierer med årstidene. Kva seier du til ein hjorteburgar? Eller iskrem laga av geitost?

Cruiset endar i Øye, inst i Hjørundfjorden. Dersom du verkeleg vil nyte livet og flotte deg, kan me anbefale eit opphald på det legendariske og historiske hotellet Øye Hotel Union frå 1891. Dette er eit av Europas mest herskapelege hotell og har hatt besøk av mange kjende personar, rikfolk, kongelege og forfattarar. Dei 30 romma har fått eigne namn, for eksempel Karen Blixen, Edvard Grieg og Keisar Wilhelm II, og gir eit hint om den storslåtte historia som ligg i desse veggane. Finn du ikkje kvilepulsen her, finn du han aldri!

Romantiske dagar på historisk hotell

Flåm er utgangspunktet for mange opplevingar i Fjord Norge.

Eit lite fjordcruise unna ligg den fantastiske Nærøyfjorden, som er ført på UNESCOs verdsarvliste.

Flåm er òg eit utmerkt utgangspunkt for skiturar,sykkelturar og ein spektakulær togtur med Flåmsbana. Her kan du få mange fine stunder med dei du er glad i.

Flåm har teke imot turistar i over 100 år, og mange har slappa av på flotte Fretheim Hotel, midt i idylliske Flåm. Det vakre og historiske hotellet er ein harmonisk oase for reisande. Med eit fantastisk kjøken er alt lagt til rette for eit herleg opphald i naturskjønne omgivnadar.

Dersom du vil overraske kjærasten din, kan me tilby ei romantisk pakke som inneheld ei nått i tårnsuiten eller juniorsuiten med frukost laga av kortreiste produkt. Tass rundt i badekåpe og tøflar, og få sjampanje servert på rommet. Og når kvelden kjem, byr vi på ein nydeleg femrettars middag. Nyt!

Les meir om den romantiske pakka på Fretheim Hotel her.

3. Opplevingar for alle i familien

Legg du turen til ein av Norges flotte fjordar, kan du fylle dagane med det du måtte ønskje av opplevingar. Kombiner fine dagsturar og sightseeing med aktivitetar og opplevingar som små og store i familien kan vere med på.

Her er nokre tips til destinasjonar som vil passe for heile familien.

Besøk vikingane

Vestlandet er vikinglandet. Her er det mange spor etter vikingane som herja, handla og slo seg ned mange stader i Europa.

Glansperioden var frå ca. år 800 til 1066, då den siste vikingkongen, Harald Hardråde, fell i slaget ved Stamford Bridge i England.

Rundt om i verda er nok vikingane mest kjende for å vere uredde krigarar og dyktige sjøfolk. Men dei drev òg med handel, fiske og jordbruk. Klimaet på Vestlandet var mildt på denne tida, og i kombinasjon med den lange kystlina og fjordane, som gav ly for veret, var dette ein perfekt bustad og base for ekspedisjonar. På den tida var båt det mest praktiske framkomstmiddelet.

For å få eit inntrykk av livet til vikingane kan du besøke Njardarheimr i Gudvangen. Denne vikinglandsbyen ligg inst i den vakre Nærøyfjorden, som er ført opp på UNESCOs verdsarvliste.

Gudvangen er eigentleg namnet på ein gard som låg her i norrøn tid. Bratte fjell og fossar er imponerande kulisser til vikinglandsbyen, som tek imot vaksne og barn frå heile verda.

Om du trudde at dette er skodespelarar som gjer seg ut for å vere vikingar, tek du grundig feil. Innbyggjarane i vikinglandsbyen har vikinglivet som livsstil. Dei har stor kunnskap om livet i vikingtida og lagar både mat og reiskapar slik det vart gjort då vikingane herska i Norge.

På menyen finn du vikingsuppe med brytebrød, heimelaga pølser, pannebrød med laks, og spekepølse. I tillegg kan du prøve mat og drikke som vil variere frå dag til dag og blir laga med ulike teknikkar som var typiske på eit vikingkjøken. Og om du vil, kan du teste ut både øksekasting og skyting med pil og boge.

Er du i området om sommaren, kan det hende du får med deg vikingmarknaden i Gudvangen.

Omvising og aktivitetar i landsbyen kan kombinerast med cruise på Nærøyfjorden eller til Kaupanger i Sognefjorden. Meir informasjon om vikingane i Gudvangen og billettar dit finn du her.

Sykkelturar for aktive barn

Flåm er det perfekte utgangspunktet for ein sykkeltur med heile familien. Her finst det mange fine stiar og småvegar for syklistar i alle aldrar, men ein av dei beste stadene å utforske er Flåmsdalen.

Turen er fin både oppover og nedover, men det enklaste, og kanskje artigaste, er å ta den verdskjende Flåmsbana opp til Myrdal og sykle nedover til Flåm att.

