Hopp til innhald
Båt seglar mot Sunnmørsalpane i finvêr
Mann huskar over Hjørundfjorden på Trandal
Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane sett frå ei blomeeng
Mann og kvinner spring på sti over Hjørundfjorden
Foto: Mattias Fredriksson
To personar i tandemkajakk padlar på Norangfjorden
Kvinne og mann står ved stølsruinane under vatn i Norangdalen
Mann og kvinne står på båten på Hjørundfjorden
Sunnmørsalpane med Slogen i midten frå Hjørundfjorden

Opplev Sunnmørsalpane frå Ålesund

Hjørundfjorden på Sunnmøre er kjend verda rundt for dei majestetiske Sunnmørsalpane som strekkjer seg opp til 1700 meter over fjorden. Det dramatiske og urørte fjordlandskapet er ein stor leikeplass for dei aktive, og dei sjarmerande små bygdene langs fjorden er eit must for dei som vil oppleve lokal kultur og historie. Den enklaste vegen hit er med eit fjordcruise frå Ålesund.

Ein båt seglar innover Hjørundfjorden

Direkte frå Ålesund til Sunnmørsalpane

Det er perfekt å kombinere nokre dagar med byferie i vakre Ålesund med aktivitetar og opplevingar i Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden. Hovudstaden på Sunnmøre er også kjend som jugendbyen. Etter den store bybrannen i 1904 vart nesten heile sentrum bygd opp att i spanande jugendstil, også kalla art noveau.

Punkt 1 på lista over ting å gjere i Ålesund er byvandring med tid til å sjå på alle detaljrike husfasadar. Punkt 2 er ein tur opp trappene til utsiktspunktet på byfjellet Aksla. Punkt 3 er å kome seg ut av byen og oppleve det fantastiske fjordlandskapet rundt Hjørundfjorden.

Fjord Cruise Hjørundfjord har tre daglege avgangar i kvar retning mellom Ålesund og Øye, med stopp i Trandal, Sæbø og Urke undervegs. Du kan gå av og på båten undervegs for å utforske dei trivelege bygdene, nyte god mat og drikke på ein av dei koselege matstadene, gå fjelltur eller bli med på andre aktivitetar som kajakkpadling eller elsykkeltur.

Den aller beste utsikta får du til fjells. Samlar du spektakulære fjelltoppar, er Slogen, Saksa og Skårasalen innanfor rekkjevidd med utgangspunkt i fjordcruiset frå Ålesund. Berre hugs at dette er krevjande turar, så du bør ha gått litt i fjellet før du kjem hit. 

Det er mogleg å starte turen på Sæbø og Øye også, eller bruke fleire dagar og overnatte på dei koselege overnattingsstadene langs fjorden.

Kvinne på huska i Trandal med Sunnmørsalpane bak

Sjarmerande Trandal

Visste du at denne bygda med færre enn 10 faste innbyggjarar har eit av landets mest populære Instagrammotiv? Har du lyst å svinge deg på huska på Trandal må du ta båt, det manglande vegsambandet gjev deg ingen val.

I tillegg til huska er eit stopp på serveringsstaden Christian Gaard Bygdetun eit must. Staden har faktisk ein kapasitet som er 25 gonger større enn befolkninga i bygda. Det var eit vågalt steg å renovere den gamle garden og satse på turisme i ei lita veglaus bygd med 10 innbyggjarar, men sidan slutten på 1990-talet har Christian Gaard vorte ein ettertrakta stad å besøkje. Her kan du nyte eit godt måltid i restauranten eller berre slappe av på terrassen med noko godt i glaset og enklare smårettar. Vanlegvis blir det halde både konsertar og festivalar med nasjonale og internasjonale artistar, som Trandalblues og Countryfestival.

Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden sett frå ei blomeeng ved Sæbø

Fjordidyll i Sæbø

I Sæbø har det vore gardsdrift heilt sidan 200-talet, og den vesle bygda har seinare vorte busett av både vikingar, ulv og bjørn. Desse er borte no, men det flotte kulturlandskapet er der framleis. Frå Sæbø har du fin utsikt mot dei majestetiske toppane Slogen og Saksa.

Har du nokre dagar til å utforske Sunnmørsalpane, er Sæbø eit godt alternativ å ha som base. Sæbø har fleire overnattingsstader og vegsamband til Volda og Ørsta. Ta ein topptur til Skårasalen, leig kajakk eller ta turar i sidedalane til Bondalen. Vidare bruker du fjordcruiset til å kome deg til dei andre destinasjonane ved Hjørundfjorden.

To personar spring på fjellet over Hjørundfjorden
Foto: Mattias Fredriksson

Fjord og fjell på nært hald frå Urke

Urke ligg der Hjørundfjorden går over i armen Norangsfjorden. Her bør du vere kledd for ein aktiv dag. Ein av dei mest populære turane her går til Saksa 1073 moh. Det er kanskje ein av dei lågaste toppane i området, men plasseringa gjev ei storslått utsikt.

Du kan sjølvsagt gå fjelltur på eiga hand, men vi tilrår å ha med guide for ei endå betre oppleving. Då treng du ikkje lure på ruteval og får lokal kunnskap og historie med på kjøpet. Har du meir lyst til å utforske fjorden på nært hald, er ein padletur i kajakk eit godt val frå Urke. Norway Adventures tilbyr anten guida fjelltur eller padletur frå Urke kvar dag i sommar. Om det blir vandring eller kajakk, kjem an på etterspurnad den aktuelle dagen.

Er du ikkje av den aktive typen, bør du likevel unne deg eit stopp her. Urke har nemleg ein av dei flottaste serveringsstadene på Sunnmøre. Urke Kaihus har ei heilt unik uteservering i fjordkanten og er open kvar dag i sommar. Ikkje berre får ein ei fantastisk utsikt herfrå, kaihuset har halde på sjarmen med interiør henta frå gamle gardar i området.

Jente står på dekk med vind i håret på Hjørundfjorden
Ei gruppe i kajakk padlar mot Øye og Slogen
Mann og kvinne ser og peikar mot fjell i Norangdalen

Historisk sus på Øye

Få småstader langs fjordane kan skilte med like mange herskapelege besøk som Øye. Heilt frå det historiske Hotel Union Øye opna dørene i 1891, har det vore eit ynda reisemål for Europas kongelege og adel. Akkurat som vi, var dei fasinerte av dei urørte, rå og vakre Sunnmørsalpane.

Unn deg ei natt på det ikoniske hotellet, og bruk dagane til å kome nært på naturen. Frå Øye kan ein bli med både Fjord Nature på padletur på Norangsfjorden eller gå til den imponerande toppen Slogen på 1564 moh. Det er ulike ruter til Slogen og stien frå Øye er den kortaste, men også brattaste. Uteguiden tilbyr guida tur dit kvar onsdag og laurdag frå juli til september.

Når du fyrst er her, bør du ta ein tur innover i Norangsdalen som ligg mellom Øye og Hellesylt. Dei gamle stølane i dalen viser korleis menneska har kjempa mot naturkreftene gjennom tidene. I 1908 gjekk det eit ras som sette ein støl under vatn, og du kan framleis sjå restar etter murane, vegen og grinda under Lyngstølsvatnet. Før i tida vart dei aristokratiske gjestene frakta inn i dalen med hest og kjerre, men i dag er ein elsykkeltur med Fjord Nature det enklaste alternativet til å utforske dalen.

På andre sida av Norangdalen ligg Hellesylt. Derfrå kan ein ta fjordcruise inn Geirangerfjorden til Geiranger for fleire spektakulære fjordopplevingar.

Besøk det vakraste turområdet på Sunnmøre