Hopp til innhald
Flåmselva på nært hald, grøn skog og snødekte fjell bak
To togsett på Flåmsbana møtest i Flåmsdalen
Flåmsbana sett gjennom vindauget
 Kvinne og mann smiler til kvarandre framom Kjosfossen
To syklistar ved elva i Flåmsdalen

Kvifor Flåmsbana bør opplevast minst éin gong i livet

Turistar kjem frå heile verda for å oppleve ei reise med Flåmsbana. Kvifor er ho så populær? Og kva gjer ho så spektakulær at National Geographic har kåra ho til ei av topp ti togreiser i Europa, og Lonely Planet gjekk endå lenger og kåra ho til verdas beste?

To tog på Flåmsbana møtest i dalen sett frå vindauge med turistar sitjande i kupeen

Flåmsbana – ei togreise for bucketlista

Kvart år lokkar den bratte og frodige Flåmsdalen og det ikoniske togsettet folk frå alle kontinent til Flåm. Flåmsbana, som går mellom Myrdal og Flåm, har i årevis vore ein av dei mest populære attraksjonane i landet. Saman med nokre andre internasjonale jernbanestrekningar står ho på mange si bucketliste, både for toginteresserte og eventyrlystne er ho eit must på noregsreisa.

Blandinga av vill natur, interessant historie og koselege fjellgardar gjer turen med Flåmsbana til ei spektakulær oppleving.

Eit tog på Flåmsbana i snødekt Flåmsdal på vinteren

Like vakker, heile året

Dei seinare åra har turistane oppdaga at Flåmsdalen er like flott heile året, ikkje berre på sommaren. Han er nesten meir dramatisk på ein kald vinterdag, som ein varm julidag. På ein dag med kuldegradar og snø får det deg verkeleg til å tenkje på både dei som bygde jernbana, men også dei som endå tidlegare busette seg under knausane her. På hausten blir dalen farga i raudt, gult og oransje, medan om våren er fossane på sitt største og toppane framleis kvite. 

Stor vassføring i Kjosfossen langs Flåmsbana

Dramatiske Flåmsdalen

Med steile fjellsider med tydelege rasrenner, store fossefall, den krystallfarga elva og det bratte Myrdalsberget, er dramatisk kanskje den beste nemninga på Flåmsdalen. Tek du toget, har du flott utsikt til alt dette. Blant anna får du god utsikt til dei tre fossane, Brekkefossen, Rjoandefossen og Kjosfossen. Ved sistnemnde stoppar toget nokre minutt, så du kan gå ut og kjenne dusjen frå fossen.

Kombinert med knallgrøne eller haustfarga bøar og fjellsider blir utsikta rett og slett utruleg vakker.

Flåmsbana på veg nedover Flåmsdalen

Utruleg ingeniørkunst

Det er ikkje utan grunn at bygginga av Flåmsbana er sagt å vere noko av det mest vågale og fagleg framståande ingeniørarbeidet i norsk historie. Det tok nesten 20 år å byggje den 20 kilometer lange jernbanestrekninga, frå arbeidet starta i 1923 til bana stod ferdig i 1940. Høgdedifferansen er på heile 865 meter frå stasjonen i Flåm ved Aurlandsfjorden til Myrdal på 867 moh. Det gjev ei halling på 5,5 % 80 % av strekninga.

Av dei 20 tunnelane vart 18 bygde for hand. Ein av dei tek til og med ein 180 gradars sving som gjev utsikt over Flåmsdalen frå begge sider av toget. Og ja, det er noko med talet 20 her!

Det er rett og slett ikkje mogleg å ikkje bli imponert over arbeidet når du i dag sit på toget på veg opp eller nedover dalen.

Flåmsbanamuseet i den gamle stasjonsbygningen i Flåm har ei flott utstilling som viser den utrulege historia til bana. Gratis inngang for alle.

Geiter i sola framfor ein støl i Flåmsdalen

Ein levande dal

Togturen er ikkje berre vakker, han gjev deg også eit godt innblikk i kulturhistorie. Dei fleste gardane som ligg oppover dalen, har vore busette og drivne lenge før jernbana kom, og blir framleis drivne i dag. På stølen Kårdal i botnen av Myrdalsberget øvst i dalen ligg Rallarrosa Stølsysteri der dei lagar ost og andre produkt av geitemjølk. Det gamle sentrum i Flåm, med Flåm kyrkje og skule, ligg litt opp i dalen frå det vi tenkjer som sentrum i dag, og det er der dei fleste innbyggjarane bur også i dag.

Rallarvegsyklistar på veg nedover Flåmsdalen på sommaren

Utgangspunkt for andre aktivitetar

Flåmsbana er ikkje berre ein fin tur i seg sjølv, men eit flott utgangspunkt for andre aktivitetar. Vatnahalsen er eit flott utgangspunkt for fotturar. Her kan ein gå rundt Reinungavatnet, langs Rallarvegen eller ned gjennom Flåmsdalen.

For dei adrenalinlystne har også Flåm Zipline startpunkt ved Vatnahalsen. Skandinavias lengste zipline tek deg ned Myrdalsberget til stølen Kårdal. Derifrå er det flott å setje seg på sykkelen og trille tilbake til Flåm. Alternativt kan du gå til Blomheller stasjon og hoppe på toget att der.

Å sykle heile dalen frå Myrdal til Flåm er også ein fantastisk tur, og den delen av Rallarvegen som er snøfri tidlegast på året. Du syklar først ned dei 21 hårnålssvingane frå Vatnahalsen til Kårdal. Dersom Rallarrosa Stølsysteri er open, tilrår vi å stoppe her for ei svele med geitost. Turen vidare går for det meste nedover, forbi små, koselege gardstun og langs den flotte Flåmselvi. Sjå opp for geiter i vegen! Stopp ved Flåm kyrkje frå 1670. Dersom ho er open, er det verdt å ta ein tur innom for å sjå på kunsten og veggmåleria.