Den to mil lange togstrekninga frå Flåm nede ved Aurlandsfjorden endar på Myrdal togstasjon på fjellet, heile 900 meter over havet. Toget passerer fossar og elver og svingar seg gjennom det ville og vakre landskapet. Toglina klamrar seg til bratte fjellsider og fer inn og ut av tunnelar før toget stoppar på Myrdal.

Så er det berre å feste sykkelhjelmen og setje kursen mot dalen nedanfor. På turen vil de passere fantastiske stader, blant anna dei fire fossane Kjosfossen, Kårdalsfossen, Rjoandefossen og Brekkefossen.

Den første delen av sykkelturen er på bilfrie vegar. Det gjeld blant anna turen ned hårnålssvingane mot Myrdalsberget. Så flatar landskapet ut nedover mot Flåm. På turen nedover kan de stoppe på den tradisjonelle fjellgarden Rallarrosa i Kårdal og smake den eigenproduserte geitosten på garden.

Her finn du meir informasjon om korleis du kombinerer sykkelturar med turar på Flåmsbana.

Førhistorisk landsbyliv

Lysefjorden er ein kort tur frå Stavanger. Her kan familien blant anna dra på fjordcruise, på dagstur til Preikestolen eller utforske naturen frå padlebrett eller kajakk. Du har flust med val.

Like ved tettstaden Forsand, ein av stadene du kan besøke på cruiset på Lysefjorden, kan du ta turen til den forhistoriske landsbyen Landa Park. Her kan store og små få eit innblikk i verda slik ho var då dei første menneska busette seg i området i bronsealderen, rundt år 1500 f.Kr. I Landa Park er det òg oppført hus slik dei såg ut då romarane herska i store delar av Europa og i Folkevandringstida, som varte fram til 600 e.Kr.

I tillegg til guida omvising er det aktivitetar som skyting med pil og boge, smykkeverkstad, keramisk verkstad, hesteriding, kajakkutleige, sykkelutleige, fisketurar og aktivitetsløype. I parken er det husdyr som barna kan klappe, og det blir laga pinnebrød og pannekaker over open eld. Det finst òg ein kafé.

4. Aktiv ferie for dei som søker spenning og utfordringar

Fjordane og fjella i Vest-Norge er som skapte for ekstreme opplevingar og aktivitetar som vil få opp pulsen din.

Uansett kor du er, vil du finne både korte og lange fjellturar som passar for deg. Mange stader kan du leige utstyr som syklar, kajakkar, kanoar og skiutstyr. Det er mange aktivitetar å velje mellom, ikkje berre for dei som likar aktiv ferie, men òg for dei som ønskjer meir ekstreme opplevingar.

Her er ei handfull fjordar der du vil finne aktivitetar og spektakulære opplevingar som du seint vil gløyme.

Skandinavias lengste zipline i Flåm

Eit skikkeleg adrenalinkick! Kjenn pulsen stige når du set utfor dei lengste ziplinene i Skandinavia, som svevar over i eit av dei mest dramatiske landskapa i verda.

Om du trudde zipliner er noko nytt som er laga for eventyrlystne turistar, må du tru om igjen. På gardane i det bratte fjellterrenget i Vest-Norge var tauliner avgjerande for å frakte ting, og til og med dyr, ned stupbratte klipper. Dette var forløparane til ziplinene, som no berre blir brukte for moro skuld.

Denne spektakulære ziplina startar på Vatnahalsen, 820 meter over havet. Deretter susar du nedover 305 høgdemeter i ein halsbrekkande fart, til du ”landar” i Kårdalen, ved Rallarrosa Stølsysteri. Då har du lagt bak deg heile 1381 meter i ein svimlande fart på opptil 100 kilometer i timen.

Når adrenalinet har gitt seg, kan du senke pulsen med velsmakande ost, snacks og drikke hos Rallarrosa Stølsysteri medan du tek inn den fantastiske naturen rundt deg.

Dersom du vil prøve deg på ziplina, kan du for eksempel leige ein sykkel og ta Flåmsbana opp til Vatnahalsen stasjon. Medan du er på veg ned ziplina, vil sykkelen din bli frakta ned med ein eigen heis. Når du har landa ved Rallarrosa Stølsysteri, kan du hoppe på sykkelen og nyte ein fantastisk tur på Rallarvegen gjennom Flåmsdalen heilt ned til Flåm. For ein dag!

Les meir om zipliner i Flåm her. Det kan vere lurt å bestille billettar på førehand, slik at du er sikker på å oppleve Flåms råaste tur nedover fjellet.

Sykkelturar på naturskjønne stiar

Sett av ei helg eller nokre dagar, og opplev naturskjønne Rallarvegen med overnatting som inkluderer kveldsmat og, sjølvsagt, “Afterbike” etter turen.

Rallarvegen er ein turklassikar for fjellvandrarar. Opphavleg var denne vegen ein anleggsveg då Bergensbana frå Oslo til Bergen vart bygd over Hardangervidda på slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet. Arbeidet var hardt, og mesteparten av lina vart hogd i stein med handemakt.

