Hopp til innhald
Tre smilande born på tur i Myrkdalen med fire vaksne bak
Hovudgata i Vikingbyen i Gudvangen med telt og vaksne og born i aktivitet
Born og vaksne står rundt og syklar på pumptrack i Myrkdalen Fjellandsby
To kvinner går nedover langs ein foss på Vikafjellet
Flåmsbana ved elva i Flåmsdalen, frodig grøn skog og blå himmel
Folk sit og står på taket på ein båt i Nærøyfjorden med utsikt mot grøne fjellsider
To jenter og ein gut hoppar frå ein stein på fjelltur i Myrkdalen

Ta borna med på eventyr til Flåm og Myrkdalen

La borna oppleve fjell og fjord i sommar! Flåm og Myrkdalen ligg berre ein 45 minutts køyretur frå kvarandre midt i Vestland fylke og byr på aktivitetar og store opplevingar for heile familien. Her er det nesten berre fantasien som set grenser for kva slags eventyr ein skal gje seg ut på.

Kvinne og ein liten gut smiler i stolheisen i Myrkdalen på sommaren

Kvifor borna vil elske ein sommarferie i Myrkdalen og Flåm

Ein treng ikkje reise langt for å skape gode minne. Ein ferie mellom fjord og fjell på Vestlandet gjev store opplevingar for heile familien. Kombinasjonen av nokre dagar med fjordopplevingar i Flåm og fjellaktivitetar i Myrkdalen passar perfekt for aktive familiar med born i alle aldrar.

Her kan ein få møte ekte vikingar, finne unike badeplassar eller la seg dusje av ein foss, bli med på fiske- eller stølstur og oppleve ei av dei brattaste jernbanene i verda. Gå på oppdagingsferd langs fjorden og kjenne meistringskjensla på sykkel. Prøve den lengste ziplinen i Skandinavia og ta skiheis til fjells. Bu og et godt på Myrkdalen og Fretheim Hotel.

Lag dykkar eige familieeventyr i Myrkdalen og Flåm!

To jenter i vikingdrakt står ved eit telt i Gudvangen medan to vikingkvinner går med ryggen til på vegen

Dra 1000 år tilbake i tid

Kven har ikkje på eit eller anna tidspunkt vore fasinert av vikingtida? Når du går gjennom portane til vikingbyen Njardarheimr i Gudvangen kjem du ut i ei anna tid. Her blir du møtt av ekte vikingar med langt hår og skjegg som viser deg korleis dei levde i Noreg for 1000 år sidan.

De kan vandre fritt rundt på eiga hand og slå av ein prat med dei de møter på, eller bli med på ei omvising med ein av dei drivne historieforteljarane. Hugs å stikke hovudet innom høvdingehuset, kanskje sit høvding Georg i høgsetet sitt. Og for all del, ikkje dra herfrå før alle har prøvd seg på øksekasting og bogeskyting!

Turtips: Kjøp med niste frå Flåm Bakeri

Dyrdal sett i kveldssol frå Aurlandsfjorden

Opplevingstur langs fjorden

Ein liten køyretur frå Flåm ligg Undredal, ein av stadene Disney brukte som inspirasjon til Arendell i Frozen-filmane. Ikkje berre finn du Noregs minste stavkyrkje og ei sjarmerande, fargerik klynge med hus her, det er også eit fint utgangspunkt for å gå ein tur i fjordkanten.

Frå Undredal kyrkje følgjer de skilt mot Stokko, ein 2 kilometer lang familievenleg tur langs Aurlandsfjorden. Sannsynet for å møte på geiter undervegs er stor - dei er ikkje farlege, berre nysgjerrige. Den store, grøne flata ved Stokko er perfekt for nistelunsj. Her ser de også rett opp på Stigen gard. Ein kan berre fantasere om korleis det var å bu på ein klippe rett over fjorden i gamle dagar.

