Hopp til innhald
Fire personar nyt utsikta på fjordcruise på Nærøyfjorden om bord Future of The Fjords
Tre personar som akar ned skibakkane i Myrkdalen
To kvinner smiler og beundrar utsikta over det kvite landskapet frå Flåmsbana om vinteren
Fretheim Hotel og hage om vinteren
Gruppe med tenåringar som tek en pause i skibakken i Myrkdalen Fjellandsby
Ei gruppe med personar på Stegastein utsiktspunkt som beundrar utsikta over Aurlandsfjorden og snødekte fjell
Myrkdalen Hotel sett frå bakkane om vinteren
Skiinstruktør og elev som har skiundervising i Myrkdalen Fjellandsby
Jenter køyrer på ski ned bakkane i Myrkdalen Fjellandsby

Ski & Fjord-oppleving

Utforsk hjartet av det slåande vakre vinterlandskapet i Fjord Norge. Kombiner suveren skikøyring i snøparadiset Myrkdalen Fjellandsby, ein av del største og mest snøsikre vintersportstadene i Norge, med freden og roen ved den UNESCO-lista Nærøyfjorden!

Fjordopplevingar i Flåm

Vinteren ved fjorden har noko for alle, med ei mengd aktivitetar å velje mellom. Bli med på eit fjordcruise på den UNESCO-oppførte Nærøyfjorden, ta den verdsberømte Flåmsbana, eller berre nyt den spektakulære utsikta frå Stegastein utsiktspunkt i fredfull natur. På grunn av den unike plasseringa og transportsambandet er Flåm eit perfekt utgangspunkt for å utforske vinteraktivitetar på Vestlandet. Her får du både fjell og fjord innanfor ei times reise.

Skap ditt eige eventyr i Flåm. Berre pass på at du avsluttar dagen med noko varmt i koppen ved bålpanna eller peisen på Fretheim Hotel!

Forlag til reiserute – 3 netter

Dag 1:

  • Framkomst Myrkdalen Fjellandsby
  • Sjekk inn på Myrkdalen Hotel for ei nått
  • Middag på Restaurant Nuten

Dag 2:

  • Nyt dagen på ski eller med andre snøaktivitetar i Myrkdalen Fjellandsby
  • Hopp på Fjord & Fjellbussen til Flåm
  • Sjekk inn på Fretheim Hotel for dei to neste nettene
  • Middag i Restaurant Arven

Dag 3:

  • Nyt eit fjordcruise på Nærøyfjorden, som er ført opp på UNESCOs verdsarvliste
  • Nyt utsikta frå Stegastein utsiktspunkt
  • Middag i Restaurant Arven

Dag 4:

  • Sjekk ut frå Fretheim Hotel
  • Ta Flåmsbana til Myrdal, ei av verdas vakraste togreiser
  • Hald fram med tog til Oslo eller Bergen

Ein unik kombinasjon

Historiske Fretheim Hotel

Bu på historiske Fretheim Hotel når du er i Flåm. Hotellet tilbyr nære møte med det beste av lokal kultur, lokale smakar og spektakulær utsikt mot fjord og fjell.

Et middag i Restaurant Arven, som har som mål å gi gjestene ei fantastisk kulinarisk oppleving ved å tilby ein kombinasjon av førsteklasses regionale og sesongbaserte råvarer og eit utmerkt utval drikke.

Fjord & Fjellbussen

Kombiner besøket ditt i Flåm med ein tur til Myrkdalen Fjellandsby, og stå på ski og nyt andre snøaktivitetar i ein av dei mest snøsikre destinasjonane i Norge. Med to daglege avgangar i kvar retning mellom Flåm og Myrkdalen gjer Fjord & Fjellbussen det enkelt å oppleve det beste av fjord og fjell.

Myrkdalen Fjellandsby

Myrkdalen Fjellandsby er ein av dei mest snøsikre destinasjonane i Norge, og er det største skisenteret på Vestlandet. Dei rolege løypene er perfekte for å bygge sjølvtillit på ski for nybegynnaren, medan den meir erfarne kan glede seg over fantastisk snøkvalitet i europeisk toppklasse i breie løyper. Eksperten kan boltre seg i parkane, skicross-løypene og eit fantastisk offpiste-terreng. Anlegget er kjent for offpist-fasilitetane med enkel tilkomst frå skiheisane.

Det er mogleg å leige utstyr frå Myrkdalen Skiutleige, og skiskulen tilbyr både privattimar og gruppetimar på alle nivå i tillegg til snøbrett og langrenn.

Myrkdalen Hotel

Med ski inn ski ut-plasseringa er Myrkdalen Hotel det ideelle overnattingsvalet for ei nått eller to i Myrkdalen. Det moderne hotellet tilbyr eit breitt utval av rom, leilegheiter og hytter.

Mat og drikke er ein viktig del av alle feriar. På Myrkdalen Hotel kan du velje mellom tre restaurantar og to barar. Her finn du noko for alle.

Snøaktivitetar utan ski

Er ikkje ski heilt di greie? Ingen problem. Snøleik er moro for alle, og i Myrkdalen finn du fleire ulike aktivitetar uten ski. Ta siste skiheis opp og bli med på ein adrenalinfylt kjelketur ned dei tomme løypene, prøv deg på ein trugetur, eller bli med på kanefart i det nydelege vinterlandskapet.

Skreddarsydde pakkar:

Vi tilbyr skreddarsydde pakkar som kombinerer spektakulære fjordopplevingar i Flåm med suveren skikøyring og vinteraktivitetar i Myrkdalen.

For å gi deg drøymeferien skreddarsyr vi pakken din frå botnen av. Kontakt oss for å få eit tilbod.

E-post: solvor.dolve@myrkdalenhotel.no