Hopp til innhald

Opplev smaken av Flåm

I det vestlandske kjøkenet fell det naturleg å nytte sesongbaserte råvarer og det beste frå naturen. Med blå fjordar like utanfor døra, friskt fjellvatn, grøne dalar, frodige skogar og varierande vêr, har det vestlandske kjøkenet tilgang til kvalitetsprodukt frå både land, sjø og villmark som få andre kjøken har. Når ein nyttar råvarene rett, er matopplevingane mange, smakfulle og varierte.

La oss inspirere deg slik at du kan nyte kortreiste smakar av Fjord Noreg i og rundt Flåm:

Den namngjetne geitosten frå Undredal

Til alle osteelskarar, kva med ein smak av den prisløna geitosten frå den vesle, idylliske bygda Undredal? Kvaliteten på den kvite og brune geitosten er resultatet av ein hevdvunnen tradisjon når det gjeld ysting og ystemetodar, der ystemetoden er nært knytt til bygdeidentiteten. Som eit resultat av dette blei geitosten frå Undredal tildelt utmerkinga Noregs beste geitost i 2011 og 2012.

Dersom du gjestar Eldhuset Undredal sitt visingssenter for Undredalsosten, kan du gle deg over ein presentasjon av tradisjonelle ystemetodar og samstundes få smake på osten. I Flåm finn du geitosten i butikkane og på Flåm Bakeri, og du får osten servert på Arven restaurant og i lobbybaren på Fretheim Hotel.

 

Slik kjem du deg dit

Undredal ligg ved den vakre Aurlandsfjorden, ein kort køyretur eller båttur frå Flåm. Fjordcruise Nærøyfjorden er ein klassisk ferjetur som stoppar i Undredal, med avgang både frå Gudvangen og Flåm fleire gonger om dagen. Fjordruta er utan tvil den vakraste måten å reise til Undredal på.

Eit paradis for frukt og bær

Kvar vår fargelegg blomstringa av frukt- og bærtrea i fylka Sogn og Fjordane og Hordaland det allereie overveldande landskapet i regionane, og tilfører endå meir romantikk og venleik.

Sogn og Fjordane og Hordaland har i generasjonar vore dei leiande regionane for frukt og bær i Noreg. Om sommaren og hausten kan du gle deg over sesongbaserte smaksopplevingar – og ein makelaus smak! På grunn av stabil temperatur og mykje lys, er mogningsprosessen i området langsam og smaken og aromaen i frukta blir spesielt god. Frukt, bær,  saft og sider som blir produsert i desse områda, gir deg ein ekte smak av Fjord Noreg.

 

Servering og sal i Flåm

I Flåm finn du eit stort utval av lokalprodusert saft og sider i butikkar, restaurantar og kaféar. Du kan kjøpe saft og sider på Flåm Bakeri, Toget Café og i Restaurant Arven og lobbybaren på Fretheim Hotel. Når frukt- og bærsesongen står for døra, et dette på menyen på Restaurant Arven i Flåm. 

Ægir – prisløna handverksbryggeri i Flåm

Kort tid etter at Ægir Bryggeri opna i Flåm i 2007, fekk dei fleire nasjonale og internasjonale utmerkingar for det gode ølet. Blant anna "Årets bryggeripub" – tre år på rad. Ikkje berre er ølet verdt eit besøk, puben er også heilt spesiell. Utsjånaden og stemninga i puben er inspirert av vikingtida, med dragehovud på veggane, utskorne dekorasjoner og ein ni meter høg skorstein. Maten som blir servert på Ægir har også eit svært godt rykte. Dei brukar sesongbaserte, lokale råvarer som ein hadde kjent att i vikingtida, med smakar som passar den moderne gana – og som sjølvsagt blir servert med skikkeleg kvalitetsøl!

Du finn også eit utval av øl frå Ægir på Toget Café og Fretheim Hotel. 

Ekstraordinære måltid på Fretheim Hotel

Årstidene, den friske lufta og det varierande vêret på Vestlandet gir ikkje berre gode høve til å produsere kvalitetsfrukt, bær og grønsaker – også kjøtet av beitedyra får ein helt spesiell smak.

På Restaurant Arven på historiske Fretheim Hotel, kan du nyte eit ekstraordinært måltid laga av sesongbaserte råvarer og lokalt kjøtt. I hotellrestauranten veit korleis dei skal bruke naturen og lokale leverandørar til matlaginga. Frå handplukka blomar i hagen til dessertdekorasjonar, til smakfullt lam som stammar frå nabogardar – med frodig kulturmark som gir god næring til lamma.

 

Lokale kjøt tradisjonar 

Konservering av kjøt har vore ein norsk tradisjon i generasjonar. Spekekjøtt kan vere salta, røykt eller ikkje røykt, avhengig av regionale tradisjonar. For mange nordmenn er spekekjøt ein vesentleg del av julematbuffeten. Kjøtet er også populært heile året når ein et det på rett måte med ferskt brød og smør, rømme, smakfulle grønsaker og potetsalat.

Restaurant Arven serverer kjøt og spekekjøt frå Haugen Gardsmat, Tveitegarden og fleire leverandørar frå Voss, alle kjende for kvalitetsprodukta sine.  Lobbybaren på Fretheim Hotel serverer også eit utval av spekekjøt og ostar som du kan nyte som snacks eller forrett.