Hopp til innhald

Flåm: Jobbar mot ei grønare framtid

Visste du at du kan reise miljøvennleg heile vegen frå Oslo til Flåm, og rundt omkring i nærområdet? Og at Flåm eig to prisvinnande båtar, ein hybrid og ein heilelektrisk, som køyrer på den UNESCO-verna Nærøyfjorden? Lær meir om korleis Flåm legg til rette for miljøvennleg turisme i nærområdet, slik at du kan reise på ein meir miljøvennleg måte.

Det grøne skiftet

Det grøne skiftet

Det har blitt eit skifte til høgare grad av medvit og fokus hjå enkeltpersonar og i forretningsføretak, når det gjeld å ta vare på jorda vår. Til alt hell. Turistføretak har eit særskilt ansvar for å redusere eige miljøavtrykk på jordkloden, og vere nyskapande i utviklinga av nye reisemål. Flåm har investert tungt i å leggje til rette for berekraftige opplevingar, slik at det er enklare for dei som kjem på besøk til området å ta val som er miljøvennlege.

Verne fjordane

Verne fjordane

Det siste og mest nyskapande tiltaket frå Flåm for å redusere eige miljøavtrykk, er investeringa i to miljøvennlege båtar som no køyrer på den UNESCO-verna Nærøyfjorden mellom Flåm og Gudvangen. Den første båten Vision of the Fjords kom i 2016, og vert no følgd av systerbåten Future of the Fjords i 2018. Vision of the Fjords er ein hybridbåt som køyrer både på elektrisitet og med ein dieseldriven hjelpemotor, etter ei 50/50-fordeling. Med Future of the Fjords tok ein eitt steg framover:

“Vision of The Fjords var ei viktig nyvinning for oss, men me ønskte å utvikle det heile vidare og erstatte dieseldriven drivkraft med heilelektrisk drivkraft. Slik kunne me fjerne støyen og utsleppa langsmed heile ruta. Og Future of The Fjords gjer akkurat dette, reduserer miljøavtrykket samstundes som opplevinga for passasjerane blir betre. No kan passasjerane oppleve at dei glir stille over vatnet, og kjem nærare naturen enn nokon gong tidlegare”, seier Rolf Sandvik som er administrerande direktør i reiarlaget The Fjords.

Roleg og stille båttur

Me snakka med passasjerane om bord på Future of the Fjords ein varm og solrik dag i juni 2018. Passasjerane fekk oppleve at draumen om å vitje fjordane på Vestlandet gjekk i oppfylling. Ein av dei er Lee, ein nøgd mann frå California. Han var enno ikkje klar over at han var om bord på ein banebrytande elektrisk farkost. I alle fall ikkje før me spurte han kva han syntest om den stillegåande elektriske motoren:

“Er det sant? Så det er difor det er så stille! Heilt fantastisk”, responderte Lee.

Lee er ikkje den einaste amerikanaren som har reist heilt frå California til Flåm og som er om bord på Future of the Fjords i Nærøyfjorden denne vakre dagen. Me møter også Katie og Ben Brackin, eit par frå Newport, California. Dei er svært imponerte over både fjordane og farkosten dei reiser med:

“Båten er eineståande. At den også er heilelektrisk hadde innverknad på oss då vi skulle velje båttur. Grunnen til dette er at du høyrer meir av naturen, vatnet, vinden, og du høyrer måsane som flyg i lufta over oss”, forklarer Katie.

“Du tenkjer ikkje over at du er på ein båt. Når du ikkje høyrer båten, kjennest det som du berre flyt rundt på vatnet”, legg ektemannen Ben til.

Mange morosame aktivitetar

Mange morosame aktivitetar

Det ventar deg meir enn to miljøvennlege båtar i Flåm. Eit flott tips til deg som ønskjer å kvile både føtene og resten av kroppen, er å ta ein tur og utforske nærområdet med ein elektrisk leigebil frå eMobility. I desse bilane kan du køyre rundt i området utan å etterlate deg avtrykk i miljøet.

I Flåm er turgåing, sykling og turar i kajakk populært hjå tilreisande som ønskjer å vere i aktivitet og utforske naturen. Du kan i tillegg utforske fjella og naturen rundt Flåm til fots eller på ryggen til ein hest, og på denne måten oppdage dei skjulte perlene! Du kan finne frodige landskap, idylliske dalar og storarta utsyn.

Du kan leige syklar både i Flåm og på Myrdal (endestasjonen på Flåmsbana). Ein tur med den elektriske Flåmsbana til Myrdal er ein attraksjon i seg sjølv, og blir skildra som ein av dei vakraste togturane i verda. Ein storarta tur som av svært gode grunnar er eit av dei mest populære turistmåla i Noreg. Om du har tid, kan du kombinere togturen opp til Myrdal med ein fantastisk gå- eller sykkeltur ned gjennom den grønkledde Flåmsdalen attende til Flåm.

Korleis kjem du deg til Flåm på den mest miljøvennlege måten?

Korleis kjem du deg til Flåm på den mest miljøvennlege måten?

Å ta toget frå Oslo og Bergen til Flåm er både den mest miljøvennlege og den enklaste reisemåten, fordi Bergensbanen frå Oslo til Bergen korresponderer med Flåmsbana på Myrdal stasjon. Togturen er uansett ei praktfull reise gjennom det norske landskapet.

Togturen frå Oslo til Myrdal tek om lag 4,5 timar, og turen frå Bergen til Myrdal tek om lag to timar. Frå Myrdal kan du reise til Flåm med Flåmsbana. Togturen frå Myrdal til Flåm tek deg frå 867 meter over havet ned til havnivå på ein time, og gir deg ei storarta oppleving.

Til sist nokre fleire tips om korleis du kan ta meir miljøvennlege val når du er ute og reiser:

Til sist nokre fleire tips om korleis du kan ta meir miljøvennlege val når du er ute og reiser:

  • Bu på miljøvennlege hotell. Fretheim Hotel i Flåm er eit Miljøfyrtårn-sertifisert hotell, som inneber at hotellet kan dokumentere miljøvennlege tiltak og vise at dei tek samfunnsansvar.
  • Nyt lokalprodusert mat: Fretheim Hotel, Toget Cafe og Flåm bakeri serverer og sel lokale produkt. Dette er betre for miljøet, du støttar lokale gardsbruk og i tillegg får du ferskare og meir smakfulle matvarer!
  • Ta med deg ei vassflaske i materiale som kan gjenvinnast. Springvatnet i Noreg er av framifrå kvalitet!
  • Sei nei til plast. Ta med deg ein ryggsekk. Då tek du vare på ryggen, også.
  • Ikkje kast søppel i naturen! Naturen er dyrebar, vi må ta vare på naturen.
  • Har du eit stramt reisebudsjett? Overnatt utandørs! Noreg har Friluftsloven. Formålet med lova er: “å verne friluftslivets naturgrunnlag og sikre almenhetens rett til ferdsel, opphold m.v. i naturen, slik at muligheten til å utøve friluftsliv som en helsefremmende, trivselskapende og miljøvennlig fritidsaktivitet bevares og fremmes.”