Turistar står på taket av passasjerbåten i Nærøyfjorden

Båttur på Nærøyfjorden

Når ein fyrst er ved fjorden, må ein nesten på båttur, eller kva? Ta eit fjordcruise gjennom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden på det moderne, elektriske fartøyet Future of The Fjords. Her er det god plass både ute og inne og enkelt å bevege seg på alle nivå, til og med opp på taket. Gangvegane langs båten symboliserer sikksakk-stiane langs dei bratte fjellsidene ved fjorden. Berre med universell utforming, slik at ein lett kan trille både barnevogn og rullestol opp og ned. Hugs å speide etter nise og kobbe undervegs.

Sommardag i Flåmsdalen med Flåmsbana på veg ned og snø på fjelltoppane bak

Flåmsbana og Skandinavias lengste zipline

Ein tur med Flåmsbana er eit must når ein er i bygda. Toget har frakta folk opp og ned Flåmsdalen frå Flåm ved fjorden til Myrdal 867 moh. sidan 1940. Turen på 20 km tek ca. 50 minutt inkludert eit fotostopp ved Kjosfossen. Visste du at dette er ei av dei brattaste jernbanestrekningane i verda?

For familiar med litt eldre born kan det vere gøy å kombinere togturen med Flåm Zipline – Skandinavias lengste zipline på 1381 meter. Då går de av toget på nest siste stopp, Vatnahalsen stasjon. Minimumsvekt for å ta zipline er 25 kg. Frå startpunktet ved Vatnahalsen har de panoramautsikt nedover dalen, og i botnen ligg stølen Kårdal og Rallarrosa Stølsysteri. Når alle har beina godt planta på bakken, tilrår vi å ta ein pust i bakken med ei svele med geitost frå stølsysteriet. Deretter går de nedover dalen til Blomheller stasjon og hoppar på toget tilbake til Flåm. Alternativt kan de leige syklar og sykle ned att siste del av Rallarvegen. Tilrådd alder for sykling er 12 år.

To jenter kastar seg i Myrkdalsvatnet medan kleda ligg att på land

Unike badeplassar

Her er det er god plass til alle, så det er ingen problem å finne plassar å bade utan mange andre. De må av og til berre leite litt. Stranda i Flåm eit sikkert tips. Her er de kanskje ikkje heilt åleine, men ho er enkel å finne og tilrettelagd med toalett i nærleiken. Elva som renn gjennom Flåm like ved stranda er også populær på varme dagar, og den nedste brua kan brukast til hopping for dei som tør. Elles er badelagunen i Aurland sentrum eit anna sikkert val for barnefamiliar.

Vil de bade i hjartet av verdsarven, kan du køyre til Bakka ved Nærøyfjorden. Ein liten avstikkar på vegen mellom Flåm og Myrkdalen. Parker ved stien til Rimstigen. Litt nærare Myrkdalen ligg Oppheimsvatnet, og i den austre enden av vatnet er det strand og flytebrygge.

I Myrkdalen er det elv og fjellvatn som gjeld. Fjelltur og bading høyrer saman, og her er det ingen problem å finne ein stad for seg sjølv. I Sendedalen på Vikafjellet kan de bade dykk gjennom dalen frå vatn til vatn. Det er til og med mogleg å finne små, naturlege strender. Går de tur frå Myrkdalsekspressen til Mørkvesstølen, er det mogleg å bade i små kulpar i elva og i Svortetjødn litt over stølen. Ein litt større kulp finn ein i Myrkdalselva under brua ved Treskjerartunet 3–4 km lenger ned i dalen frå Myrkdalen Fjellandsby.

Turistbåten Future of The Fjords seglar heilt inntil Sagfossen i Nærøyfjorden

Kjenn dusjen frå ein foss

I løpet av ferien til Myrkdalen og Flåm vil du sjå mange flotte fossar. Tek de Flåmsbana ser de heile fire flotte fossar; Brekkefossen, Rjoandefossen, Setsdalsfossen og Kjosfossen. Står du ute på dekk på fjordcruiset på Nærøyfjorden, får du nærkontakt med Sagfossen som stuper fleire hundre meter rett ned i fjorden. På køyreturen mellom Flåm og Myrkdalen kan du køyre inn til botnen av Stalheimskleiva og gå heilt bort til dramatiske Stalheimsfossen som har eit fall på heile 126 meter. Sendefossen på Vikafjell er eit anna alternativ dersom du vil kome så nær at du kjenner vassdropane regne.

