Hopp til innhald

Opplev snø og fjordar

Utforsk hjartet av den norske vestkysten med fjell og fjordar i denne fantastiske vinterkombinasjonen. Opplev snøparadiset Myrkdalen, den UNESCO-oppførte Nærøyfjorden, Flåmsbana og utsiktspunktet Stegastein medan du bur på dei komfortable hotella våre.

Reisa startar ved Myrkdalen Fjellandsby – det største skisenteret i Vest-Noreg. Myrkdalen får tre meter med snø kvart år. Myrkdalen og fjellandsbyen er omgjeve av vakre fjell. I Myrkdalen bur du på det moderne Myrkdalen Hotel – med ski inn / ski ut-tilgang til skiløypene. Nyt skandinavisk skiliv på sitt beste, framifrå skiterreng for alle ferdigheitsnivå og norske fjellandskap i full vinterprakt.

Noko av det som er unikt med Myrkdalen, er at det ligg så nære det vestnorske fjordlandskapet. Ei kort reise tek deg til ein av dei mest naturskjønne fjordane og eit av dei flottaste kulturområda fjord-Noreg kan by på. Berre 35 minutt med bil til den UNESCO-oppførte Nærøyfjorden, kor fjordcruiset ventar på deg. Passasjerskipa våre, hybridfartøyet Vision og heilelektriske Future, sikrar at du får ei miljøvenleg reise gjennom dette verdsarvområdet.

Bu på historiske Fretheim Hotel, med storslegen utsikt over fjorden og fjella frå hotellvindauga. Det neste eventyret ditt startar på hotellet sin dørstokk.

Vi ønskjer deg velkomen til ei vinteroppleving heilt utanom det vanlege.

Skiturar i snødekte Myrkdalen

Skiturar i snødekte Myrkdalen

Familievenlege Myrkdalen ligg på Voss – berre to timar frå Bergen lufthamn, med direktefly frå København, Amsterdam og London. Myrkdalen er eit av dei snørikaste og største skisentra i Vest-Noreg – med familievenlege skibakkar, løyper i alle vanskegradar, terrengparkar, skicrossløyper og flott terreng for fjellski og toppturar.

Vintercruise på Nærøyfjorden

Vintercruise på Nærøyfjorden

Neste dag kan du slappe av og nyte eit fjordcruise gjennom den smale og spektakulære Nærøyfjorden – omgjeven av bratte, snødekte fjell og små, pittoreske bygder som klamrar seg til fjellsidene.

Snødekte Stegastein

Snødekte Stegastein

Det vakre utsiktspunktet Stegastein gjev ei heilt anna oppleving om vinteren. Nyt nordlyset, den friske, kalde lufta og det spektakulære landskapet.