Hopp til innhald

Utforsk Ålesund, Hjørundfjorden og den UNESCO-lista Geirangerfjorden

På veg mot Sunnmøre har du moglegheit til fleire opplevingar i den arkitektonisk flotte byen Ålesund, med spektakulære fjordopplevingar som Geirangerfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste, og den imponerande Hjørundfjorden. Her finn du ein guide til korleis du kan utforske desse områda på best mogleg måte:

Start reisa i Ålesund

Ålesund er omgjeve av hav, fjell og utallege øyer. Det er ein pulserande by med flott arkitektur, imponerande utsiktspunkt og ei rekke utandørsaktivitetar. Byen er eit perfekt utgangspunkt for å oppleve nokon av dei vakraste fjordane i verda. Blant anna Hjørundfjorden og den UNESCO-lista Geirangerfjorden. På fjordcruiset frå Ålesund til Øye via Hjørundfjorden seglar du gjennom urørt natur i eit dramatisk og variert fjordlandskap med rik historie. Frå Øye kan du fortsetje turen til Hellesylt, der du kan reise på fjordcruise til Geirangerfjorden som står på UNESCO si verdsarvliste.

 

Ein av dei vakraste byane i Norge

Ålesund er kjent som ein av dei vakraste byane i Norge. Etter at byen brann ned i 1904 vart den bygd opp att i Jugendstil. Arkitekturen i byen gjer den populær hjå alle som er interessert i design.

Når du utforskar dei sjarmerande og historiske gatene i sentrum, må du setje av tid til å nyte eit godt fiskemåltid. Alesund er tross alt Norges fiskehovudstad, med tilgang til sjømat av høg kvalitet hele året. Ein klassisk krema fiskesuppe i sola ved Brosundet er alltid ein god idé!

Ved Alesund finn du både enkle og meir utfordrande turmoglegheiter. Ein av dei best tilrettelagte turstiane går til Fjellstua på byfjellet Aksla. Utsiktspunktet har ein eineståande panoramautsikt over byen. For å koma deg til utkikspunktet på Aksla kan du anten gå dei 418 trappetrinna frå byparken eller køyre opp med bytoget eller med bil. Veljer du trappene, er det fleire hyggelege plassar du kan stoppe for å ta ein pust i bakken eller sikre deg ein selfie. Og med denne utsikta som belønning er det heilt klart verdt turen:

Opplev den UNESCO-lista Geirangerfjorden

Frå Øye kan du velke å ta fjordcruiset tilbake til Ålesund, eller du kan reise vidare til den UNESCO-lista Geirangerfjorden via buss frå Øye til Hellesylt. På veg til Hellesylt køyrer du "Dronningruta" gjennom Norangsdalen, ein av dei trangaste dalføra i Norge. Dalen har ein rik kulturhistorie og praktfull natur.

Når du kjem til Hellesylt, kan du ta eit fjordcruise til Geiranger gjennom den berømte Geirangerfjorden. Geirangerfjorden er ein 15 kilometer lang arm av Storfjorden, og eit av dei mest populære reisemåla i landet. På grunn av det vakre og uberørte landskapet kom Geirangerfjorden på UNESCO si verdsarvliste, saman med Nærøyfjorden. Når du tar ein ferjetur på fjorden kjem du nær dei bratte fjellsidene og dei brusande fossane. Ferja seglar nær fossar som Brudesløret, Friaren og De syv søstre - sju fossar med ein gjennomsnittleg høgde på 250 meter.

Ei reise gjennom Sunnmøre gjev deg eit minne for liver, med noko av det mest imponerande fjordlandskap i Norge og i verda.

Hjørundfjorden

Ord vert fattige. Over Øye, inst i Norangsfjorden, ser du den spisse og majestetiske fjelltoppen Slogen.

Utforsk flotte Hjørundfjorden

Etter eit opphald i Ålesund, anbefaler vi at du set kursen mot fjordane. Om sommaren går fjordcruiset frå Ålesund til Øye fleire gongar dagleg. På fjordcruiset frå Ålesund til Øye, gjennom Hjørundfjorden, får du sjå nokon av dei vakraste fjord- og fjellpartia i Norge. Dei ruvande og bratte Sunnmørsalpane omgjev fjorden, og dei forrevne fjella strekker seg opp mot 1700 meter over fjorden. Det er eit eldorado for turgåarar og skigåarar. Eit flott syn er det uansett korleis du vel å oppleve det vakre landskapet.

Ei av dei idylliske bygdene langs fjorden er veglause Trandal, med færre enn ti innbyggjarar. Her har du moglegheit til å gå av båten og besøke Christian Gaard Bygdetun, ein gammal gard som har fått vertshus, pub, restaurant og ein musikkscene. Utsikta mot Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden kan ta pusten frå dei fleste.

Størrelse på bygda skremmer ikkje eigarane av Christian Gaard frå å arrangere store musikkfestivalar kvar sommar. Store internasjonale og nasjonale artistar som The Blues Brothers og Adam Douglas har latt seg forføre av det mektige landskapet og stemninga på Trandal.

 

Mektige fjell over idylliske Øye

Hopp på neste båt og segl forbi bugda Sæbø, før du fortset inn Norangsfjorden, ein arm av Hjørundfjorden. Inst i fjorden ligg Øye, som er målet for fjordcruiset. Få med deg eit besøk på legendariske Hotel Union Øye, eit historisk hotell frå 1891 med unik stil. Frå Øye kan du sjå den mektige fjelltoppen Sloge, som ruvar over hotellet og den sjarmerande bygda. Er du i god form og har erfaring med å gå i fjellet, kan du ta ein tur til toppen av Slogen. Eventuelt fins det óg enklare fjellturar i området. Belønninga på toppen er storslått panoramautsikt over Sunnmørsalpane og fjordane. Men det dramatiske landskapet kan vera like spektakulært frå fjorden som frå fjellet.