Hopp til innhald
To kvinner går nedover ved sida av ein buldrande foss
To tog møtest i Flåmsdalen teke frå vindauge på Flåmsbana med turistar i vogna
Jente held opp to fiskar ved eit fjellvatn
Folk ser på utsikta over Aurlandsfjorden frå Stegastein utsiktspunkt
EI gruppe vikingar med både vaksne, born og ein hund i Vikingbyen i Gudvangen
Elektrisk båt passerer Undredal i Aurlandsfjorden

Utforsk dei mest populære aktivitetane i Flåm og Myrkdalen

Dei mest populære aktivitetane i Flåm og Myrkdalen spenner frå vikingbesøk til el-sykkeltur til fjells. Det som samlar desse høgdepunkta, er at dei, med nokre variasjonar, passar for dei fleste.

Flåm og Myrkdalen tilbyr mange populære aktivitetar

Anten du skal på ferie med familien eller venegjengen, søkjer ro eller action, eller er mest interessert i historie, vil du finne noko som freistar blant høgdepunkta i Myrkdalen og Flåm.

To tog møtest i Flåmsdalen på ein lettskya sommardag

Noregs mest spektakulære togreise - Flåmsbana

Har ein eigentleg vore i Flåm dersom ein ikkje har teke Flåmsbana? Den 80 år gamle jernbana er ein av juvelane i Flåm og ein av dei mest besøkte attraksjonane i Noreg. Anten du er togentusiast eller ikkje, vil du uansett bli imponert. Anten på grunn av den utruleg vakre Flåmsdalen med sine bratte fjellsider, fossefall og turkise elv, eller på grunn av den bratte stigninga, tunnelen som svingar 180 gradar med utsikt til dalen frå begge sider og det faktum at 18 av dei 20 tunnelane er bygde for hand.

Flåmsbana kan opplevast som ein del av togreisa til eller frå Flåm, på ei tur/retur reise frå Flåm eller berre opp for så å sykle, gå eller ta Flåm Zipline ned att.

Ein mann med hatt tek bilete frå øvre dekk på båten på Nærøyfjorden, medan andre nyt utsikta nedanfor.

Fjord Cruise Nærøyfjord – verdsarven på nært hald

Fjorden er den andre verkelege juvelen i Flåm-området. Eit fjordcruise mellom Flåm og Gudvangen tek deg gjennom både Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden i løpet av to timar. Nærøyfjorden og det omkringliggjande fjordlandskapet står på verdsarvlista til UNESCO på grunn av sitt særeigne og urørte landskap.

Det elektriske fartøyet Future of The Fjords og hybriden Vision of The Fjords, som køyrer på batteri i Nærøyfjorden, lèt deg ta inn naturen utan bakgrunnsstøy. Begge båtane har eit moderne design, med store vindauge som gjev deg full utsikt også frå salongane inne.

EI gruppe vikingar med born og ein hund i Vikingbyen i Gudvangen

Dra 1000 år tilbake i tid i Vikingbyen Njardarheimr

Viking Valley i Gudvangen opna kanskje så seint som i 2017, men når du går gjennom porten, kjennest det verkeleg som å kome ut i ei anna tid. Du blir møtt av ekte vikingar, eller i alle fall folk som lever som vikingar heile eller delar av året. Dei bur i byen og utøver handverk med originale metodar. Stikk du hovudet innom smia i utkanten, får du sjå smeden i gang med eit beslag som skal brukast på bygga eller kanskje til og med eit sverd, litt lenger inne i byen får du kanskje sett nokon farge garn med naturlege ingrediensar. Historieforteljarane tek deg med på ei reise gjennom byen og historia, og gjev god innsikt i korleis vikingane faktisk levde.

Pass på å ikkje dra derifrå før du har prøvd deg på øksekasting eller bogeskyting!

Turistar på og ved utsiktspunktet Stegastein over Aurlandsfjorden

Nyt utsikta frå utsiktspunktet Stegastein

Ein tur oppom Stegastein langs Snøvegen mellom Aurland og Lærdal er eit anna «must» når ein er i Flåm. 650 meter over Aurlandsfjorden stikk utsiktspunktet 30 meter rett ut i lufta. Gamlevegen mellom Aurland og Lærdal er ein Nasjonal turistveg og blir populært kalla snøvegen, og du kan nok tenkje deg til kvifor.

