Hopp til innhald
Elektriske Future of The Fjords seglar stille på Nærøyfjorden
Vandrarar på postvegen frå Styvi til Bleiklindi på kultiverte jorde
Turistar nyt utsikta mot Bakka frå båttaket ute på Nærøyfjorden
Born og vaksne i vikingdrakter ved autentiske telt i Gudvangen
To syklistar på grusvegen i Dyrdal ved blømande syrin
Trehusbusetnaden i Undredal sett frå Aurlandsfjorden
Geit står på ein stein over elva i Undredal
Kvinne sit i vindaugskarmen på Future of The Fjords i Aurlandsfjorden

Utforsk Nærøyfjorden frå eit fjordcruise

Ro ned og pust ut. Om bord på Fjord Cruise Nærøyfjorden kan du lene deg tilbake og nyte utsikta til verdsarvfjorden, dei koselege små bygdene og den spektakulære naturen. Eller du kan gå av undervegs for å utforske området på nært hald. Den korresponderande skyttelbussen tek deg attende til utgangspunktet, anten du startar i Gudvangen eller Flåm.

Turistar beundrar utsikta mot Bakka frå fjordcruise på Nærøyfjorden

Utforsk Nærøyfjorden frå eit fjordcruise

Nærøyfjorden er ein av dei fjordane ein faktisk må ta båt for å oppleve skikkeleg. Ein av hovudgrunnane til at fjorden står på UNESCO si verdsarvliste, er nettopp det at han er så urørt. Den smale fjorden, omringa av høge, bratte fjell verkar nærast slik han gjorde for 50 eller 100 år sidan. Om bord på den moderne, elektriske båten har du panoramautsikt anten du sit inne eller er ute på dekk. Du seglar forbi dei små bygdene Bakka, Tufte, Styvi og Dyrdal langs Nærøyfjorden. På dei to siste har du høve til å gå av for å utforske både natur og kulturhistorie på nært hald.

På eit 2 timar langt Fjord Cruise Nærøyfjorden får du ikkje berre sett éin fjord. Du får også oppleve vakre Aurlandsfjorden, som er ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. På veg til eller frå Flåm har du god utsikt til Stigen gard der han klamrar seg fast på ei fjellhylle, pittoreske Undredal som var inspirasjon til Disney’s Arendelle i Frozen-filmane og Aurlandsvangen som er kommunesentrum i Aurland. Bestiller du Nærøyfjorden rundtur, tek ein skyttelbuss deg tilbake til startpunktet anten du gjekk om bord i Gudvangen eller Flåm. 

Heilelektrisk passasjerbåt på Nærøyfjorden

Opplev stilla

Nærøyfjorden er heilt fri for bil- og maskinstøy. Her er det naturen som rår, og kva passar vel betre enn å nyte han frå eit stillegåande elektrisk fartøy? Future of The Fjords var det første av sitt slag i verda då han kom i 2018. Ein heilelektrisk båt laget i karbonfiber, designa for at passasjerane skal kunne ta inn naturen til fulle. Han glir gjennom fjorden utan ein lyd, på vinteren er det tynne islaget som bryt, det einaste du kan høyre. Det delikate skandinaviske interiøret og dei takhøge vindauga overlèt merksemda til landskapet utanfor. 

Turistbåten Future of The Fjords seglar inntil Sagfossen i Nærøyfjorden

Spektakulære fossar

Flotte fossefall kastar seg utfor dei bratte fjellsidene langs både Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Spesielt vakkert er dette under snøsmeltinga i mai og juni. Då dukkar det opp store og små fossar i fritt fall kvar du enn ser. Den mest spektakulære av dei er Sagfossen, ytst i Nærøyfjorden, med eit totalt fall på 575 meter. Står du ute på dekk, kan du kjenne vassdropane sprute når båten forsiktig tek seg heilt inntil.

Ei gruppe går på ein gamal oppbygd sti ved Nærøyfjorden

UNESCO verdsarv på nært hald

Frå fjorden ser du tydelege teikn på den gamle jordbrukskulturen her. I motsetnad til dei fleste andre stader, vart landbruket her aldri industrialisert på same måte. Bøane og tuftene som ein gong vart opparbeidde for hand, ligg slik dei gjorde den gongen, og det same gjeld for utmarka. Det er ikkje til å unngå at ein sender ein tanke til dei bøndene som ein gong slo seg ned her og gjekk i gang med det imponerande arbeidet med å dyrke under dei stupbratte, rasutsette fjellsidene. Bilveg kom det heller aldri hit.

Det er nettopp denne kombinasjonen av det røffe, dramatiske landskapet, kulturhistoria og det urørte jordbrukslandskapet som har sett fjorden på UNESCO si verdsarvliste.

