Hopp til innhald
To syklistar på Rallarvegen mellom Finse og Myrdal
Mann og kvinne syklar langs eit vatn på Rallarvegen
Ei kvinne og ein mann kjem syklande på fjellet frå Finse
To personar syklar over ein haug mot eit vatn på Rallarvegen
To syklistar på veg ned frå Vatnahalsen mot Flåm
To syklistar ser ned i Kleivagjelet frå Rallarvegen

Sykle Rallarvegen frå Finse til Flåm

Sykle frå høgfjell til fjord i sommar. Rallarvegen har fleire gonger vorte kåret til Noregs vakraste sykkeltur og er populær blant nordmenn så vel som utanlandske turistar. På denne turen får du alt frå mektig høgfjellslandskap, imponerande ingeniørkunst og vakre Flåmsdalen. Ruta frå Finse til Flåm kan syklast på ein dag. Turen går på grusveg og er relativt lett, så alle med litt sykkelerfaring kan sykle her.

Mann og kvinne syklar langs eit vatn og ein foss på Rallarvegen

Rallarvegen frå høgfjell på Finse til fjorden i Flåm

Rallarvegen har fleire gonger vorte kåra til Noregs vakraste sykkeltur. Og det er ikkje utan grunn, i løpet av ein dag får ein oppleve alt frå fantastisk høgfjellsterreng til den dramatiske Flåmsdalen og Aurlandsfjorden ved Flåm.

Turen startar med togtur til Finse, den høgastliggjande stasjonen i Noreg, deretter syklar du tilbake langs Bergensbana mot Myrdal og vidare langs Flåmsbana ned til Flåm. Fagernut på 1340 moh, mellom Finse og Hallingskeid, er det høgaste punktet på ruta. Her kan det liggje litt snø til og med seint på sommaren, men vegen er vanlegvis farande frå byrjinga/midten av juli. Frå Hallingskeid og Myrdal / Vatnahalsen er det mogleg å sykle tidlegare på sommaren.

Turskilt på Finse som viser distanse til Haugastøl, Flåm og Hallingskeid

Distansar:

  • Finse - Flåm: 53 km, ca. 6 timar
  • Finse - Hallingskeid: 21 km, ca. 3 timar
  • Hallingskeid - Vatnahalsen/Myrdal: 15 km, ca. 1,5 time
  • Vatnahalsen - Flåm: 17 km, ca. 1,5 time
Eit par syklar på Rallarvegen frå Finse

Finse - Hallingskeid

Dette er den lengste delen av ruta på 21 km, og også den einaste med stigning. Her er naturopplevingane og kulturhistoria til å ta og kjenne på, med mektige fjell, fjellblomar i grøfta og handbygde murar og tunnelar. Strekninga mellom Finse og Hallingskeid går fyrst oppover til Fagernut, som på 1343 moh er det høgaste punktet på turen. På Fagernut er det ein gamal vaktarbustad, som var i drift heilt fram til 1964. Dersom kafeen i vaktarbustaden er open, kan du få deg vaffel og kaffi her.

Nyt utsikta til Hardangerjøkulen frå sykkelsetet og send ein tanke til dei som har halde jernbana open heile året i over 100 år.

Foss langs Rallarvegen med to syklistar på veg ned Kleivagjelet

Ein sykkeltur på historisk grunn

Bergensbana opna i 1909, men fyrst i 1974 vart Rallarvegen opna som sykkelveg. I dag syklar tusenvis av nordmenn og internasjonale turistar kvart år den gamle anleggsvegen mellom Haugastøl, Finse, Voss og Flåm.

Bygginga av Bergensbana mellom Oslo og Bergen rundt 1900 er rekna som eit av dei mest utfordrande jernbaneprosjekta i Europa. Før dei kunne ta til med bygginga av sjølve jernbana, måtte det etablerast ein anleggsveg for frakting av materiale til fjells frå Voss, Flåm og Geilo. Det er denne til saman 120 kilometer lange vegen vi kan sykle i dag. Rallar er ei gammal nemning på ein omreisande anleggsarbeidar, oftast svensk eller norsk, og det var dei som i si tid bygde vegen som vart oppkalla etter dei.