Sjølve utsiktspunktet vart ferdigstilt i 2006 og er designa av Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen. Herifrå har ein panoramautsikt over Aurlandsfjorden, ned på Aurlandsvangen og det flotte fjordlandskapet med bratte fjellsider. Du kjem deg hit med eigen bil eller på ein 1,5 times audioguida tur frå Flåm.

To kvinner går nedover langs ein foss på Vikafjell

Kombinert sykkel- og fjelltur

Både sykkel og vandring er gode måtar å utforske eit område på, og kva er vel betre enn å kombinere dette? Frå Myrkdalen sentrum er det fint å sykle oppover mot Vikafjell, der det er flust av høgfjellsturar å velje mellom. To fine alternativ er å sykle til enden av Kvassdalen og gå opp Grungagjelet og vidare inn til stølane ved Vetle Grungen, eller hald fram opp hårnålssvingane på Vikafjellsplatået og gå langs dei fem fjellvatna i Sendedalen. Tips! Med elsykkel sparer du energi til vandringa.

Tråkk i veg på eigen sykkel eller leig ein frå Myrkdalen. Vil du få med lokal kunnskap og betre kjennskap til området i same slengen kan du bestille ein guida tur Vetle Grungen.

Rosina i pølsa når det kjem til bike & hike i området, er ein tur til Breiskrednosi over Nærøyfjorden. Du byrjar med fjordcruise frå Gudvangen til den vesle bygda Dyrdal, derifrå går turen på elsykkel på grusveg oppover i fjellet til vegen endar og vidare til fots til toppen. Betre utsikt får du nesten ikkje!

Ein familie sit i stolheisen på veg til fjells i Myrkdalen

Ta stolheisen Myrkdalsekspressen til fjells

Den første motbakken er ofte den tøffaste, og kven har ikkje på eit eller anna tidspunkt ynskt seg ein heis som berre kunne ha frakta ein opp? Og nettopp det kan du få i Myrkdalen. Stolheisen Myrkdalsekpressen tek deg frå Myrkdalen Hotel til Ondrahaugen på 860 moh på nokre få minutt! Derifrå kan du gå i alle retningar. Topptur til Finnbunuten, stølstur til Mørkvesstølen eller ta naturstien for familiar nedover stien frå Vetlebotn til Helgatun.

Eller kanskje du berre vil ta stolheisen ned att også? Det er definitivt ei oppleving det òg.

Tenåringsjente held opp to aurar på fisketur på Vikafjellet

Prøv fiskelukka i Myrkdalen

Tenk å fange sin eigen middag i løpet av ferien! Å kjenne at det nappar i fiskesnøret er ei herleg kjensle, både for stor og liten, og det er mange elvar og fjellvatn å prøve fiskelukka i og rundt Myrkdalen. Ta heile familien med på tur til Sendedalen på Vikafjell, der stien går langs fjellvatn som er like fine til fiske som til bading.

Kunne du tenkje deg å prøve å fiske med fluger, har du ein unik sjanse til å bli med på kurs med Ingvild Aurdal, ei av dei beste flugefiskarane i landet, i juli og august. For deg som alt har fiska ein del, har ho også kurs kvar veke for dei erfarne i same tidsrom.

Ein liten gut syklar over eit hinder i terrengsykkelløypa i Myrkdalen

Familievenleg terrengsykling

Sykkel er moro, og endå gøyare er det når ein meistrar ulendt terreng og ulike hinder ein møter på. Myrkdalen er perfekt for familiar som ynskjer ein aktiv ferie. Her er det berre å sleppe seg sjølv og borna laus på den 850 kvm store pumptracken og i dei tilrettelagde stiane ved Myrkdalen Hotel.

I heile sommar er det kvar dag mogleg for både born og vaksne å delta på nybyrjar- og teknikk-kurs i terrengsykling. For borna er det fokus på meistring og leik på to hjul, medan dei vaksne får lære grunnleggjande teknikk for turar i terrenget.