Mange syklar heile eller delar av ruta kvart år. For dei som ikkje har sykla i dette området før, eller som bare har eit par dagar til rådvelde, kan ein raskare og enklare sykkeltur vere den perfekte løysinga.

Her er ein sykkelturpakke som startar på Finse, den høgastliggjande jernbanestasjonen i Norge. Herifrå dreg du vestover mot Myrdal, før du turen endar nede i Flåm. Turen inkluderer to netter på Fretheim Hotel og “Afterbike” med lokalt, tørka kjøt og Ægir, eit lokalbryggja øl.

Sykkelturen passar for personar som er i rimeleg god form. Les meir om sykkelturar på Rallarvegen her.

Ta trappa opp frå Lysefjorden

Opplev ei av verdas brattaste tretrapper i Flørli. Ta eit fjordcruise på Lysefjorden, og stopp nokre timar i Flørli. Det er ingen vegar på denne lille staden, som er klemd mellom dei mektige fjella og Lysefjorden. Den einaste måten å komme seg hit på, er med båt. Her finn du ei av verdas lengste og brattaste trapper, iallfall verdas lengste tretrapp. Ta dei 4444 trinna opp til toppen, og nyt fantastisk utsikt over den mektige Lysefjorden medan du ventar på at pulsen går ned.

På Flørli kan du òg leige kanoar og kajakkar, medan kafeen kan freiste med mat og drikke som fyller opp lageret ditt etter den fysiske aktiviteten.

5. Det finst ikkje betre stader å ta Instagram-bilete

Når du besøker norske fjordar, går du aldri tom for spektakulære og vakre Instagram-motiv. Du er omgitt av motiv overalt og når som helst på dagen, uansett om du dreg på fjordcruise eller er på tur i høgda med utsikt over fjordane og fjella.

Enkelte stader tilbyr uendelege fotomotiv for dei som er på jakt etter dei aller beste bileta. Her er berre eit lite utval:

Stegastein – panoramautsikt over Aurlandsfjorden

Frå Flåm kan du ta den korte turen til Stegastein utsiktspunkt. Utsikta her er like spektakulær sommar som vinter, men alle med høgdeskrekk bør passe på! Stegastein utsiktspunkt ligg 650 meter over Aurlandsfjorden og gir panoramautsikt over fjorden og fjella. Sjølve utsiktsplattforma heng heile 30 meter ut frå fjellsida.

Det går bussar frå Flåm via Aurland fleire gonger om dagen. Bestill ein guida busstur her.

Preikestolen og Kjerag i Lysefjorden

I 2015 vart Preikestolen kåra til “det mest fantastiske utsiktspunktet” i verda av reisehandboka Lonely Planet. Og i 2017 toppa Preikestolen CNN si liste over verdas 50 vakraste naturlege underverk. Dei aller fleste er i stand til gå turen opp til fjellplatået, og du blir løna med bilete som vil ta pusten frå dei fleste.

Ikkje langt frå Preikestolen ligg Kjeragplatået og Kjeragbolten. Utsikta frå toppen av platået, som svevar 1084 vertikale meter opp frå Lysefjorden, er utan sidestykke. Eit anna populært motiv er Kjeragbolten, ein stor rund stein klemt fast mellom to klipper. Eit bilete av deg på Kjeragbolten er aleine verdt den utfordrande turen opp til Kjerag.

Tre fantastiske utsiktspunkt i Geiranger

Bli med på cruise på Geirangerfjorden, og nyt dei fantastiske motiva du ser overalt. Men dersom du går litt lenger opp fjellsida, til eit av utsiktspunkta over fjorden, vil du verkeleg kunne nyte eit majestetisk utsyn over Geirangerfjorden.

Geiranger Skywalk på Dalsnibba er eit fjellplatå med ei plattform som "heng" på utsida av klippekanten. Utsiktspunktet ligg ca. 1500 meter over havet og har utsikt over dei snødekte fjella og Geirangerfjorden langt under. Du kan nå Geiranger Skywalk til fots via den gamle Nibbevegen som opna i 1939, eller med bil eller buss.

Frå Flydalsjuvet kan du ta bilete av Geiranger og Geirangerfjorden, som du sikkert har sett på mange postkort eller i turistreklamar. Flydalsjuvet ligg berre fire kilometer frå Geiranger og har to utsiktspunkt. Det er enkelt å kome seg dit enten til fots eller med bil.

Frå Ørnesvingen er det utruleg utsikt over Geirangerfjorden, med dei bratte fjellsidene og fossen Dei sju søstrer. Herifrå kan du òg få auge på forlatne gardar som klamrar seg til fjellsida. Ørnesvingen har sin eigen imponerande foss. Utsiktspunktet ligg 620 meter over havet, heilt på toppen av den bratte og svingete Ørnevegen.

Sjekk ut Instagram-bileta våre her