Sykkelturen er dermed ikkje berre ei naturskjønn oppleving, men også ei reise i kulturhistoria. Ta deg tid til å studere nokre av bruene og tunnelane langs vegen. Kleivabrua ved Kleivagjelet, mellom Hallingskeid og Myrdal, var ei av dei største utfordringane på jernbaneprosjektet, og den vakre steinbrua med eit spenn på 35 meter er eit flott døme på ingeniørkunst.

Tips: Les Brobyggerne av Jan Guillou før du syklar!

To personar syklar mellom berg på Rallarvegen i retning Vatnahalsen

Hallingskeid - Vatnahalsen

Frå Hallingskeid til Vatnahalsen er det 15 kilometer flate og nedoverbakke. Høgdepunktet på strekninga er Kleivagjelet og utsikta til den flotte Kleivabrua. Vi tilrår ein nistepause med utsikt til elva og brua. Dersom du er usikker på balansen på to hjul eller er redd for høgde, kan du med fordel leie sykkelen forbi gjelet.

Vil du avslutte turen med tog frå Myrdal eller skal sykle vidare til Voss, syklar du opp bakken frå Vatnahalsen til Myrdal stasjon. Skal du til Flåm, held du fram nedover forbi Vatnahalsen Hotel.

To syklistar på veg ned hårnålssvingane frå Vatnahalsen til Kårdal på Rallarvegen

Vatnahalsen - Flåm

Nå står berre sjarmøretappen på 17 kilometer ned til Flåm att. Frå Vatnahalsen er det 21 hårnålssvingar ved sida av elva og fossen ned Myrdalsberget. I botnen kjem du til Kårdal og Rallarrosa Stølsysteri, som er i drift frå juni til september kvart år. Er kafeen open, tilrår vi å unne seg ei svele med fersk geitost her.

Mellom Vatnahalsen og Kårdal har du også høve til å byte ut sykkelen med Flåm Zipline. Skandinavias lengste zipline opna i 2018 og er på heile 1.381 meter, med ein maks fart på opp i 100 km/t. I så fall blir sykkelen frakta ned for deg.

Turen vidare mot fjorden går fyrst på grus, deretter på asfaltert veg. Har ein sykla i ro og fred frå Finse, kan det vere lett å gløyme at Rallarvegen her også er bilveg. Så ta det litt roleg rundt svingane. Frodige og ville Flåmsdalen er ein fin sykkeltur i seg sjølv, og kan syklast tidlegare på året enn resten av Rallarvegen. Vel framme i Flåm leverer du inn leigesykkelen og sjekkar inn på Fretheim Hotel.

Mann og kvinne syklar på eit rett strekke på Rallarvegen med eit vatn i bakgrunnen

Praktisk informasjon

Du skal opp i høgfjellet, og det er ikkje uvanleg at det kan kome ei snøbyge, til og med midt på sommaren. Vi tilrår derfor å ha med godt med klede, gjerne lag på lag i tilfelle det blir varmare når du nærmar deg fjorden.

Det enklaste er å leige sykkel på Finse og levere han tilbake i Flåm. Ein kan også leige i Flåm og ta han med på toget opp til Finse eller ta med eigen sykkel. Hugs at turen til tider går på grov grus, så landevegssykkelen kan du la bli heime.

Ta med godt med mat og drikke til turen. Bestiller du Rallarpakke på Fretheim Hotel kan du lage nistepakke ved frukosten.

Tilrådd aldersgrense er 12 år og oppover, men er borna godt sykkelvane kan også yngre born få ei god oppleving. Å sitje i sykkelvogn på den til tider humpete vegen med grov grus er derimot ikkje ei behageleg oppleving.