Born og vaksne står ved og syklar på pumptrack med Myrkdalen Fjellandsby bak

Bli god på to hjul i Myrkdalen

Myrkdalen Fjellandsby er eit paradis for sykkelglade born. Rett utanfor Myrkdalen Hotel ligg ein 850 kvm stor pumptrack og ei terrengsykkelløype med to grøne og ei blå løype. Den store pumptracken i asfalt består av formasjonar, kuler og svingar, som lærer deg å posisjonere deg på sykkelen og korleis du skaper trykk og fart utan bruk av pedalar. Pumptrack eignar seg for alt frå vanleg sykkel, sparkesykkel og skateboard. Å leike seg her er like moro for dei vaksne.

På sommaren tilbyr dei også nybyrjar- og teknikk-kurs for både born og vaksne kvar dag. Kursa for borna fokuserer på leik og meistring på to hjul, medan dei vaksne får meir øving i teknikk og balanse. Nybyrjarkurset for vaksne passar for dei som er heilt ferske i terrengsykling, medan teknikk-kurset passar for deg med litt erfaring frå sti og terreng.

Har de tenåringar med sykkelerfaring, kan de leige elsykkel og dra ut på tur på stølsvegane til Vetlebotn, Revhaugen eller Bygdadalen. De kan også bli med på Bike & Hike på Vikafjellet, der de syklar med lokalkjend guide til Vikafjellet og går ein stølstur på sti derfrå.

Jente på fisketur i Myrkdalen held opp to aurar

Familievenleg fisketur

Dei fire fjellvatna i Sendedalen på Vikafjellet nord for Myrkdalen er ikkje berre fine å bade i, dei er også perfekte for ein fisketur med heile familien. Rett nedanfor parkeringsplassen ligg Vetlavatnet, men vil de gå litt fyrst, kjem de snart til Lars-Ola vatnet. Deretter er det Kringlavatnet, og Inst i den lettgåtte dalen ligg Holmavatnet.

Kvar dag i sommar er det mogleg å bli med på ein familievenleg fisketur til Vikafjellet. Då får de med guide og fiskeutstyr, og gruppa bestemmer om turen blir på 2 eller 10 kilometer t/r. Turen blir avslutta med grilling av fangsten.

To jenter og ein gut går i grønt gras med to menn i bakgrunnen

Til fjells med skiheis

Startar de turen med skiheisen frå sentrum i Myrkdalen, kan alle bli med til fjells. Myrkdalsekspressen tek deg opp til 860 moh, derifrå er det eit utval turar å velje mellom. Gå ned til koselege Mørkvesstølen med utsikt over Myrkdalsvatnet og vidare opp til Svortetjødn for eit bad. Er de spreke, tek de turen til Finnbunuten 1358 moh som har panoramautsikt over Stølsheimen, Myrkdalen og fjordlandskapet rundt. For familiar er det også natursti på stien mellom Vetlebotn og Helgatun – med premiar til alle!

Fretheim Hotel i Flåm på ein lettskya sommardag med blømande bed i hagen

Overnatting som passar familiar

Bu godt på Fretheim Hotels romslege familierom i Flåm. Her er det plass til familien på fire med dobbeltsenger og køyeseng. Alternativt kan de reservere ein juniorsuite med sovesofa, matbord og balkong eller uteplass. Den fine hagen er ein fin plass å slappe av for både store og små, og like ved hotellet er det ein inngjerda leikeplass for dei minste.

I Myrkdalen kan de velje mellom hotellrom på Myrkdalen Hotel, hytte eller leilegheit. Kanskje passar det fint med sjølvhushald etter nokre netter på hotell i Flåm? Hyttene og leilegheitene ligg i gangavstand til Myrkdalen Hotel, så det er ingen problem å ta middagen i restaurant Tunet etter sykkelmoro på pumptracken sjølv om de vel hytte.

Ynskjer de å ha med hunden på ferie, er det mogleg i nokre av hyttene og leilegheitene i Myrkdalen og mot eit lite tillegg i pris på Fretheim Hotel. Ta kontakt for meir informasjon.