Hopp til innhald

Jul og Nyttår i Flåm

Flåm inviterer til ei avslappande og koseleg juletid, med tradisjonelle aktivitetar og mat for både store og små. For å setje den rette stemninga har vi dekorert heile Flåm med vinterbelysning, både inne og ute. Pepperkakebyen i Kundesenteret er klar, det vert julekalender for gjester og Vintermarknad helga 7. - 8. desember. Velkomen til jul i Flåm!

Juleaktivitetar

For å setje deg i skikkeleg julestemning har vi dekorert heile Flåm med vinterbelysning inne og ute. I Kundesenteret finn du Pepperkakebyen, kanskje kjenner du att nokon av bygningane? Gjennom heile juleperioden tilbyr vi "pop-up" gløgg- og pepperkakeservering til gjestene våre.

Frå 1. - 24. desember kan du kvar dag delta i julekalenderen vår i Kundesenteret.

NOVEMBER - JANUAR

Våre aktivitetar:

  • Flåmsbana - Dagleg
  • Stegastein Utsiktspunkt - Dagleg
  • Fjord Cruise Nærøyfjord - Dagleg
  • Fjord Safari - Dagleg
  • Trugetur - Frå 26.12.
  • Kulturell Kveldsvandring - Stengt 23.12 - 01.01
  • Viking Valley - Dagleg
  • Flåmsbanamuseet - Dagleg
  • Aurlands Skofabrikk - Stengt 24.-16.12 og 01.01
  • Flåm Kundesenter - Dagleg
  • Flåm Stores Destination & Exclusive - Dagleg

Mat og drikke:

  • Restaurant Arven - Dagleg
  • Fretheim Hotel Lobby Bar - Dagleg
  • Flåm Bakeri - Dagleg

Vintermarknad

Vintermarknaden i Flåm vart arrangert fyrste gong i fjor. I år finn det stad helga 7. - 8. desember frå kl. 10.00 - 14.00. Her vert det boder med lokale seljarar som tilbyr alt frå handtverk, kunst, gåvekort ti lmat og drikke. I Barnas Hjørne kan dei minste frå gratis ansiktsmaling, og sjølvsagt stikk Julenissen innom med ei helsing til alle.

Nyttårscruise på Nærøyfjorden

Start det nye året om bord på heilelektriske Future og The Fjords, omgjeven av verdsarvlandskapet på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Det moderne fartøyet har panoramavindauge som gjev deg fantastisk utsikt til fyrverkeriet, anten du står ute på dekk eller held deg inne i dei varme salongane. Den universell utforminga gjer at alle kan delta.

Nyttårspakka på Fretheim Hotel inkluderar overnatting på hotellet, aperitiff ved peisen eller bålpanna, nyttårsbuffet i Restaurant Arven, midnattscruise på fjorden, velkomstdrink på båten, musikk ved DJ og ein nyttårsskål om bord.

Fretheim Hotel

Historiske Fretheim Hotel og restaurant Arven er åpen hver dag gjennom julesesongen. Prikken over i'en etter en dag med vinteraktiviteter er å samles rundt bålpannen utenfor hotellet med noe varmt å drikke i koppen. Marshmallows får du i resepsjonen! På julaften får alle gjester en liten julegave ved innsjekk og du kan nyte den store, tradisjonelle julebuffeten i restauranten.

Mat & drikke

Mat og drikke er ein viktig del av reiseopplevinga, og kanskje spesielt i juletida. Restaurant Arven på Fretheim Hotel er open kvar kveld frå kl. 19.00. Prøv dagens 3-retter eller vel frå a la carte menyen vår. På Nyttårsaftan serverer vi nyttårsbuffet.

Til lunsj anbefaler vi å stikke innom Flåm Bakeri for sandwicher og bakverk. Skulle du ynskje ein varm lunsj, får du i perioden 20. desember - 2. januar varm suppe med brød i Lobby Bar på Fretheim Hotel mellom kl. 13.00 - 16.00, Tradisjonell julegraut vert servert frå kl. 14.00 på julaftan.

Daglege aktivitetar

Dei fleste aktivitetane du kan oppleva i Flåm har fleire daglege avgangar heile året. Opplev fantastisk ingeniørarbeid på Flåmsbana, lad batteria med vinterlys og frisk luft på eit fjordcruise på Nærøyfjorden mellom Flåm og Gudvangen, eller ta ein tur til Stegastein Utsiktspunkt og nyt utsikten over Aurlandsfjorden og verdsarvlandskapet. Har du lyst på ein dag med ski eller aking? Hopp på Fjord & Fjellbussen til Myrkdalen Fjellandsby.

God Jul & Godt Nytt År