Dyrdal – bygda med éin innbyggjar

Den første bygda ein kjem til på veg inn Nærøydalen, har vore busett sidan mellomalderen, og ein har skriftlege kjelder som viser til at dei klarte seg gjennom Svartedauden. Tidlegare var det eit levande bygdesamfunn med både skule og sjukestove, men i dag bur det berre éin mann her. På grunn av verdsarvstatusen blir både bygningar og kulturlandskap haldne ved like, og om sommaren fraktar dei sauer med båt frå andre stader langs fjorden for å beite.

Går du av båten på Dyrdal, kan du gå grusvegen oppover mot den øvste garden Drægo og vidare til stølen Hjølmo, 5 km frå fjorden. Vil du gå lenger, er alternativa mange, nokre kilometer lenger inn i fjellet ligg stølen Vassete. Vidare kan ein gå heilt til toppen Breiskrednosi som gjev fantastisk utsikt ned i fjorden. Dette var den gamle ferdselsvegen mellom Dyrdal og Jordalen og vidare til Stalheim. Det er mogleg å bestille ein guida elsykkel- og vandretur frå Dyrdal til Breiskrednosi, kombinert med båtturen frå Flåm.

Ei gruppe vandrarar går på gammal sti ved ein foss i Nærøyfjorden

Den Kongelege Postvegen

Går ein av fjordcruiset på den gamle postgarden Styvi, på motsett side av fjorden frå Dyrdal, kan ein gå tur på historisk underlag. Her går delar av den Kongelege Postvegen, som vart brukt vinterstid frå midten av 1600-talet for å frakte posten til Styvi når det var usikker is på fjorden. Derfrå rodde bøndene posten vidare til Lærdalsøyri. I 1858 tok dampbåtane over postruta. I dag er vegen ein lettgått tursti på ca. 5 km ein veg frå Styvi til Bleiklindi, tvers over fjorden for Bakka. Ein må gå same veg tilbake og hoppe på båten til anten Flåm eller Gudvangen.

Ei vikingkvinne står i inngangsporten til vikingbyen i Gudvangen

I fotefara til vikingane

Det er funne gjenstandar som viser til samband mellom Sognefjorden og Irland i vikingtida. Fleire stader i Sogn er oppkalla etter norrøne gudar, og somme meiner Nærøyfjorden er oppkalla etter Njord, guden for sjøfart. På Holmo utanfor Bakka ser ein restar etter vikinggraver og i Gudvangen, gudane sin stad, finn ein i dag eit levande vikingmiljø. Kombiner eit fjordcruise på fjorden med besøk i den autentiske landsbyen Njardarheimr. Her vil du både få sjå og lære om livet for 1000 år sidan, og ikkje minst snakke med menneska som lever som vikingar.

Den vakre Aurlandsfjorden

Halve fjordcruiset går føre seg på Aurlandsfjorden til eller frå Flåm, som ligg heilt i enden. Frå dekk eller gjennom vindauga som strekkjer seg frå golv til tak inne i salongane på båten, har du panoramautsikt til også denne vakre fjorden.

Du seglar forbi Stigen gard. Der verkeleg ingen skulle trudd at nokon kunne bu, men som i dag er bed & breakfast med 14 sengeplassar. Ha kameraet klart til du kjem til Undredal med den dramatiske Undredalen bak. Den vesle fjordbygda har ein sjarmerande trehusbusetnad og den minste stavkyrkja i landet, og ei mengd geiter. Geitosten har sett Undredal, som var veglaus fram til 1988, på kartet. Et du på Fretheim Hotel, er det gode sjansar for å få ein smak – til og med til dessert.

Båten kan leggje til både i Undredal og i Aurlandsvangen. Aurlandsvangen er den største tettstaden i kommunen og kan blant anna skilte med Noregs einaste skofabrikk, Aurlandskoen, utsiktspunktet Stegastein 650 meter over fjorden og det nyopna Hotel Aurlandsfjord.

Geit på sommarbeite i Undredal ved Aurlandsfjorden

Dyreliv ved fjorden

Frå fjordcruiset er det svært sannsynleg at du ser dyreliv langs land eller i vatnet. Det aller artigaste er når det dukkar opp spekkhoggarar som leikar seg i fjorden. Niser kan ein også få auge på når dei hoppar over vassoverflata. Størst sjanse har ein derimot for å oppdage kobbar som varmar seg på steinane i Nærøyfjorden. Vår, sommar og haust kan du sjå dei lokale fjellklatrarane, også kalla geiter, på jakt etter gras og lauv i bratte fjellsider og steinknausar. Visste du at geita også prydar kommunevåpenet til Aurland?