Hopp til innhald
Kvinne står ved baugen på ein elektrisk båt og ser utover fjorden
To tog på Flåmsbana møtest i ein grøn frodig dal på sommaren
Ei fergje seglar på Sognefjorden på våren med snøkledde toppar og blømande frukttre i framgrunnen.
Fretheim Hotel sett frå hagen ein delvis overskya sommardag
Haustlandskap ved Oppheimsvatnet med nysnø på toppane og oransje fjellsider.

Reis miljøvenleg til Flåm

Det er enkelt å reise miljøvenleg til Flåm. Plasseringa midt i Vestland fylke gjer at du kan kome deg til Flåm med buss, båt, bil og ikkje minst tog. Det beste med å reise med offentleg transport, er at du berre kan lene deg tilbake og nyte noko av den vakraste utsikta vi har her til lands.

La nokon andre ta seg av køyringa og gjer noregsferien meir berekraftig med miljøvenlege transportmiddel på reisa til Flåm. Blant tilrådingane våre finn du togreisa med Bergensbana over fjellet frå Oslo og hurtigbåten frå Bergen gjennom Sognefjorden. 

Flåmsdalen ein lettskya sommardag med to møtande tog på Flåmsbana

Miljøvenleg togreise til Flåm

Tog er vårt favorittframkomstmiddel til Flåm. Bergensbana mellom Oslo og Bergen revolusjonerte reisa mellom aust og vest då ho opna i 1909, og vart så seint som i 2019 kåra til ei av verdas ti mest fantastiske togreiser av Lonely Planet. Gå på toget i Bergen eller Oslo, eller på ein av dei mange stasjonane imellom, og berre nyt det fantastiske landskapet som driv forbi til du kjem til Myrdal. 

På Myrdal byter du tog til Flåmsbana, som til liks med Bergensbana er vorte kåra til ei av verdas vakraste toglinjer. Turen ned til Flåm og Aurlandsfjorden tek omtrent 50 minutt og inkluderer eit stopp ved Kjosfossen. Flåm Stasjon ligg ved kaien, midt i sentrum med kort gangavstand til Fretheim Hotel og andre attraksjonar.

Bilferje seglande på Sognefjorden med snødekte toppar bak og blømande frukttre i front

Reis til Flåm med båt eller buss

Før Flåmsbana opna i 1940, var Sognefjorden hovudfartsåre mellom Flåm og Bergen, ei reise gjennom nesten heile den lengste fjorden i landet. På sommaren er det mogleg å ta hurtigbåten frå Bergen til Flåm via Sogndal. Turen tek 5,5 timar og tek deg via fleire idylliske fjordbygder, som Sogndal, Balestrand og Vik. Kombinerer ein denne ruta med tog, får ein ein unik rundtur.

Eit godt alternativ dersom rutetidene ikkje passar med reiseruta di, eller du reiser utanfor hurtigbåtsesongen, er å ta eit elektrisk fjordcruise frå Flåm til Gudvangen og oppleve Nærøyfjorden i same slengen. Frå Gudvangen hoppar du på den korresponderande bussen til Voss og tek toget vidare til Bergen (eller Oslo) derfrå. Eller motsett veg, så klart.

Bussambandet til Flåm er også bra. Nettbuss har fleire daglege avgangar frå Oslo (bussbyte i Lærdal) og Bergen, medan Nor-Way køyrer Øst-Vestekspressen mellom Lillehammer og Bergen, i tillegg til Sognefjordekspressen mellom Sogndal og Bergen.

Haustdag ved Oppheimsvatnet mellom Flåm og Myrkdalen

Køyr elbil til Flåm

Er du ein miljømedviten bilist med elbil, er det sjølvsagt ingen problem å reise utsleppsfritt med eigen bil. For å gjere det enklare for våre gjester, bygde Fretheim Hotel i 2019 ny parkeringsplass med 12 ladestasjonar.

Flåm ligg sentralt til på Vestlandet langs E16, så det er lett å finne fram og alternativa for fine rundreiser er mange. Frå Austlandet tek du E16 over Filefjell, rv52 via Hemsedal eller rv50 mellom Aurland og Hol alt etter kva som passar best med startpunktet ditt. Frå Bergen E16 via Voss.

Kjem du frå nordsida av Sognefjorden, køyrer du via Sogndal og Lærdal.
Om sommaren kan vi tilrå å køyre gamlevegen mellom Aurland og Lærdal, ein Nasjonal turistveg også kjend som snøvegen, med eit stopp ved utsiktspunktet Stegastein over Aurlandsfjorden.

To kvinner tek selfie ved ein liten elektrisk bil med Aurlandsfjorden i bakgrunnen

Berekraftig sightseeing

Når du først har kome deg hit, er det heller ikkje vanskeleg å kome seg rundt på ein berekraftig måte. Du kan leige sykkel og sykle ut til Otternes bygdetun eller oppover Flåmsdalen til Flåm kyrkje, og du kan ta beina fatt og gå til Brekkefossen. Det er også mogleg å leige små elbilar for litt lengre turar, som inn til Aurlandsvangen eller opp til Stegastein utsiktspunkt.

Det utsleppsfrie fartøyet Future of The Fjords har daglege avgangar med fjordcruise i verdsarvlista Nærøyfjorden. Det er mogleg å gå av båten undervegs for å gå tur på stiar ein elles ikkje kjem til, eller berre slappe av i ro og fred i ei av dei små fjordbygdene. Er du turvant og har lyst på ei skikkeleg heildagsutflukt er det mogleg å bli med på Bike & Hike Nærøyfjorden. Denne spanande turen inkluderer fjordcruise til Dyrdal, sykkeltur på stølsveg og topptur med utsikt rett ned i fjorden alt med guide. 

Visste du forresten at Flåmsbana var ei av dei fyrste elektriske jernbanestrekningane i landet? Ho fekk elektrisk drift alt i 1944. 

Fretheim Hotel med epletre i hagen

Miljøfyrtårnsertifiserte Fretheim Hotel

Historiske Fretheim Hotel vart miljøfyrtårnsertifisert alt i 2006 og tek sitt ansvar for å bevare miljøet på best mogleg måte. Matkonseptet i restaurant Arven byggjer på bruk av lokale råvarer, som i tillegg til å vere kortreist også stør opp om lokale matprodusentar og bønder. Er du ei miljømedviten bedrift, har du høve til å arrangere Grøn Konferanse her også.