Hopp til innhald

Utforsk den frodige Flåmsdalen

Naturen i Flåmsdalen mellom Flåm og Myrdal er ei storslått blanding av fargar, frodig natur, brusande fossefall, krystallklare elvar og kulturhistorie. Nedanfor finn du nokre tips som viser deg korleis du kan utforske dalen og oppleve den på eiga hand.

Eit par kikar ut igjennom glaset idet Flåmsbana passerer ei elv med stor stein i midten

Med verdas vakraste togreise

Med Flåmsbana, verdas brattaste og vakraste togreise, stig du frå null til 867 meter over havet på ein time, gjennom spektakulære Flåmsdalen. Reisa som startar i Flåm og ender i Myrdal, tek deg gjennom mektige fjell, frodig natur og brusande fossar med bratte fall. Frå Flåmsbana kan du sjå blant anna Kjosfossen, Kårdalsfossen, Rjoandefossen og Brekkefossen. Toget har eit kort stopp ved Kjosfossen, der du kan gå ut og ta bilete på nært hold.

Om våren og hausten kan du også reise gjennom ulike årstider på vei opp fjellet. Om våren reiser du frå blomstringa i Flåm til det snødekte landskapet i Myrdal. Om hausten ser du alle dei sterke fargane som går over i ulike gulfargar langs vegen. Kanskje er du så heldig at du får sjå det første snøfallet i fjella.

To syklistar på grusveg ned rallarvegen i Flåmsdalen

På sykkel

Ved å leige sykkel får du oppleve naturen i Flåmsdalen på nært hold. Dei fleste føretrekk å ta Flåmsbana opp til Myrdal og så sykle tilbake til Flåm, sidan ein sykkeltur frå Flåm og opp til Myrdal er svært bratt og utfordrande. Men det er også hyggeleg å sykle frå Flåm til gamle Flåm sentrum, forbi Flåm kyrkje, og følge vegen ved elva så langt du ønsker og orkar. Frå Flåm til Berekvam, halvvegs opp til Myrdal, er sykkelvegen asfaltert. Frå der er det grusveg.

Du kan leige sykkel både i Flåm og Myrdal. Merk: Sykkelsesongen frå Myrdal er normalt frå juni til oktober. Ruta krev noko erfaring med terrengsykling.

På toppen av Flåmsdalen i vakre haustfargar djupe dalar og fjell i bakgrunnen

Gå tur i dalen

Eit anna alternativ er å utforske Flåmsdalen til fots. Du får mest ut av turen ved å ta Flåmsbana til Vatnahalsen eller Myrdal og gå tilbake igjen.

Stopp for å sjå den flotte utsikta, dei mange fossane og det krystallklare vatnet undervegs. Ta deg gjerne tid til å smake på bekkevatnet eller kjøle føtene i det! På Rallarrosa Stølsysteri i Kårdal kan du også ta deg ein lang og god pause for å smake på den lokalproduserte geitosten – eller ta ein selfie med geitene. 

Hårnålsvingar ned Myrdalsberget i Flåmsdalen sett ovanfrå om sommaren på ein solrik dag

Kulturminne og spektakulær natur

Vegen ned Flåmsdalen har ei rik kulturhistorie. Vegen frå Myrdal til Flåm gjennom Flåmsdalen utgjer dei siste 20 kilometerane av Norges mest spektakulære sykkelrute, Rallarvegen. Rallarvegen er den gamle anleggsvegen frå bygginga av Bergensbanen seint på 1800-tallet.

Eit høgdepunkt på turen er Myrdalsberget, der vegen bukter seg med 21 hårnålssvingar. Etter denne strekningen kjem du straks til Rallarrosa stølsysteri i Kårdal. Den tradisjonelle stølen er ein perfekt stad for ei pause og for å smake på den heimelaga geitosten.

Dei fleste gardane i dalen fantes lenge før jernbana og bilvegane kom, og dei er fortsatt i drift året rundt. Halvvegs ned dalen kan du sjå jettegryta ved Berekvam. Deretter går turen langs Flåmselva til du kjem til gamle Flåm sentrum og Flåm kyrkje frå 1667.

Person 'flyg' nedover Flåm Zipline med svingane og fossane i Myrdalsberget som bakgrunn

Skandinavias lengste zipline

Kombiner Flåmsbana enten ved å gå eller sykle Flåmsdalen med Skandinavias lengste zipline. Flåm Zipline garanterar ein adrenalinfylt oppleving med sine 1381 meter.

Ziplinen startar på Vatnahalsen (820 moh) og ender ved Rallarrosa Stølsysteri i Kårdalen. Herfrå kan du enten leige sykkel eller gå tilbake til Flåm, eller du kan gå til Blomheller stasjon og hoppe på det neste toget.

Veiskilt i tre på toppen av Flåmsdalen som viser veg i forskjellige retningar

Terreng og varigheit

Turen frå Myrdal til Flåm er 20 kilometer lang. Om du er ein uerfaren syklist eller ikkje er vant til å sykle på grusunderlag, anbefaler vi at du går.

Ta deg god tid, bruk passande klede og sko, ta med mat og drikke og nyt den fantastiske dalen! Syklistar bør beregne 1–4 timer, avhengig av erfaring. Tek du turen til fots, bør du sette av rundt fem timar.