Hopp til innhald

Vintermarknad i Flåm

Vintermarknaden i Flåm finn stad helga 7. - 8. desember frå 10.00 - 14.00. Kom i julestemning og handle julegåvene frå lokale seljarar. I borna sitt hjørne kan dei minste få gratis ansiktsmaling, og sjølvsagt stikk nissen innom med ei lita overrasking.

Velkommen til Vintermarknad

For andre år på rad inviterer vi til ein koseleg vintermarknad i Flåm. Her passer vi på at du kjem i skikkeleg julestemning med julebelysning og -pynt både inne og ute, tradisjonell mat og drikke og underhaldning ved eit lokalt kor.

Vintermarknad i Flåm 2019

  • Laurdag 7. desember 10.00 - 14.00
  • Sundag 8. desember 10.00 - 14.00

Familiearrangement i Bakkastova

  • Laurdag 7. desember 14.00 - 17.00

Familiejulebord på Fretheim Hotel

  • Sundag 8. desember 14.00 - 17.00

Aktiviteter for borna

Ein skikkeleg vintermarknad skal vera moro for alle. Medan dei vaksne kosar seg med julegåvehandel, kan borna få gratis ansiktmaling og helse på nissen i Barnas Hjørne.

Lokalt handtverk og gåvekort

Treng du perfekte gåva til den som har alt? Eller rekk du ikkje å bake alle sju sortane før jul? Ingen grunn til bekymring. På vintermarknaden finn du lokale produsentar og bedrifter som tilbyr handtverk, kunst, mat & drikke og gåvekort til aktivitetar og arrangement.

Jul i Bakkastova

Når vintermarknaden stenger laurdag 7. desember, ynskjer nissen familiar velkommen til ein hyggjeleg ettermiddag i Bakkastova frå kl. 14.00 - 17.00.

Familiejulebord på Fretheim Hotel

Det årlege Familiejulebordet på Fretheim Hotel finn stad sundag 8. desember frå kl. 14.00. I tillegg tiil den rikhaldige julebuffeten, vil det vera konsert med Voss Guttekor, juletregang og juleverkstad for borna. Kanskje dukkar nissen opp her også? Bestill julebord for familien.