Hopp til innhald

På båttur gjennom den UNESCO-verna Nærøyfjorden: Passasjeren sitt perspektiv

“Du har lyst til å ta fram kameraet og ta bilete heile tida”, seier Ben Brackin frå California. Saman med eit filmteam er me med på eit fjordcruise på den UNESCO-verna Nærøyfjorden for å høyre kva passasjerane seier om opplevingane på fjorden.

Har du nokon gong lurt på korleis det er å ta ein båttur gjennom den UNESCO-verna Nærøyfjorden? Det finn me best ut av ved å snakke med passasjerane om bord på båten. Ein vakker junidag i 2018 gjekk me om bord i heilelektriske Future of the Fjords, som er kåra til Ship of the Year 2018, for å snakke med turistane om opplevingane på fjorden.

Eit malerisk postkorteventyr

Eit malerisk postkorteventyr

Me la ganske fort merke til ein kar som var både oppglødd og ivrig. Og ville ha ein prat med denne mannen. Han ville heldigvis meir enn gjerne prate med oss.

Han heiter Lee og har reist heile den lange vegen frå California saman med familien, for å oppleve Noreg og fjordane på Vestlandet. Han er svært nøgd med turen, og fortel:

“Heile dette landet er som ein einaste stor nasjonalpark – kvar gong vi kjem til ein ny stad er det som om me har hamna rett i eit malerisk postkortmotiv. Berre sjå deg rundt! Lee er oppglødd når han snakkar.

Han er heller ikkje den einaste amerikanaren som har reist heilt frå USA til Flåm og som har vorte bergteken av Nærøyfjorden denne vakre dagen.

“Du har lyst til å ta fram kamera og ta bilete heile tida. Du er på den eine sida av båten og ser ein foss du vil ha bilete av – så ser du plutseleg ein annan foss på den andre sida av båten”. "Heilt fantastisk", seier Ben Brackin frå Newport, California.

“Det er utruleg malerisk”, legg kona Katie til.

Paret er også imponerte over den elektriske båten. Det beste av alt er at Future of the Fjords går så stille, seier dei.

“Båten er heilt eineståande. At den også er heilelektrisk hadde innverknad på oss då me skulle velje cruise, fordi du høyrer meir av naturen, vatnet, vinden, og du høyrer måsane som flyg i lufta over oss”, seier Katie.

“Du tenkjer ikkje over at du er på ein båt. Når du ikkje høyrer båten, kjennest det som du berre flyt rundt på vatnet”, seier Ben.

“Mykje betre enn internett.

Mange av dei som reiste på fjordcruiset denne dagen, kom frå stader langt borte. Mariam Gaston Santiago og Alan Garcia Camacho hadde reist heilt frå Mexico City. Dei hadde høyrt om fjordane, sett bilete på nettet og funne ut at dei berre måtte oppleve dei vakre fjordane i røynda.

Vi hadde ein god grunn til å reise på denne turen i år, då begge mødrene våre fyller 60 år og Mariam fyller 30. Vi ville feire på ein spesiell måte, og bestemte oss for ein tur til dei norske fjordane!

Turen til fjordane i Noreg levde opp til det dei hadde venta seg. Og meir enn det.

“Å sjå det med eigne auge er noko heilt anna enn å sjå på bilete på nettet. Det er heilt ufatteleg. På turen hit frå Bergen tenkte me: “Er det mogleg at noko kan vere betre enn dette?” Så kom vi hit. Her ser vi at det heile er endå vakrare og meir fantastisk!” Seier Alan.

“Me ser så mykje vakkert rundt oss at det nesten er vanskeleg å ta det inn”, seier Mariam.

Neste etappe på reisa er ein tur med Flåmsbana frå Flåm til Myrdal.

“Me har høyrt mykje fantastisk, som at det er ein av dei vakraste togturane i verda. Me kan nesten ikkje vente på å gå om bord”.

Då kunne me love dei at dei hadde enno ei spennande oppleving i vente.